«Med hjertet for diabetes type 2»

«At the heart of diabetes»

Reklame/ innlegg i samarbeid med Medical Digitals – Boehringer Ingelheim

Rundt 425 millioner voksne mennesker i verden lever med diabetes. Diabetes type 2 er den vanligaste formen og står for 90-95% av alle tilfeller. Antallet forventast å øke til 629 millioner mennesker innen 2045.

At en diagnose som diabetes type 2 rammer så mange mennesker er vanskelig å fatte. Og når man får muligheten til å kanskje utgjere ein liten forskjell i sitt land, så er det klart ein ønsker det.

Boehringer Ingelheim er eit legemiddelselskap som no har ein opplysningskampanje i 8 ulike land, der eg er så heldig og får vere ein av Norge sine stemmer via bloggen min. Det er fleire grunner til at eg sa ja til dette:

→ Eg har ein Bachelor i Samfunnsernæring og veit kor utbredt denne folkesjukdommen er. Eg veit også godt kor mykje overvekt, kosthold og fysisk aktivitet påvirker diabetes type 2.

→ Veldig mange av de som følger meg har sjølv diabetes, eller er pårørande til nokon med diabetes. Dette får eg tilbakemeldinger på kvar einaste veke, og spesielt mine sukkerfri oppskrifter blir tatt ekstra godt imot hos dokke.

→ Eg har sjølv familie/venner/bekjente med diabetes, og har sett sjukdommen på veldig nært hold sjølv. Ein får eit heilt anna syn på ein sjukdom når ein person du virkelig bryr deg om får denne diagnosen.

Målet mitt med denne kampanjen er å skape oppmerksomhet rundt diabetes type 2. Kva symptomer er det? Korleis kan ein som person forebygge diabetes type 2? Kva risikoer er knytta til diabetes type 2? Korleis håndtere diabetes type 2? 

Kampanjen går over fleire måneder med ulike faser i fokus. Eg skal dele totalt 3-4 innlegg med dokke, og i dette første innlegget er målet å skape bevissthet rundt symptoma på diabetes type 2. Hugs ein ting når du leser dette innlegget og innlegga framover: det er ikkje sikkert du er i faresonen sjølv, men kanskje ein av dine nærmaste er det♥

Typiske symptomer på diabetes type 2 er blant anna:
→ Trøtthet
→  Tørste
→ Hyppige toalettbesøk
→  Kløe
→  Synsforstyrrelser
→  Dårlig sårtilheling
→ Infeksjon i huda eller soppinfeksjon i underlivet

Symptomer på diabetes type 2 utvikler seg over måneder til år. Når utviklinga skjer så gradvis, så er det mange som lærer seg å leve med plagene. Nokre tolker plagene som vanlige tegn på aldring, og det kan derfor gå lang tid før diagnosen stillast.

Men, vit at diabetes type 2 er ein komplisert sjukdom som krever individuell tilnærming. Som de også kan sjå så er symptoma noko diffuse, og det kan vere vanskelig å skille symptoma frå heilt ubetydelige, menneskelige plager. Det sikraste du uansett kan gjere om du eller ein av dine nærmaste har symptom på diabetes type 2, er å kontakte fastlegen din for en sjekk. Jo tidligare du sjukdommen blir oppdaga, jo meir kan ein gjere for å betre helsetilstanden♥

Les gjerne meir om symptomer og fyll ut ei sjekkliste HER!

«Med hjertet for diabetes type 2 – At the heart of diabetes» fortsetter. I neste innlegg skal eg ta for meg livsstilstips for de som lever med diabetes. For det er virkelig mange grep ein kan gjere for å leve betre med diabetes!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *