Linda Stuhaug

Annonse

Sunne, saftige havrepannekaker med sjokoladebiter

Det er lillelørdag idag!
Ein god grunn til å lage seg noko ekstra godt til kaffikos eller kveldsmaten, eller kva? 🙂
Desse sunne, saftige havrepannekakene med sjokoladebiter lagde eg forrigve veke, og dei gjekk ned på høgkant. Dei passer også som ein luksus frukost, lunsj eller turmat – dei har næringsrike ingredienser, som gjer til at dei kan nytast til kva som helst måltid. Sjokoladebitane er ein bonus, det var veldig godt, men du kan sjølvsagt lage oppskrifta uten også:
Du trenger, ca. 14 pannekaker ♦ 100 g naturell yoghurt, kesam eller rømme ♦ 1 banan, gjerne moden* ♦ 2 egg ♦ 75 g havremjøl ♦ 25 g sikta speltmjøl eller anna valgfri tørrvare* ♦ 1 ts bakepulver ♦ 1-2 ss sukrin gold eller anna søtning ♦ 30-40 g sukkerfri sjokolade i biter
Slik gjer du: Ha naturell yoghurt/kesam/rømme, banan og egg i en bolle, kjør glatt med stavmiksar. Bland inn havremjøl, speltmjøl, bakepulver og sukrin gold. La røra svelle i 5 minutt.
Det skal bli ei fyldig røre. Juster eventuelt med litt ekstra tørrvare eller væske om nødvendig. Eg anbefaler å steike pannekakene på medium varme – bruk steikefett om nødvendig. Hell passelig mengde røre på steikepanna, topp med sjokoladebiter og snu pannekakene når overflata lett begynner å boble.
Tips & alternativer* → Banan kan byttast med 100 g kesam eller rømme.
→ Du kan bruke kva som helst av valgfri tørrvare. Eg liker å bruke vaniljeprotein for en god smak.
→ For glutenfri pannekaker: bruk glutenfritt hvaremjøl og valgfri, glutenfri tørrvare.
Pannekakene er gode både varme og kalde, men dei er litt ekstra gode nystekte mens sjokoladebitane fortsatt er litt smelta…♥
Fluffy, saftige og skikkelig, skikkelig gode!
Håper det ser fristande ut!
Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger! Tag meg gjerne på instagram med både @lindastuhaug og #lindastuhaug, slik at eg er sikker på at eg får med meg at du lager oppskrifter. Du kan også legge igjen en hilsen i kommentarfeltet her på bloggen, eller på facebook-sida mi HER

Det er lillelørdag idag!

Ein god grunn til å lage seg noko ekstra godt til kaffikos eller kveldsmaten, eller kva? 🙂

Desse sunne, saftige havrepannekakene med sjokoladebiter lagde eg forrigve veke, og dei gjekk ned på høgkant. Dei passer også som ein luksus frukost, lunsj eller turmat – dei har næringsrike ingredienser, som gjer til at dei kan nytast til kva som helst måltid. Sjokoladebitane er ein bonus, det var veldig godt, men du kan sjølvsagt lage oppskrifta uten også:

Du trenger, ca. 14 pannekaker
♦ 100 g naturell yoghurt, kesam eller rømme
♦ 1 banan, gjerne moden*
♦ 2 egg
♦ 75 g havremjøl
♦ 25 g sikta speltmjøl eller anna valgfri tørrvare*
♦ 1 ts bakepulver
♦ 1-2 ss sukrin gold eller anna søtning
♦ 30-40 g sukkerfri sjokolade i biter

Slik gjer du:
Ha naturell yoghurt/kesam/rømme, banan og egg i en bolle, kjør glatt med stavmiksar. Bland inn havremjøl, speltmjøl, bakepulver og sukrin gold. La røra svelle i 5 minutt.

Det skal bli ei fyldig røre. Juster eventuelt med litt ekstra tørrvare eller væske om nødvendig. Eg anbefaler å steike pannekakene på medium varme – bruk steikefett om nødvendig. Hell passelig mengde røre på steikepanna, topp med sjokoladebiter og snu pannekakene når overflata lett begynner å boble.

Tips & alternativer*
→ Banan kan byttast med 100 g kesam eller rømme.

→ Du kan bruke kva som helst av valgfri tørrvare. Eg liker å bruke vaniljeprotein for en god smak.

→ For glutenfri pannekaker: bruk glutenfritt hvaremjøl og valgfri, glutenfri tørrvare.

Pannekakene er gode både varme og kalde, men dei er litt ekstra gode nystekte mens sjokoladebitane fortsatt er litt smelta…♥

Fluffy, saftige og skikkelig, skikkelig gode!

Håper det ser fristande ut!

Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger! Tag meg gjerne på instagram med både @lindastuhaug og #lindastuhaug, slik at eg er sikker på at eg får med meg at du lager oppskrifter. Du kan også legge igjen en hilsen i kommentarfeltet her på bloggen, eller på  facebook-sida mi HER

Annonse

4 Kommentarer

S

Sofie

6. november 2019

Hei! Kva sjokolade bruker du?

Linda Stuhaug

7. november 2019

Hei! Eg bruker som oftast Cavalier sitt merke 🙂

I

Ida

6. november 2019

Nam, de så gode ut Er oppskriften beregnet på en eller flere personer? Ha en fortsatt fin uke

Linda Stuhaug

7. november 2019

Ca. 2 personer om det er til eit måltid. Men vil kanskje tru at dei fleste lager desse som enkel kveldskos eller kaffikos, og då passer dei naturligvis til fleire 😀

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg