Linda Stuhaug

Annonse

29. november 2019

Heimelaga sjokkis med tørka blåbær

Heimelaga sjokkis med tørka blåbær
God fredagsmorgen♥
Idag vil eg titte innom med en ny oppskrift på heimelaga sjokkis! Det begynner å bli nokre ulike oppskrifter i arkivet no – grunnoppskrifta er nokolunde den samme, mens smakstilsetninga varierer.
Kva treng du for å lage heimelaga sjokolade? For å lage heimelaga sjokolade treng du kakaosmør og kakaomasse + valgfri søtning. Dette får du på økosjokolade.no, diverse andre nettbutikker eller helsekostbutikk.
Eg har henta eit bilde i arkivet, og her ↓ ser du sjokoladeMix som er en ferdig kombinasjon av kakaosmør og kakaomasse. Denne har eg kjøpt på helsekostbutikk. Du får også kjøpt kakaosmør og kakaomasse kvar for seg. Dette er dei to hovedingrediensane du treng for å nettopp lage heimelaga sjokolade.
Kvifor heimelaga sjokolade? Heimelaga sjokolade har ein heilt unik smak som ingen andre sjokolader på butikken kan måle seg med. I tillegg styrer du heile sjølv kor søt du ønsker sjokoladen, kva søtning du vil bruke, og kva ekstra smakstilsetning du vil ha.
Ingrediensane smeltast skånsomt for å bevare den gode næringa. Kakao har eit høgt innhold av antioksidanter, magnesium og jern, og når man velger ubehandla, rå kakaoprodukter er ein sikker på at ingen verdifulle antioksidanter og mineraler har forsvunne i behandlingen. Heimelaga, rå sjokkis har en høg kakaoprosent og er en skikkelig næringsbombe, det har til og med blitt sagt at eit par biter daglig kan regnes som 1 av 5 om dagen.
Så, er du glad i mørk sjokolade – så er dette virkelig noko for deg!
Her er mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis: 100 g kakaomasse 50 g kakaosmør 1 ts ekte vaniljepulver 40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande) 1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker) – valgfri smakstilsetning: eg har brukt tørka blåbær
Slik gjer du: Smelt kakaomasse og kakaosmør skånsomt i vannbad. Bitane er ofte store, visst du grovhakker kakaomassen og kakaosmøret så går det ganske fort. Bland inn søtningen.
Du kan enten bruke silikonformer eller berre en boks med bakepapir. Ha masse tørka blåbær i bunn, hell over den flytande sjokoladeblandinga og sett kaldt til sjokoladen har stivna. Oppbevarast i kjøleskap.
PS! Av denne oppskrifta fekk eg 30 store biter sjokolade. Antallet vil naturligvis variere etter størrelse.
Tips og alternativer → Som sagt, du bestemmer sjølv kva søtning du liker å bruke. Kombinasjonen ovenfor har krevd ein del prøving og feiling å komme fram til, og eg synes den er heilt perfekt. Den gir en passelig søt smak, i tillegg til ein god konsistens. Du må verken bruke det eine eller andre, men eg anbefaler virkelig ein så lik kombinasjon som mulig av nettopp → 1 ts vaniljepulver → 40 g sirup → 2 ts søtning.
→ … og smakstilsetning står du også heilt fritt til å velge. Har du ikkje tørka blåbær, bruk rosiner. Eller bruk kva som helst anna: nøtter, nøttesmør, tørka frukt, kokos etc.
Heimelaga sjokkis begynte eg å lage for ca. 8 år sidan, og fleire år og ulike sjokolader skal det bli!
Eg har nokre favoritter som eg lager på nytt og på nytt, og denne med tørka blåbær går rett blant mine topp 3 heimelaga sjokolader. Denne blir nok laga mange ganger framover 🙂

God fredagsmorgen♥

Idag vil eg titte innom med en ny oppskrift på heimelaga sjokkis! Det begynner å bli nokre ulike oppskrifter i arkivet no – grunnoppskrifta er nokolunde den samme, mens smakstilsetninga varierer.

Kva treng du for å lage heimelaga sjokolade?
For å lage heimelaga sjokolade treng du kakaosmør og kakaomasse + valgfri søtning. Dette får du på økosjokolade.no, diverse andre nettbutikker eller helsekostbutikk.

Eg har henta eit bilde i arkivet, og her ↓ ser du sjokoladeMix som er en ferdig kombinasjon av kakaosmør og kakaomasse. Denne har eg kjøpt på helsekostbutikk. Du får også kjøpt kakaosmør og kakaomasse kvar for seg. Dette er dei to hovedingrediensane du treng for å nettopp lage heimelaga sjokolade.

Kvifor heimelaga sjokolade?
Heimelaga sjokolade har ein heilt unik smak som ingen andre sjokolader på butikken kan måle seg med. I tillegg styrer du heile sjølv kor søt du ønsker sjokoladen, kva søtning du vil bruke, og kva ekstra smakstilsetning du vil ha.

Ingrediensane smeltast skånsomt for å bevare den gode næringa. Kakao har eit høgt innhold av antioksidanter, magnesium og jern, og når man velger ubehandla, rå kakaoprodukter er ein sikker på at ingen verdifulle antioksidanter og mineraler har forsvunne i behandlingen. Heimelaga, rå sjokkis har en høg kakaoprosent og er en skikkelig næringsbombe, det har til og med blitt sagt at eit par biter daglig kan regnes som 1 av 5 om dagen.

Så, er du glad i mørk sjokolade – så er dette virkelig noko for deg!

Her er mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis:
100 g kakaomasse
50 g kakaosmør
1 ts ekte vaniljepulver
40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande)
1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker)

valgfri smakstilsetning: eg har brukt tørka blåbær

Slik gjer du:
Smelt kakaomasse og kakaosmør skånsomt i vannbad. Bitane er ofte store, visst du grovhakker kakaomassen og kakaosmøret så går det ganske fort. Bland inn søtningen.

Du kan enten bruke silikonformer eller berre en boks med bakepapir. Ha masse tørka blåbær i bunn, hell over den flytande sjokoladeblandinga og sett kaldt til sjokoladen har stivna. Oppbevarast i kjøleskap.

PS! Av denne oppskrifta fekk eg 30 store biter sjokolade. Antallet vil naturligvis variere etter størrelse.

Tips og alternativer
→ Som sagt, du bestemmer sjølv kva søtning du liker å bruke. Kombinasjonen ovenfor har krevd ein del prøving og feiling å komme fram til, og eg synes den er heilt perfekt. Den gir en passelig søt smak, i tillegg til ein god konsistens. Du må verken bruke det eine eller andre, men eg anbefaler virkelig ein så lik kombinasjon som mulig av nettopp → 1 ts vaniljepulver → 40 g sirup → 2 ts søtning.

→ … og smakstilsetning står du også heilt fritt til å velge. Har du ikkje tørka blåbær, bruk rosiner. Eller bruk kva som helst anna: nøtter, nøttesmør, tørka frukt, kokos etc.

Heimelaga sjokkis begynte eg å lage for ca. 8 år sidan, og fleire år og ulike sjokolader skal det bli!

Eg har nokre favoritter som eg lager på nytt og på nytt, og denne med tørka blåbær går rett blant mine topp 3 heimelaga sjokolader. Denne blir nok laga mange ganger framover 🙂

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg