Linda Stuhaug

Annonse

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks
… perfekt med brunost på♥
Overskrifta blei vel lang, så eg droppa den siste delen 😉 Men dette er altså tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks er knasande gode aleine, men ekstra gode med pålegg på. Brunost er min favoritt, men dei er også gode med kvitost, cottage cheese & syltetøy, blåmuggost & honning… Veldig gode til fleire typer ost, rett og slett!
Havrekjeksa er sukkerfri, og kan fint lagast glutenfri og/eller melkefri for dei om treng det. Men – du bestemmer heilt sjølv kva søtning du vil bruke, og foretrekker du sukker framover sukrin gold, så er det heilt uproblematisk å bruke det:
Havrekjeks, 20-25 stk 3 dl havregryn* 1 dl melk* 40 g smør, smelta* 1 ts bakepulver 2 ss sukrin gold (eller anna søtning tilsvarande 2 ss sukker) 2 ss sikta speltmjøl/kveitemjøl/glutenfritt mjøl en klype salt evt. ekstra smakstilseting*
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Bland havregryn med melk og smør, la stå i 5-10 minutt. Bland så inn resten av ingrediensane til en deig.
2. Bruk litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken til utbaking. Kjevle deiga forsiktig ut til 2-4 mm tjukkelse og stikk/skjær ut passelige former.
3. Bruk en steikespade eller ostehøvel for å flytte kjeksa over på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, til kjeksa er gylne.
4. Havrekjeksa skal no vere sprø, men eit tips dersom du vil vere heilt sikker: lat opp ovnsdøra for å slippe ut ein del varme, og la deretter kjeksa stå i ettervarmen i ovnen i minst 30 minutt, gjerne lengre. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer* → For glutenfri kjeks bruker du naturligvis glutenfri havregryn og glutenfritt mjøl.
→ For melkefri kjeks bruker du melkefri margarin eller ghee og plantebasert melk.
Smakstilsetning: vil du ha litt ekstra smak på havrekjeksa er det veldig godt med 1/2-1 ts kanel, kardemomme og/eller vaniljepulver. Eg lagde dei nøytrale denne gangen, og synes det er minst like godt.
Kjeksa oppbevarer du i en kakeboks eller i eit glass på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei står seg i vekesvis!
Havrekjeks er noko mange forbinder med jula, men havrekjeksa passer like godt året rundt 🙂 Nyt til kaffikoppen, kveldskosen, enkel frukost, mellommåltid på farten eller tursnacks♥
Eg fekk 25 kjeks av oppskrifta denne gangen, men antallet varierer etter størrelse og tjukkelse. Av og til lager eg dei litt tjukkare, og då går naturligvis antalla ned 🙂 Tjukkelsen bestemmer du heilt sjølv etter kva du liker best!
Eg har laga dobbel oppskrift og har 50 havrekjeks i kakeboksen no, så håper virkelig at det varer ei stund… 😉
Håper fleire har lyst å prøve desse kjeksa♥ Og har du forresten sett oppskrifta før, så er den faktisk delt for 4,5 år sidan her! Det blir litt ekstra fokus på jul no framover, eg har så mange oppskrifter eg vil dele med dokke 🙂 MEN eg skal diske opp med litt anna enn berre julekaker og juleoppskrifter også innimellom (men ikkje så alt for ofte, hehe). Eg veit vertfall at oppskriftene blir satt pris på hos veldig mange, og visst man er på utkikk etter andre ting, så har eg jo hundrevis (om ikkje tusenvis) av oppskrifter i arkivet 😀 Stay tuned!

… perfekt med brunost på♥

Overskrifta blei vel lang, så eg droppa den siste delen 😉 Men dette er altså tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks er knasande gode aleine, men ekstra gode med pålegg på. Brunost er min favoritt, men dei er også gode med kvitost, cottage cheese & syltetøy, blåmuggost & honning… Veldig gode til fleire typer ost, rett og slett!

Havrekjeksa er sukkerfri, og kan fint lagast glutenfri og/eller melkefri for dei om treng det. Men – du bestemmer heilt sjølv kva søtning du vil bruke, og foretrekker du sukker framover sukrin gold, så er det heilt uproblematisk å bruke det:

Havrekjeks, 20-25 stk
3 dl havregryn*
1 dl melk*
40 g smør, smelta*
1 ts bakepulver
2 ss sukrin gold (eller anna søtning tilsvarande 2 ss sukker)
2 ss sikta speltmjøl/kveitemjøl/glutenfritt mjøl
en klype salt
evt. ekstra smakstilseting*

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Bland havregryn med melk og smør, la stå i 5-10 minutt. Bland så inn resten av ingrediensane til en deig.

2. Bruk litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken til utbaking. Kjevle deiga forsiktig ut til 2-4 mm tjukkelse og stikk/skjær ut passelige former.

3. Bruk en steikespade eller ostehøvel for å flytte kjeksa over på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, til kjeksa er gylne.

4. Havrekjeksa skal no vere sprø, men eit tips dersom du vil vere heilt sikker: lat opp ovnsdøra for å slippe ut ein del varme, og la deretter kjeksa stå i ettervarmen i ovnen i minst 30 minutt, gjerne lengre. Avkjøl på rist.

Tips og alternativer*
→ For glutenfri kjeks bruker du naturligvis glutenfri havregryn og glutenfritt mjøl.

→ For melkefri kjeks bruker du melkefri margarin eller ghee og plantebasert melk.

Smakstilsetning: vil du ha litt ekstra smak på havrekjeksa er det veldig godt med 1/2-1 ts kanel, kardemomme og/eller vaniljepulver. Eg lagde dei nøytrale denne gangen, og synes det er minst like godt.

Kjeksa oppbevarer du i en kakeboks eller i eit glass på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei står seg i vekesvis!

Havrekjeks er noko mange forbinder med jula, men havrekjeksa passer like godt året rundt 🙂 Nyt til kaffikoppen, kveldskosen, enkel frukost, mellommåltid på farten eller tursnacks♥

Eg fekk 25 kjeks av oppskrifta denne gangen, men antallet varierer etter størrelse og tjukkelse. Av og til lager eg dei litt tjukkare, og då går naturligvis antalla ned 🙂 Tjukkelsen bestemmer du heilt sjølv etter kva du liker best!

Eg har laga dobbel oppskrift og har 50 havrekjeks i kakeboksen no, så håper virkelig at det varer ei stund… 😉

Håper fleire har lyst å prøve desse kjeksa♥ Og har du forresten sett oppskrifta før, så er den faktisk delt for 4,5 år sidan her!

Det blir litt ekstra fokus på jul no framover, eg har så mange oppskrifter eg vil dele med dokke 🙂 MEN eg skal diske opp med litt anna enn berre julekaker og juleoppskrifter også innimellom (men ikkje så alt for ofte, hehe). Eg veit vertfall at oppskriftene blir satt pris på hos veldig mange, og visst man er på utkikk etter andre ting, så har eg jo hundrevis (om ikkje tusenvis) av oppskrifter i arkivet 😀 Stay tuned!

Annonse

36 Kommentarer

M

May

24. august 2020

Kan en søte med honning istedet for sukrin?

Linda Stuhaug

24. august 2020

Går heilt sikkert fint 🙂

L

Lynn Helen

24. februar 2021

Hei. Går disse fint an å bruke som bunn til ostekake? Vanskelig å finne hvete- og sukkerfri havrekjeks til det.

Linda Stuhaug

24. februar 2021

Har ikkje prøvd, men du må gjerne prøve 🙂

T

Tonje

3. februar 2022

Tror du det går an å bruke havremel og mandelmel i disse? 😊

Linda Stuhaug

4. februar 2022

Istedenfor havregryn du meiner?

A

Anne Marie

26. januar 2022

Laget disse idag! Ble sprø og gode, men hevet ingenting. Skal de heve?

Linda Stuhaug

27. januar 2022

Nei 🙂 Kjekt dei smakte 😀

T

Trine Hole

17. desember 2021

Skal denne oppskriften på 20-25 stk få plass på ett stekebrett? Jeg måtte bruke 2 brett. Kunne derfor ikke la 1. brett stå i ovnen 30 min ette steking.

Linda Stuhaug

19. desember 2021

Du kan jo putte det andre brettet innatt i ovnen når det andre skal stå i ettervarmen.. 🙂

A

Anne

15. desember 2021

Er helt hektet på de beste havrekjeksene. Så lett og raskt å lage. Og lyst på noe godt er jo disse laget på en , to , tre . Takk , passer for en med diabetes.

Linda Stuhaug

16. desember 2021

Så hyggelig Anne! Elsker desse kjeksa sjølv 😀

M

Marthe

14. desember 2019

Hei! Bruker du lettkokte eller store havregryn? Bruker oppskriftene dine ukentlig, du er dyktig 🙂

Linda Stuhaug

14. desember 2019

Hei! Takk 😀 Eg foretrekker lettkokte havregryn, men det går fint med store også 🙂

I

Ida

11. desember 2019

Hei! Om de ikke er blitt helt harde/gjennomstekt og jeg har de i kakeboks, vil de mugne da? Altså må de være helt sprø? 🙂 takk for inspirasjon <3

Linda Stuhaug

11. desember 2019

Hei! Nei, det trur eg absolutt ikkje. Men eg kan ikkje garantere noko som helst, eg har alltid stekt dei sprø 🙂 <3

T

Torunn

10. desember 2019

Hei. Lukker du bakerovnsdøra når du har slipt ut litt varme?

Linda Stuhaug

11. desember 2019

Ja.

M

Malene

9. desember 2019

Jeg setter stor pris på dine kreative oppskrifter som følger sesongene

Linda Stuhaug

10. desember 2019

Takk, Malene! Det er hyggelig å lese 🙂

C

Carmen Rashawy

9. desember 2019

Sikta hvetemjol fines i dagligvarebutikk? På forhand tusen takk. Mvh. Carmen

Linda Stuhaug

10. desember 2019

Ja 🙂

I

Inger søreng

15. desember 2020

Kjempegode var de, til og med uten noe på hvor mange kcalorier pr kjeks tror du det er

Linda Stuhaug

16. desember 2020

Rekner ikkje på kalorier 🙂

S

Sofie

18. november 2020

Her måtte jeg bruke ganske mye mer mel i deigen enn det står i oppskrifta for å få til å kjevle ut. Er det noe triks for å få til å kjevle ut så myk deig? Annet enn å bruke mel 😉

Linda Stuhaug

18. november 2020

Nei, ikkje noko anna enn å kjevle forsiktig 🙂 Har laga desse utallige mange ganger med akkurat mengden mjøl som står i oppskirfta sjølv, så det var litt rart…!

F

Faragondk

3. mai 2022

Havrekjeksen er veldig gode, har laga dei mange gonger! Kjekt å ha i skapet når ein får lyst på noko godt. Takk for oppskrift!

Linda Stuhaug

3. mai 2022

Så kjekt dei smaker🤩

L

Lene

22. november 2022

Disse er bare knallgode!😀 Har laget de mange ganger. Lager de ganske søte, og nå rundt juletider bruker jeg en liten klype pepperkake-krydder i dem👍 Takk for alle gode oppskrifter!

Linda Stuhaug

23. november 2022

Så kjekt å lese at du liker dei😍

L

Laila Breidvik

23. april 2023

Hei! Jeg kjevlet deigen ut til en firkant og skar opp firkanter med en kaketrinse. Da ble det lite mel og lite utbaking😜

Linda Stuhaug

23. april 2023

Smart🤩

S

Svanhild

18. desember 2022

Jeg setter kjempestorpris på bloggen din her. Men noen ganger går øynene mine i kryss fordi jeg ikke forstår om det er bokmål eller nynorsk du skriver. Når du skriver bøker: er de på nynorsk? <3 <3

Linda Stuhaug

19. desember 2022

Eg skriver både blogg og bøker på nynorsk :)

G

Guri

29. desember 2022

Havrekjeksene blir man fort avhengig av😀 Heldigvis enkelt og fort gjort å lage nye🤩

Linda Stuhaug

3. januar 2023

Ikkje sant🤩

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg