Sukkerfri riskrem med deilig bærsaus

God mandag!

Eg har fortsatt ein del juleoppskrifter eg vil dele før jul, og idag er det riskrem som står for tur 🙂 Eg har fått enormt mange spørsmål om eg kan lage ein sukkerfri riskrem med en digg saus, og det har eg no gjort!

Å lage riskrem uten sukker er verdens enklaste greie, her er det berre å bytte ut sukker med sukkererstatning. Riskremen består likevell av risengrynsgraut og krem, slik som den skal vere, men kan også lagast litt magrare ved å bytte ut deler av fløyta (les tips!) 🙂 Som saus har eg laga ein deilig bærsaus av bringebær og jordbær; den blei frisk, men samtidig søt og god:

Sukkerfri riskrem, 4-6 personer
♦ 700-800 g risengrynsgaut
♦ 4 dl fløyte *
♦ 3-4 ss sukrin+ *
♦ gjerne eit dryss ekte vaniljepulver eller frø fra 1 vaniljestang

Deilig bærsaus
♦ 350 g fryste bringebær
♦ 350 g fryste jordbær
♦ 0,5 dl vatn
♦ 3-4 ss sukrin+ *

Slik gjer du:
Riskrem: visp fløyte og søtning til ein fyldig krem. Vend litt og litt krem inn i grauten til den konsistensen du ønsker. Eg brukte all kremen til 800 g graut, men det vil variere etter smak & behag og kor fyldig grauten er.

Deilig bærsaus: kok opp jordbær, bringebær og vatn i en kjele til bæra er mjuke og varme. Mos klumpfritt med en stavmiksar. Smak til med sukrin+ etter kor søt du ønsker sausen. Avkjøl.

Server gjerne riskremen med litt hakka mandler, og hell over saus til servering♥

Tips og alternativ
Saus: du kan sjølvsagt lage sausen av kun bringebær eller kun jordbær også, eller du kan bruke andre typer bær etter ønske.

Riskrem:eg har også laga riskremen med byggrynsgraut istedenfor risengrynsgraut, det falt veldig godt i smak i heimen og kan virkelig anbefalast! Byggrynsgraut har litt meir tekstur i forhold til risengrynsgraut, så ein får litt meir å tygge på. I tillegg er byggrynsgraut meir næringsrikt med høgare innhold av blant anna fiber og protein. Dette er gjerne eit bedre alternativ for dei med diabetes ift. blodsukkerstigning 🙂

→ Ønsker du ein litt magrare variant av riskremen kan du bytte ut halvparten av fløyta og søtning med 200-250 g vaniljekesam.

Sukrin+ i både riskremen og sausen kan byttast med anna søtning tilsvarande 6-8 ss sukker.

Heilt desserten er latterlig rask og enkel å lage. Den krever heller ikkje så mange ingredienser, og er en slager hos mange til jul eller på julafta 🙂 Eg skal ærlig innrømme at det er langt ifra min favorittdessert og eit par spiseskeier med riskrem holde i massevis for meg, men sausen – den forsyner eg meg godt av♥

Pleier du å ha riskrem til jul? 😀 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Heime har vi alltid riskrem, men den danske versjonen, som eg likar mykje betre. Den er gamske lik, men man har i finhakka, skålda mandlar i tilleg og det gjer ein utruleg fin konsistens og ein «freshare» smak. Syntes iallfall eg. Og så pleier vi å, ha kirsebærkompott i staden for bringebærsaus, og det er sååååå mykje betre. Syntes du skal gje det eit forsøk. Du blir neppe skuffa

    1. Høyres veldig spennande ut! Dette skla eg notere meg, kanskje det blir denne varianten neste gang 😀 Det høyres vertfall ut som en riskrem eg kunne likt bedre enn den tradisjonelle varianten, som eg synes blir alt for søtt, mektig og kremette, hehe 😉