Lunsjsalat med kylling & pasta

Hei godtfolk!

No er eg på veg til Oslo for nokre dager, noko eg gleda meg veldig til! Eg har diverse ting på agendaen; både jobbrelatert, men også litt stas og kos 🙂 Og eg høyrer rykte om SOL og BLÅ HIMMEL, noko som gjer meg ekstra lykkelig berre av tanken!

Men før eg setter meg på flyet skal de få servert denne deilige lunsjsalaten med kylling & pasta! Den passer sjølvsagt like godt som ein lettvint middag, til venninekvelden, koldtbordet eller tapasbordet også:

Du trenger, ca 4 personer
200 g valgfri pasta (eg bruker fullkornspasta eller linsepasta)
400 g ferdigstekt kylling
1 boks kidneybønner
1 boks mais
1 agurk
1-2 paprika
1-2 stk hjertesalat
4-5 ss soltørka tomat

Godt til servering
Rista pinjekjerner & raspa parmesan

Slik gjer du:
Kok pasta etter anvisning på pakken. Avkjøl under rennande, kaldt vatn. Kytt kylling og grønnsaker i passelige biter, skyll bønnene og bland alle ingrediensane sammen.

Server gjerne salaten med rista pinjekjerner & raspa parmesan på toppen♥ Her kan du sjølvsagt bruke andre nøtter, anna type ost, eventuelt vinaigrette, dressing eller pesto også. Bruk det du liker, eller dropp den ekstra toppingen!

Og dokke, som eg har nevnt mange ganger før: bruk gjerne oppskrifta som den står, men bruk den og gjerne som inspirasjon! Bytt ut, miks og triks med dei ingrediensane du liker og har tilgjengelig heime 🙂

Eg er veldig glad i bønner, men eg veit mange liker kikerter bedre. Er du vegetarianer kan du droppe kyllingen, eller bytte kylling med for eksempel halloumi. Har du noke grønnsaker i kjøleskapsskuffa som burde brukast så tilsetter du dei også – uavhengig om dei står i ingredienslista eller ikkje… Eg kan fortsette evig!

Nyt som ein lunsj heime, eller ta med deg i matpakken♥


Heilt til slutt vil eg berre sei TUSEN TAKK til alle som stemte på meg til Vixen Awards 2019! Eg er komt vidare som semifinalist innen «Årets Inflencer: Mat«, og det er sjølvsagt veldig, veldig stas.

MEN, no håper eg at de vil hjelpe meg vidare til finalen også! 

Klikk deg inn HER, scroll nedover til kategorien «MAT» og gi din stemme 😀 Då blir eg veeeldig glad♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Stemt pÄ deg Lykke til

    1. Tusen takk Katrine 😀