Annonse
21. januar 2020
Fyldig skogsbær- og blåbærsmoothie
Heisann!
Idag er eg litt på farten – eg er på veg til Oslo i anledning BOKLANSERING imorgon♥ Bur du i Oslo-området er du hjertelig velkommen, arrangementet er heilt gratis og du finner meir informasjon på facebook HER.
Over til dagens oppskrift, nemlig ein skikkelig deilig, fyldig skogsbær- og blåbærsmoothie:
Du trenger, 1 person
100 g fryste skogsbær
100 g fryste blåbær
→ evt. 200 g av kun skogsbær/blåbær
2 terninger fryst spinat (kan sløyfast)
1/2 banan
150 g valgfri yoghurt/kesam/kvarg
1 ss mandelsmør , evt anna type nøttesmør
Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein bolle og kjør glatt med stavmiksar. Bruk gjerne ein skvett væske om nødvendig – eg liker at smoothien blir skikkelig krema og fyldig, så eg bruker ingenting/lite ekstra væske. Bruk litt søtning om du vil ha smoothie søtare.
Ha smoothien over i ei skål og topp med det du måtte ønske av ekstra topping♥
Ei skål med mykje næring og som metter godt i magen! Passer perfekt til frukost, lunsj eller kveldsmat 🙂
Så kan du sjølvsagt berre justere med væske om du ønsker ein tynnare konsistens 🙂 Etter mi meining er dei beste smoothiane så fyldige at den må etast med skei♥ Også er det digg med litt ektra topping!
Ha en herlig tirsdag!
Annonse
14 Kommentarer
Solveig
24. januar 2020
Tobbe
26. januar 2020
Linda Stuhaug
27. januar 2020
Linda Stuhaug
24. januar 2020
Solveig
25. januar 2020
Linda Stuhaug
27. januar 2020
Linn
23. januar 2020
Linda Stuhaug
23. januar 2020
Hanne
22. januar 2020
Linda Stuhaug
22. januar 2020
Hanne
22. januar 2020
Linda Stuhaug
23. januar 2020
Malene
21. januar 2020
Linda Stuhaug
21. januar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR