Slik lager du verdens beste, sukkerfri vaniljefudge!

God fredag♥

Første gang eg delte oppskrifta mi på vaniljefudge var i januar 2014 (innlegg her). Grunnoppskrifta har i utgangspunktet fulgt meg sida det, men den har blitt litt oppgradert og justert til det bedre på veien. Ikkje minst: den har blitt laga i utallige mange varianter!

Vaniljefudgen er superenkel å lage, krever kun 4 ingredienser, får en nydelig fudge-konsistens og smaker berre fantastisk! Eg koker min i mikrobølgeovnen fordi det går kjapt og er veldig lettvint, men det går også an å koke fudgen i ein kjele.

Tidligare har eg laga vaniljefudgen med usøta vikingmelk, men no er dessvere denne gått ut av produksjon. Som alternativ til usøta vikingmelk har eg alltid skrevet at ein også kan bruke fløyte. Vanlig kremfløyte, med andre ord. Det er det eg har brukt i dagens oppskrift. For å vere heilt ærlig så synes eg vaniljefudgen blir aller best med vikingmelk, men fløyte er det beste alternativet til vikingmelka no som den ikkje er å finne lengre. Har du derimot vikingmelk igjen (eg har eit lager) så kan du sjølvsagt bruke det istedenfor fløyta 🙂

I tillegg har eg dei siste åra brukt Fibersirup Gold, som også er ute av produksjon. Derfor er det på sin rette plass å dele denne oppskrifta på nytt med ingredienser du garantert finner i butikkhylla! Her har du mi grunnoppskrift:

Du trenger, 18 store biter
3 dl kremfløyte
50 g Sukrin Gold
25 g Sukrinsirup (evt. anna type sirup)
25 g smør
Valgfritt: eit godt dryss ekte vaniljepulver eller frø fra 1 vaniljestang

Slik gjer du:
1. Ha alle ingrediensane i ein stor bakebolle som tåler sterk varme. Sett i mikrobølgeovnen på maks styrke i 5 minutt før du tar den ut og rører litt.

2. Sett bollen tilbake i mikrobølgeovnen. No skal blandinga koke heilt til det blir en fyldig, karamellfarga masse. Kor lang tid dette tar varierer fra mikro til mikro, hos meg tok det ca. 10 minutt. Følg godt med og rør ofte mot slutten av koketida, då det er fort at den brenner i bunn/kanter.

3. Hell blandinga i silikonformer eller en passande matboks/form med bakepapir. Avkjøl i kjøleskap.

4. Etter nokre timer er karamellen avkjølt og stivna. Ta ut av silikonformene og skjær eventuelt i passelige biter. Oppbevarast i kjøleskap.

PS! Ja, du kan koke karamellmassen i ein kjele også. Bruk litt over medium varme og la blandinga småkoke til ein fyldig, karamellfarga masse. Rør innimellom. Dette tar 30-60 minutt. 

Eg synes vaniljefudgen blir hakket bedre med maldonsalt over før servering♥ Det har eg alltid brukt, og synes virkelig det setter prikken over i-en. Du kan og tilsette maldonsaltet i formen før du heller over karamellmassen, men eg synes det er like greit å ha det over etterpå også 🙂

Grunnoppskrifta er jo nettopp ei grunnoppskrift, så varier den gjerne med ulike smakstilsetninger. Salte nøtter, brente mandler, sjokoladebiter e.l er fint å tilsette i formen før du heller over karamellmassen 🙂 Eller du kan piffe opp fudgen etter den er ferdig stivna med å dyppe bitane i smelta sjokolade for eksempel.

Eg kjem vertfall til å lage denne i fleire varianter framover, det viktigaste for meg var å dele denne nye grunnoppskrifta med dokke først 🙂

Og hugs at dette er fudge! Med mjuk, saftig konsistens. Karamell skal jo vere seigt, og det er ikkje meininga at denne oppskrifta skal gi seige karameller 🙂

Nydelige som sukkerfri snacks, enten man vil eller må ha eit alternativ uten sukker 🙂

Håper det ser fristande ut♥ Som nevnt, det er ei oppskrift som i utgansgpunktet har fulgt meg i årevis, men som no trengte en liten oppfriskning med uten ingredienser som er utgått av produksjon!


Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida mi HER. Tag gjerne både @lindastuhaug #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så får eg både varsel OG finner eg dei igjen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Har sett vikingmelk i flere butikker! Og fibersirup gold kjøpte jeg senest i dag!

    1. Vikingmelk er ute av produksjon, så ser du noko i butikkhylla så er det berre rester fra det dei har hatt 😉 90% av butikker har ikkje usøta vikingmelk no 🙂 Du er sikker på at det ikkje er søta vikingmelk du har sett? Det samme gjelder fibersirupen, nokon butikker har den enda, men det er fra før produksjonen var avslutta 🙂 Såg seinast fibersiurp på butikken forrige veke sjølv, faktisk 🙂

  2. Anne Therese

    Åhhh! Gjett om eg angrar på at eg ikkje laga denne før i dag, for NO fekk eg lyst på fugde 🙂 Knallgode!!

    1. Ikkje sant dei er! NAM 😀

  3. Er det ti minutter til sammen eller mener du 10 min etter de første fem minuttene?

    1. Først 5 minutt, deretter 10 minutt eller så lenge du må koke din fudge.