Min favoritt laksewrap!

Lomper! Det er noko eg virkelig ALDRI går lei av!

I år trur eg faktisk at eg og lompene har 10-års jubileum. Eg starta med lomper i mitt daglige kosthold i 2010, fordi eg var lei av knekkebrød (eg har aldri vore noko glad i brød, så her var det mest knekkebrød det gjekk i). I 2012 blei russenavnet mitt LOMPELINDA fordi eg åt på lomper heile tida. Det synes eg faktisk er litt morsomt…

Opp gjennom åra har eg virkelig laga det meste med lomper. Lomper kan jo brukast til alt! Lompepizza, lompelasagne, lompetoast, lompewraps, lompe-quesedilla, lompe-enchiladas, lompechips, fylte lomper, lomperuller m.m.

Men det eg bruker lomper til aller mest i mitt daglige kosthold (ja, eg ete lomper så og sei daglig), er til lompewraps eller å fylle dei med pålegg til frukost eller lunsj. Når eg har med lompene som lunsj så liker eg å lage dei som wraps, og då er laksewrap ein av mine favoritter:

Laksewrap av lomper som er fylt med:
→ Kremost
→ Crispysalat
→ Røykelaks
→ Rødløk og avokado
→ Pepper

Det er berre ein utrulig god kombinasjon som eg virkelig aldri går lei. Og no skal eg vise dokke steg-for-steg bilder på korleis du lager en perfekt lompewrap som holder seg sammen og ikkje sprekker. For det er nemlig eit spørsmål eg får støtt og stadig!

Først og fremst: bruk ferske lomper som ikkje har vore i frysaren. Fryste og tinte lomper klistrer, sprekker og rivnast fra kvarandre før du i det heile tatt har fått på pålegget… Smør eit godt lag med kremost på halve lompa.

Legg crispysalat (eller anna grønt) på andre halvdelen av lompa, med den tynne delen ut mot kanten….

Fortsett med pålegget over salaten…

Deretter avokado, litt hakka rødøk og pepper. Som du ser her er alt av pålegg på eine halvdelen av lompa, med minst mot kanten av lompa, og mest inn mot midten. Det er og viktig å ikkje bruke for mykje pålegg, då sprekker lompa garantert…

Start å rulle forsiktig, men også passelig stramt fra den enden pålegget er…

Rulle, rulle…

Når du har rulla inn pålegget i lompa, fungerer den siste halvdelen med kremost som lim for å holde lompa sammen. I tillegg gir jo kremosten smak og saftighet til laksewrappen.

Voila! Lompene sprekker ikkje og holder seg fint sammen i matboksen 🙂 Lompene ligger fint som dette, men eg liker å pakke dei inn i plastfolie eller aluminiumsfolie om det er ei stund til dei skal etast. Eg opplever at dei holder seg bedre då.

Så har eg alltid litt ekstra grønnsaker i matboksen: spisspaprika, gulrøtter, agurk eller cherrytomater er gjengangere.

Pakk laksewrappen med deg til lunsj, som turmat, et til frukost eller kveldsmat 🙂 Visst eg skal ete lompene med det samme, så pleier eg egentlig ikkje å rulle dei sammen som wraps. Då bere fyller eg pålegget i midten av lompa, bretter inn kantane og ete lompa på den måten.

Så kan jo en lompwrap fyllast med akkurat det du liker og har tilgjengelig sjølvsagt! Denne laksewrappen er jo berre eit av mange alternativ 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Oh, la, la. Detta e det første eg ska eta etter lillebolla kjem ut av magen 😀
    Kvar får du tak i lomper som ikkje e fryst? I butikkane her kjem alle lompene frå frysen.

    1. Eg kjøper ferske lomper på butikken… 🙂 Spørr etter det, kjøpmannen kan heilt sikkert ta det inn! Håper det smaker 😀