Eltefritt havrebrød med chiafrø

God fredag!
Kan eg friste med ferskt, eltefritt brød til helgefrukosten?

Dei få gangane eg svinger meg rundt på kjøkkenet for å bake gjærbakst akà brød, så foretrekker eg definitivt å lage eltefritt brød. Då rører eg raskt saman ingrediensane, og lar deigen heve på benken i 12-20 timer. Deretter knar eg opp deiga med mjøl, lar deiga etterheve og steiker i ei støypejernsgryte. Brødet blir alltid luftig, saftig og får sprø skorpe heile vegen rundt.

Idag har eg en ny oppskrift på eltefritt brød å dele med dokke: ELTEFRITT HAVREBRØD MED CHIAFRØ! Eg har fått litt ekstra sansen for chiafrø i det siste, og måtte også teste det ut i eltefritt brød. Det funka heilt utmerket, og kan virkelig anbefalast!

Du trenger, 1 stort brød
300 g sikta speltmjøl / kveitemjøl (+ ekstra til utbaking)
100 g sammalt speltmjøl / kveitemjøl (kan byttast med 100 g ekstra havremjøl)
100 g havremjøl
100 g havregryn
3 ss chiafrø
3 ss solsikkekjerner
1 ts salt
1 ts sukker eller flytande honning
1 ts tørrgjær
6,5 dl vatn

Slik gjer du:
Dag 1: Bland saman tørrvarene. Tilsett honning og vatn og rør saman til ein klissete deig. Dekk til deigen og la den heve på kjøkkenbenken i 10–20 timar.

Dag 2: Strø litt mjøl på kjøkkenbenken. Hell over deigen og kna inn sikta speltmjøl eller kveitemjøl til deigen er metta og held på forma. La brødet etterheve i 1 1⁄2–2 timar.

Når det er 30 minutt igjen av hevetida: Sett ei støpejernsgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader over– og undervarme. Etter 30 minutt tar du gryta ut av ovnen. Pass på, den er glovarm!

Lemp deigen ned i gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, framleis på 250 grader, i 30 minutt. Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike i ytterlegare 10–15 minutt, til overflata får ein godt gyllen og fin farge.

Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist. Oppbevar brødet i kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for å bevare den sprø skorpa.

Ingen elting, minimalt med innsats! Eit brød som holder seg ferskt i fleire dager, og som sjølvsagt fint kan frysast 🙂

PS! Eg har og prøvd å lage eltefritt brød UTEN å etterheve. Brødet blir ikkje like luftig og like høgt, men det fungerer det også – visst du er utålmodig eller har dårlig tid for eksempel. Litt etterheving blir det uansett, for ovnen må jo varme seg opp, og støpejernsgryta må jo bli varm. Så kna opp deiga og la den etterheve den halvtimen det tar for å varme ovnen og støpejernsgryta 🙂

Har du lyst å prøve? Dette er så enkelt og noko virkelig alle kan få til!

Håper det ser fristande ut! Eg kan ikkje hugse sist eg bakte brød uten den eltefrie metoden, og det blir nok lenge til neste gang også. For dette er rett og slett så genialt 🙂


Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida mi HER. Tag gjerne både @lindastuhaug og #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så får eg både varsel OG finner eg dei igjen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

28 kommentarer

  1. Så godt det så ut! Har du prøvd å lage dette glutenfritt?

    1. Nei, har aldri prøvd glutenfritt og eltefritt i samme oppskrift, dessverre :/ Men skal notere meg det – kanskje det blir neste gang 😀

  2. Hvor stor er den gryta?

    1. 3-3,5 liter cirka.

  3. Anne Therese

    Bakar kun eltefritt. Eg etterhever aldri, men let den berre stå medan ovnen blir varm. Når eg har dårleg tid, så legg eg berre opp klattar på bakeplata og nyttar fukta hender til å forme som rundstykker. Steiker i 15-20min og gir saftig, haldtbart resultat kvar gang!

    1. Ja, rundstykke er også genialt 😀

  4. Dette skal jeg prøve. Er veldig glad i gjærbakst, men har aldri prøvd eltefritt.. Bruker du kaldt vann?

    1. Bruker vatn rett fra springen, har ingenting å sei om det er kaldt (så lenge det ikkje er iskaldt) eller lunka 🙂 Håper det smaker!

  5. Denne skal prøves!! noen spørsmål bare: er det mulig å sløyfe solsikkekjernene? Og, har det noe å si på steketiden om gryta er høyere/smalere?

    1. Hei! Jaja, dropp solsikkekjernene eller bruk noko anna 🙂
      Eg opplever ikkje at steiketida varierer om gryta er høgare og smalare. Håper det smaker!

  6. Sitter og tilfeldigvis kommer over artikkelen no før frokost.
    Skal kna opp deigen og prøve å etterheve 2timer og se om resultatet gjør at eg prøver igjen å lage ELTEFRITT.
    Takk for artikkelen.

    1. Håper brødet faller i smak, Morten 🙂

  7. Tove Valseth

    Hei. Har gryte som er på 6l. Vil det bli for mye å doble oppskrifta?

    1. Hei! Min gryte er på cirka 3 liter. Men om denne på 6 liter er for stor kjem litt an på diameteren? Om gryte er høg så gjer det ingenting 🙂 Men har den er veldig, veldig stor diameter så vil brødet sannsynligvis bli litt lavt.

  8. Hei, Kan eg lage brødet i leirgryte med lokk etter same oppskrift?

    1. Det går nok fint 🙂

  9. Hei! Dette var helt nydelig godt, og så sprø skorpe skal bake det igjen nå. Går det fint om brødet forhever i 24 timer?

    1. Hei! Ja, det skal gå fint 🙂 Kjekt du likte brødet!!

  10. Kan eg bruke brødform i staden for støyoehjarngryte?

    1. Du kan det, men etter mn erfaring blir ikkje skorpa sprø i brødform 🙂

  11. Ellen Sofie Marstrander

    Kan eg bruke brødform i staden for gryte?

    1. Du kan det, men etter mn erfaring blir ikkje skorpa sprø i brødform 🙂

  12. Jeg elsker det brødet

    1. Såå hyggelig! Du er ikkje den første som skriver det 😀

  13. Blir en gryte på 5,5 liter å diameter på 26 for stor?

    1. Du vil få eit litt lavare brød, men det skal nok gå fint å bruke 🙂

  14. Hei! Hvordan er det med gryta etter du har brukt den til brød?
    Har hørt noe om at den kan bli stygg av det. Vil du kunne bruke støpjernsgyta etterpå til akkurat samme bruken som tidligere? Altså om det bare er å vaske den så blir den like fin igjen? 🙂

    1. Mine gryter er like fine enda, og eg bruker dei til både supper, gryter m.m 🙂 Så dette er ikkje noko eg har opplevd enda vertfall!