Blomkål- og brokkolisuppe

Heisann!

Idag er der suppemandag (igjen!). På denne årstida er jo det så godt med supper til middag 🙂 Dagens variant er en blomkål- og brokkolisuppe, og som dokke veit har eg alltid fokus på kjøttfritt på mandager. Derfor er suppa vegetarisk, og er også vegansk om du bruker kokosmelk og olje til steiking.

Som topping har eg brukt rista, sprø kikerter og rista gresskarkjerner. Det er fantastisk god suppe-topping uansett om det er vegetaroppskrift i fokus eller ikkje 🙂

Du trenger, ca. 4 personer
1-2 løk, grovhakka
3 fedd kvitøk, finhakka
1 stor blomkål, i buketter*
1 stor brokkoli, i buketter*
15 dl grønnsakskraft, buljong eller fond*
2-3 dl fløyte eller 200-300 g creme fraiche eller 2-3 dl kokosmelk (ikkje light)
salt og pepper
smør eller olje til steiking

Slik gjer du:
Steik løk og kvitløk i smør/olje til den er blank. Tilsett blomkål, brokkoli og kraft. Kok opp og la det småkoke i 15-20 minutt, til grønnsakene er godt møre.

Mos suppa klumpfri med stavmiksar. Tilsett deretter fløyte/creme fraiche/kokosmelk og smak til med salt og pepper. Juster eventuelt med meir væske om du ønsker ein tynnare konsistens på suppa. Server med valgfri topping♥

TIPS OG ALTERNATIVER*
Buljong/fond: Har du ikkje kraft bruker du 15 dl vatn og blander dette med buljong eller fond. Eg får alltid spørsmål om kor mykje ein skal bruke: her må du lese på pakken! Det varierer fra merke til merke kor mykje du skal bruke, derfor kan eg ikkje presisere. Det står for eksempel 1 ss fond/1 terning buljong pr. 5 dl vatn. Då må du bruke 3 ss fond/3 terninger buljong i denne oppskrifta. Men hugs å smake til, det kan vere godt med litt ekstra for meir smak 🙂

Blomkål/brokkoli: har du små grønnsaker? Då kan du bruke 1,5 av kvar. Alternativt 1 brokkoli og 2 blomkål eller omvendt. Visst ikkje bruker du mindre væske og heller sper på etter suppa er stavmiksa.

Rista gresskarkjerner er berre gresskarkjerner rista i panna med litt smør/olje og maldosalt, deretter avkjølt. Oppskrift på knasande sprø, rista kikerter finner du HER:

Velbekomme og god suppemiddag 🙂 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *