Mine beste tips for å lukkast med middagsmaten

Egenreklame / Det er noko som skal på bordet kvar einaste dag, på det mest kaotiske tidspunktet på ettermiddagen. Det er det måltidet som krev mest planlegging og førebuing. Det er gjerne det måltidet ein samlar familien til, og som skal tilfredsstille alle rundt bordet. Det er og det måltidet ein stiller aller mest spørsmål om. Det er heilt likt kvar einaste gong; kva skal vi ha til middag?

Slik starter forordet på kokeboka mi «Opptur med sunne middagar». Boka blei til på bakgrunn av det følgarane mine og lesarane mine ville ha: inspirasjon til sunne, raske og enkle kvardagsmiddager. Ei bok som gir svaret på kva ein skal ha til middag. Men sjølv om boka gir over 80 oppskrifter på middager, så er det nokre andre tips og triks som er fine å ta med seg for å unngå kvardagsstress, tidsklemma, lange ettermiddagskøer på butikken og ikkje minst: få middagen på bordet i tide!

I boka har eg skrevet eit par sider med MINE BESTE TIPS FOR Å LUKKAST MED MIDDAGSMATEN, og desse tipsa har eg lyst å dele med dokke her idag 🙂 Eg er ikkje alltid like flink til å følge desse tipsa sjølv, men veit veldig godt at kvardagen går mykje lettare om eg faktisk gjer det – og det gjelder nok alle dokke også!

1 – PLANLEGGING

Planlegging er nøkkelen til suksess. Sett av litt tid i løpet av søndagen til å planlegge middagar for den kommande veka, og når middagane skal lagast. Har du skikkeleg dårleg tid på tirsdag? Vel ein middag som du kan klargjere kvelden før, eller ein middag som er klar på maks 20 minutt. Er du aleine på torsdag og skal kun lage middag til deg sjølv? Vel ein porsjonsmiddag som du syns ser ekstra god ut.

Planlegg rett og slett middagane ut frå korleis dagane ser ut, slik at du unngår kvardagsstresset, tidsklemma og det evige middagsspørsmålet. Eit must for å lukkast med middagsmaten!

2 – INNKJØP AV MATVARER

Når planlegginga er i boks på søndagen, sjå over kva du faktisk har frå før i kjøkkenskap, kjøleskap og frysar. Skriv deretter ei handleliste over kva du manglar, og gjer innkjøp av alle matvarene allereie på mandagen. Då har du ingrediensar og råvarer tilgjengeleg heime for middagsmaten resten av veka, noko som gjer det både meir tidseffektivt, overkommeleg og kjekt å lage middag. Og så er det veldig fint å sleppe lange ettermiddagskøer på butikken i 16-draget…

3. LES ALLTID HEILE OPPSKRIFTA FØR DU STARTAR

Eg anbefaler å lese gjennom heile oppskrifta og finne fram alt du treng før du startar matlaginga. På denne måten lagar du deg eit bilete på stega du skal gjen- nom, og får god oversikt. Det er svært irriterande å komme halvvegs og oppdage at du manglar noko, eller at du kjem til eit punkt der du kanskje skulle starta på noko før – for å få middagen på bordet i tide.

4 – LAG MIDDAG FOR TO DAGER I SLENGEN

Lag dobbel oppskrift og ha middag i to dagar! Å komme heim til ferdig middag er rein luksus. Det krev minimalt med innsats og oppvask, og middagen er klar til servering så fort den er oppvarma. Nokre middagar smaker faktisk betre dagen etterpå også, slik som supper, gryter og gratengar.

5 – TENK ENKELT

Heimelaga middag treng absolutt ikkje vere avansert. Den treng heller ikkje innehalde eit A4 ark med ingrediensar, vere tidkrevande eller vanskeleg å lage. Nettopp derfor har eg laga denne boka med fokus på kvardagsmiddagar i ulike kategoriar. Heimelaga, sunn middag kan vere kjapt og enkelt, lagast med få ingrediensar, og vere overkommeleg for alle!

6 – VER KREATIV

Har du funne ei freistande middagsoppskrift, men manglar noko som står i ingredienslista? Bruk oppskrifta som inspirasjon, ver kreativ og lag din eigen vri. Ingen middagsoppskrifter treng å bli følgde slavisk. Er det noko du ikkje liker, ikkje toler eller ikkje har tilgjengeleg, så kan du gjerne bruke noko anna. Det er berre kreativiteten som set grenser!


Fekk du nokre gode tips? Eg håper virkelig det 😀 Og skulle du ha eit ønske om å få denne kokeboka mi med en bibel av deilige, kvardagslige middagsoppskrifter, så kan du kjøpe den HER! For kun 349,- får du boka rett heim i postkassa di♥

Her ser du en oversikt over kapitlane i boka:
→ Middagar på maks 20 minutt
→ Middagar du kan lage klar kvelden før
→ Alt-i-eitt midddagar
→ Restemiddagar
→ Middagar for ein person
→ Middagar med maks 6 ingredienser
→ Helgemiddagar
→ Tilbehørtips til middagen

Over halvparten av oppskriftene er heilt nye, og aldri blitt delt på bloggen (eller i første kokebok) tidligare 🙂 Les gjerne innlegget mitt «Alt du trenger å vite om den nye kokeboka mi» – der skriver eg utfyllande korleis boka er♥

7 kommentarer

  1. Åsfrid Braathen

    Ja takk, vil gjerne ha kokeboka di, mvh Åsfrid Braathen

    1. Så hyggelig, Åsfrid 😀 Den kan du enkelt bestille her:
      https://www.friskforlag.no/produkt/opptur-med-sunne-middagar/

    2. Berit solum

      Du lager så mye godt.Vill gjerne kjøpe boken din

  2. Bjørn T Johansen

    Hei.
    Akkurat kjøpt begge bøkene dine og såvidt fått prøvd noen oppskrifter. Men veldig fornøyd så langt og lest igjennom det meste av bøkene og er overraskende mange oppskrifter jeg får lyst til å prøve..
    Men har et lite spm, kan man laste ned alle oppskriften i elektronisk format noen plass?
    Hvis ikke, kanskje det hadde vært noe å tilby de som har kjøpt boka/bøkene?

    1. Hei! Så hyggelig å lese at du har kjøpt bøkene mine 🙂 Denne muligheten med å laste ned oppskrifter i elektonisk format har eg ikkje. Eg kan jo alltids høyre med forlaget om det 🙂 Ellers kan det hende dei kan tilby deg en PDF av boka, blir det det samme mon tro? Får ikkje lasta ned en og en oppskrift, men heile boka i ett 🙂

      1. Bjørn T Johansen

        PDF er bedre enn ingenting..
        Evt i mobi eller epub format.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *