Linda Stuhaug

Annonse

Skinke- og avokadowraps

Skinke- og avokadowraps
God fredag!
Lyst på eit frukost, lunsj eller turmattips til helga? Passer sjølvsagt like godt til kvardag – eg ete lomper kvar einaste dag uansett kva dag det er 🙂
Lompene fyller eg med ulikt pålegg fra dag til dag, og periode til periode. Her er ein smakfull og enkel variant med skinke & avokado:
Eg har brukt: → Ferske lomper (som ikkje har vore i frysaren. Dei sprekker så lett og er mindre saftige. Eg lager heimelaga eller kjøper Buer sine speltlomper/potetlomper, det er dei einste lompene eg får kjøpt ferske her eg bur) → Kremost (eg brukte Kremgo Urter) → Spinat → Kalkunskinke → Avokado → Paprika → Pepper
Smør halve lompe med kremost, og legg pålegget på andre halvparten. Start med å rulle sammen lompa fra motsatt ende av der kremosten er. Då fungerer kremosten som «lim» og holder lompa sammen 🙂
Skal du ha med deg lompewraps på i matpakken eller på tur, så anbefaler eg å pakke inn i plast- eller aluminiumsfolie. Då holder den seg fersk og god fleire timer i matboksen 🙂 Eg pleier ofte å lage til slike wraps kvelden før, og ta med til niste dagen etterpå, og det er nesten som nysmurt!
Og du kan sjølvsagt bytte ut lompene med tortillalefser om du heller ønsker det. Gjerne grove tortillalefser eller andre typer grove lefser 🙂 Eg velger lomper framfor lefser uansett kva det er snakk om, fordi eg liker lomper mykje bedre. Aller helst foretrekker eg speltlomper til wraps, fordi dei er bittelitt tjukkare og større i diameter enn vanlige potetlomper, men eg kjøper som alltid dei som er ferskast på dato for å få dei mjukaste, saftigaste lompene 🙂
Fargerikt, enkelt, sunt og godt♥
Med det vil eg ønske dokke alle ei riktig fin helg! Her er det meldt full sol OG vindstille OG fantastiske temperaturer heile helga, og det er sjelden på Vestlandet. Det skal virkelig nytast til det fulle, og det blir garantert nokon lompewraps og lompetoast i sekken♥

God fredag!

Lyst på eit frukost, lunsj eller turmattips til helga? Passer sjølvsagt like godt til kvardag – eg ete lomper kvar einaste dag uansett kva dag det er 🙂

Lompene fyller eg med ulikt pålegg fra dag til dag, og periode til periode. Her er ein smakfull og enkel variant med skinke & avokado:

Eg har brukt:
→ Ferske lomper (som ikkje har vore i frysaren. Dei sprekker så lett og er mindre saftige. Eg lager heimelaga eller kjøper Buer sine speltlomper/potetlomper, det er dei einste lompene eg får kjøpt ferske her eg bur)
→ Kremost (eg brukte Kremgo Urter)
→ Spinat
→ Kalkunskinke
→ Avokado
→ Paprika
→ Pepper

Smør halve lompe med kremost, og legg pålegget på andre halvparten. Start med å rulle sammen lompa fra motsatt ende av der kremosten er. Då fungerer kremosten som «lim» og holder lompa sammen 🙂

Skal du ha med deg lompewraps på i matpakken eller på tur, så anbefaler eg å pakke inn i plast- eller aluminiumsfolie. Då holder den seg fersk og god fleire timer i matboksen 🙂 Eg pleier ofte å lage til slike wraps kvelden før, og ta med til niste dagen etterpå, og det er nesten som nysmurt!

Og du kan sjølvsagt bytte ut lompene med tortillalefser om du heller ønsker det. Gjerne grove tortillalefser eller andre typer grove lefser 🙂 Eg velger lomper framfor lefser uansett kva det er snakk om, fordi eg liker lomper mykje bedre. Aller helst foretrekker eg speltlomper til wraps, fordi dei er bittelitt tjukkare og større i diameter enn vanlige potetlomper, men eg kjøper som alltid dei som er ferskast på dato for å få dei mjukaste, saftigaste lompene 🙂

Fargerikt, enkelt, sunt og godt♥

Med det vil eg ønske dokke alle ei riktig fin helg! Her er det meldt full sol OG vindstille OG fantastiske temperaturer heile helga, og det er sjelden på Vestlandet. Det skal virkelig nytast til det fulle, og det blir garantert nokon lompewraps og lompetoast i sekken♥

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg