Linda Stuhaug

Annonse

28. april 2020

Blomkål- og brokkolisuppe med laks

Blomkål- og brokkolisuppe med laks
Heisann!
Av og til er eg litt ivrig på butikken og handler inn alt for mykje blomkål og brokkoli. Spesielt visst det er på tilbud eller datosalg. Då synes eg det er digg å slenge sammen ei blomkål- og brokkolisuppe. Det eg liker så innimar godt med denne suppa (eg har laga den veldig mange ganger dei siste månedane) er at den passer med ALT av topping! Då meiner eg virkelig alt også!
Eg har laga vegetarvariant med rista kikerter & gresskarkjerner, eg har toppa suppa med stekt kylling, bacon, pølse, spekeskinke, tacorester, skinke, skalldyr, torsk og laks. Derfor er denne suppa heilt genial når det er middagsrester til overs!
Denne gangen har eg toppa suppa med laks (og litt rista gresskarkjerner, det er SÅ godt!), nydelig:
Du trenger, ca. 4 personer 1-2 løk, grovhakka 3 fedd kvitøk, finhakka 1 stor blomkål, i buketter* 1 stor brokkoli, i buketter* 15 dl kraft, buljong eller fond* 2-3 dl fløyte eller 200-300 g creme fraiche eller 2-3 dl kokosmelk (ikkje light) salt og pepper smør eller olje til steiking – 4 laksefileter (500 g)
Slik gjer du: Steik løk og kvitløk i smør/olje til den er blank. Tilsett blomkål, brokkoli og kraft. Kok opp og la det småkoke i 15-20 minutt, til grønnsakene er godt møre.
Mos suppa klumpfri med stavmiksar. Tilsett deretter fløyte/creme fraiche/kokosmelk og smak til med salt og pepper. Juster eventuelt med meir væske om du ønsker ein tynnare konsistens på suppa.
Server suppa med valgfri topping. Eg hadde laks denne gangen: skjært opp i terninger og gjennomstekt på panna med smør, salt og pepper.
TIPS OG ALTERNATIVER* Buljong/fond: I suppa kan du bruke både kraft/buljong/fond av grønnsak, kylling eller storfe. Har du ikkje kraft bruker du 15 dl vatn og blander dette med buljong eller fond. Eg får alltid spørsmål om kor mykje ein skal bruke: her må du lese på pakken! Det varierer fra merke til merke kor mykje du skal bruke, derfor kan eg ikkje presisere. Det står for eksempel 1 ss fond/1 terning buljong pr. 5 dl vatn. Då må du bruke 3 ss fond/3 terninger buljong i denne oppskrifta. Men hugs å smake til, det kan vere godt med litt ekstra for meir smak 🙂
Blomkål/brokkoli: har du små grønnsaker? Då kan du bruke 1,5 av kvar. Alternativt 1 brokkoli og 2 blomkål eller omvendt. Visst ikkje bruker du mindre væske og heller sper på etter suppa er stavmiksa.
Når eg lager suppe pleier eg å lage en stor, stor porsjon. Gjerne trippel oppskrift som står ovenfor. Det som blir til overs fryser eg ned i bokser. Då har eg fleire porsjoner med lettvint, digg middag i frysaren som eg kan ta opp dei dagane eg enten har det litt hektisk, eller har middagsrester som passer som topping på suppa. Eit fint tips å ta med seg!
Håper det ser fristande ut! Eg berre ELSKER supper, og synes det er så digg at det er så enkelt å variere en suppe med f.eks ulike typer toppinger for å få god variasjon 🙂

Heisann!

Av og til er eg litt ivrig på butikken og handler inn alt for mykje blomkål og brokkoli. Spesielt visst det er på tilbud eller datosalg. Då synes eg det er digg å slenge sammen ei blomkål- og brokkolisuppe. Det eg liker så innimar godt med denne suppa (eg har laga den veldig mange ganger dei siste månedane) er at den passer med ALT av topping! Då meiner eg virkelig alt også!

Eg har laga vegetarvariant med rista kikerter & gresskarkjerner, eg har toppa suppa med stekt kylling, bacon, pølse, spekeskinke, tacorester, skinke, skalldyr, torsk og laks. Derfor er denne suppa heilt genial når det er middagsrester til overs!

Denne gangen har eg toppa suppa med laks (og litt rista gresskarkjerner, det er SÅ godt!), nydelig:

Du trenger, ca. 4 personer
1-2 løk, grovhakka
3 fedd kvitøk, finhakka
1 stor blomkål, i buketter*
1 stor brokkoli, i buketter*
15 dl kraft, buljong eller fond*
2-3 dl fløyte eller 200-300 g creme fraiche eller 2-3 dl kokosmelk (ikkje light)
salt og pepper
smør eller olje til steiking

4 laksefileter (500 g)

Slik gjer du:
Steik løk og kvitløk i smør/olje til den er blank. Tilsett blomkål, brokkoli og kraft. Kok opp og la det småkoke i 15-20 minutt, til grønnsakene er godt møre.

Mos suppa klumpfri med stavmiksar. Tilsett deretter fløyte/creme fraiche/kokosmelk og smak til med salt og pepper. Juster eventuelt med meir væske om du ønsker ein tynnare konsistens på suppa.

Server suppa med valgfri topping. Eg hadde laks denne gangen: skjært opp i terninger og gjennomstekt på panna med smør, salt og pepper.

TIPS OG ALTERNATIVER*
Buljong/fond: I suppa kan du bruke både kraft/buljong/fond av grønnsak, kylling eller storfe. Har du ikkje kraft bruker du 15 dl vatn og blander dette med buljong eller fond. Eg får alltid spørsmål om kor mykje ein skal bruke: her må du lese på pakken! Det varierer fra merke til merke kor mykje du skal bruke, derfor kan eg ikkje presisere. Det står for eksempel 1 ss fond/1 terning buljong pr. 5 dl vatn. Då må du bruke 3 ss fond/3 terninger buljong i denne oppskrifta. Men hugs å smake til, det kan vere godt med litt ekstra for meir smak 🙂

Blomkål/brokkoli: har du små grønnsaker? Då kan du bruke 1,5 av kvar. Alternativt 1 brokkoli og 2 blomkål eller omvendt. Visst ikkje bruker du mindre væske og heller sper på etter suppa er stavmiksa.

Når eg lager suppe pleier eg å lage en stor, stor porsjon. Gjerne trippel oppskrift som står ovenfor. Det som blir til overs fryser eg ned i bokser. Då har eg fleire porsjoner med lettvint, digg middag i frysaren som eg kan ta opp dei dagane eg enten har det litt hektisk, eller har middagsrester som passer som topping på suppa. Eit fint tips å ta med seg!

Håper det ser fristande ut! Eg berre ELSKER supper, og synes det er så digg at det er så enkelt å variere en suppe med f.eks ulike typer toppinger for å få god variasjon 🙂

Annonse

4 Kommentarer

E

Elise

29. september 2020

Veldig god suppe! Serverte med havre og spelt rundstykker, passet godt:) takk for god oppskrift!

Linda Stuhaug

30. september 2020

Fantastisk! Kjekt den falt i smak 😀

H

Huda

31. januar 2021

Kan man droppe å mose grønnsakene?

Linda Stuhaug

1. februar 2021

Du kan jo det, men… kvifor vil du ikkje gjere det? 🙂 Hehe, det er på en måte heile suppa… 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg