Sukkerfri yoghurt panna cotta med frisk jordbærsaus

Det er mandag, og kanskje ikkje den typiske dagen eg deler dessertoppskrift på bloggen. Men, sånn blir det idag – og det er jo absolutt heilt innafor 🙂 For denne yoghurt panna cottaen passer like godt om det er mandag, onsdag eller lørdag. Dette er ein av mine absolutt sukkerfri desserter, og den blir alltid tatt godt imot♥

Yoghurt panna cottaen er uten tilsatt sukker, og kan fint lagast uten laktose/melk (bruk tilsvarande alternativer til melk og yoghurt). I tillegg er den naturlig proteinrik og veldig kalorilett.

Eg har jo fleire lignande oppskrifter på yoghurt panna cotta i arkivet, men her er en ny vri med ny saus: frisk jordbærsaus♥ Og grunnen til at eg vil dele denne oppskrifta denne veka, er jo fordi vi nærmer oss 17.mai – og då veit eg mange setter pris på desserter og kaker som passer til denne feiringa, så då er denne er midt i blinken!

Tips! Kan fint lagast klar 2-3 dager i forveien. Står seg fint i kjøleskapet, men hell gjerne over sause før servering! Heller ingen problem å doble eller tiple oppskrifta om den skal lagast til mange. 

Yoghurt panna cotta, 2 store /3 mindre porsjoner
2 dl melk valgfri melk
200 g naturell yoghurt/kvarg/kesam/melkefri yoghurt
2 toppa ss sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 4 toppa ss sukker)
3 plater gelatin
evt. eit dryss ekte vaniljepulver

Slik gjer du:
Ha melk og sukrin+ i en liten kjele. Varm opp på svak varme (treng ikkje koke, men nærme seg kokepunktet). Trekk kjelen til side.

Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3-4 minutt til dei er mjuke, klem ut vatnet og smelt i den varme melkeblandinga. Avkjøl litt.

Til slutt rører du inn yoghurten. Hell over i porsjonsskåler og sett til avkjøling i kjøleskap til panna cottaen er stivna, ca. 3-4 timer.

Frisk jordbærsaus
250 g ferske jordbær
2-4 ss sukrinmelis (eller anna pulverisert/flytande søtning)
litt limesaft
evt. eit dryss ekte vaniljepulver

Slik gjer du:
Mos jordbæra med en gaffel og smak til med søtning og limesaft. Hell over panna cottaen før servering.

Ein sunn, frisk, søt og god dessert som passer like godt kvardag som helg og feiring 😀 Hovedingrediensane er jo melk, yoghurt og bær – så denne panna cottaen kan fint nytast til både mellommåltid, kveldskos eller kaffikoppen kva som helst dag i veka. Det er jo teoretisk sett nesten det samme som å ete ei typisk yoghurtskål med dei samme ingrediensane, berre at ingrediensane er satt sammen til en dessert 🙂

Håper det ser fristande ut♥ Ha en herlig mandag!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 kommentarer

  1. Den må prøvast

    1. Håper den smaker 😀

  2. Kan man bruke gresk youghert? 🙂

    1. Jaja, det det er jo en type naturell yoghurt 🙂

  3. Kan ein bruke sukrinmelis istadenfor sukrin+?

    1. Ja, det går under «anna søtning» 🙂 Berre hugs å bruke 4 ss!

  4. Karoline

    Kan man bruke plantebasert melk?
    Som Alpro kokosmelk feks.

    1. Jaja, det er nettopp derfor eg skrive valgfri melk – man kan bruke kva som helst melk 🙂