Linda Stuhaug

Annonse

Karamelliserte rabarbrabiter på 1-2-3

Karamelliserte rabarbrabiter på 1-2-3
Heisann!
Når eg endelig fekk tak i rabarbra i forrige veke, så hadde eg lyst til å lage noko kjapt, enkelt og kvardagslig med rabarbraen. Valget falt på karamelliserte rabarbrabiter – enkelt og greit rabarbrabiter stekt med sukrin gold – ferdig på berre eit par minutter! Rabarbrabitane blei møre, saftige, søte og skikkelig gode, dette må prøvast♥
Her har eg brukt dei karamelliserte rabarbrabitane som topping på kjøleskapsgraut, men eg har laga dette fleire ganger og det passer like godt over yoghurtblandinger, pannekaker, vafler m.m 🙂 Det vil også passe ypperlig som ein del av ein frukt/bærsalat!
Til å lage dette trenger du kun rabarbra (delt opp i biter) og valgfri søtning. Eg har brukt sukrin gold, fordi det gir en nydelig karamellsmak og karamelliserer seg godt. Du kan også bruke sukker, honning, sukrinsirup, kokossukker, sukrin+ også vidare – bruk det du har og liker 🙂 Ta måla litt på slump, rabarbra er generelt litt surt og trenger litt meir søtning enn andre frukter.
Steik på litt over middels varme i 2-3 minutter til rabarbrabitane begynner å bli møre. Smak gjerne underveis etter korleis konsistens du vil ha på rabarbraen, og ikkje minst om du må tilsette meir søtning. Så lenge du smaker deg fram blir det bra uansett!
Rabarbrabitane kan nytast både varme, lune eller kalde – personlig synes eg dei er best litt lune, og bruker det som topping relativt kjapt etter det er ferdigstekt.
Tips! Det er også godt å tilsette litt kanel og/eller ekte vaniljepulver 🙂
Har du og lyst til å toppe det på kjøleskapsgraut? Den består enkelt og greit av: 1,5 dl havregryn 1,5 dl valgfri melk 100 g valgfri yoghurt/kesam/e.l litt sukrin+ (smak til med valgfri søtning)
Bland sammen, sett kaldt i minst 4-5 timer – gjerne natta over om du skal nyte skåla til frukost. Ha over rabarbratopping og gjerne litt nøtter rett før du skal ete 🙂
Kjøleskapsgraut lager eg i ulike varianter alt etter kva eg har i kjøleskapet; ofte bruker eg tjukkmjølk eller anna type syrna melk (kefir, cultura) istedenfor melk og yoghurt. Innimellom bytter eg ut litt havregryn med 1 ss chiafrø, kanskje eg putter oppi litt linfrø eller smakstilsetning i form av fryste bær, kanel etc. I tillegg er toppingen alltid ulik med frukt, bær, nøtter, nøttesmør… Varier og bruk fantasien!
Har du rabarbra, prøv dette! Det var skikkelig godt altså 🙂

Heisann!

Når eg endelig fekk tak i rabarbra i forrige veke, så hadde eg lyst til å lage noko kjapt, enkelt og kvardagslig med rabarbraen. Valget falt på karamelliserte rabarbrabiter – enkelt og greit rabarbrabiter stekt med sukrin gold – ferdig på berre eit par minutter! Rabarbrabitane blei møre, saftige, søte og skikkelig gode, dette må prøvast♥

Her har eg brukt dei karamelliserte rabarbrabitane som topping på kjøleskapsgraut, men eg har laga dette fleire ganger og det passer like godt over yoghurtblandinger, pannekaker, vafler m.m 🙂 Det vil også passe ypperlig som ein del av ein frukt/bærsalat!

Til å lage dette trenger du kun rabarbra (delt opp i biter) og valgfri søtning. Eg har brukt sukrin gold, fordi det gir en nydelig karamellsmak og karamelliserer seg godt. Du kan også bruke sukker, honning, sukrinsirup, kokossukker, sukrin+ også vidare – bruk det du har og liker 🙂 Ta måla litt på slump, rabarbra er generelt litt surt og trenger litt meir søtning enn andre frukter.

Steik på litt over middels varme i 2-3 minutter til rabarbrabitane begynner å bli møre. Smak gjerne underveis etter korleis konsistens du vil ha på rabarbraen, og ikkje minst om du må tilsette meir søtning. Så lenge du smaker deg fram blir det bra uansett!

Rabarbrabitane kan nytast både varme, lune eller kalde – personlig synes eg dei er best litt lune, og bruker det som topping relativt kjapt etter det er ferdigstekt.

Tips! Det er også godt å tilsette litt kanel og/eller ekte vaniljepulver 🙂

Har du og lyst til å toppe det på kjøleskapsgraut? Den består enkelt og greit av:
1,5 dl havregryn
1,5 dl valgfri melk
100 g valgfri yoghurt/kesam/e.l
litt sukrin+ (smak til med valgfri søtning)

Bland sammen, sett kaldt i minst 4-5 timer – gjerne natta over om du skal nyte skåla til frukost. Ha over rabarbratopping og gjerne litt nøtter rett før du skal ete 🙂

Kjøleskapsgraut lager eg i ulike varianter alt etter kva eg har i kjøleskapet; ofte bruker eg tjukkmjølk eller anna type syrna melk (kefir, cultura) istedenfor melk og yoghurt. Innimellom bytter eg ut litt havregryn med 1 ss chiafrø, kanskje eg putter oppi litt linfrø eller smakstilsetning i form av fryste bær, kanel etc. I tillegg er toppingen alltid ulik med frukt, bær, nøtter, nøttesmør… Varier og bruk fantasien!

Har du rabarbra, prøv dette! Det var skikkelig godt altså 🙂

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg