Linda Stuhaug

Annonse

Grønn smoothieskål med mango, ananas og spinat

Heisann!
Kan eg friste med ein grønn, herlig smoothie til helga? Det er ikkje meir enn ein neve spinat som skal til for å få ein lekker grønnfarge på smoothien, og det smaker overhode ikkje grønt 🙂 Prøv denne smoothien og bli overbevist om at grønn smoothie er både lekkert og skikkelig, skikkelig godt:
Eg brukte, 1 skål: ♦ 150 g fryst mango ♦ 100 g fryst ananas ♦ 1/3 fryst avokado (kan sløyfast, eller bruk fersk) ♦ 1 stor neve fersk spinat (du kan og bruke 1-2 fryste spinatterninger) ♦ 150 g naturell yoghurt (bruk gjerne anna yoghurt/kesam) ♦ melk til passelig konsistens ♦ litt søtning
Slik gjer du: Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør til en jevn, klumpfri smoothie. Juster med melk eller anna væske til den konsistensen du ønsker, og smak til om du vil ha den søtare.
Ha over i ei skål og topp med valgfri topping♥
Eg toppa smoothien med 1/3 banan i skiver, litt moreller og rista pecannøtter. Nyyydelig♥
Eg liker best smoothien så fyldig som mulig, men dette justerer du etter korleis du liker smoothien. Vil du drikke den kjører du på med enda meir væske, dropper topping og nyter den som den er 🙂
Smoothie ete eg til både frukost, lunsj, mellommåltid, middag og kveldsmat om dagane – alt etter når eg har lyst på det. Heilt innafor med ei skål som dette til alle døgnets måltider no om sommaren 🙂
Håper det ser fristande ut! God helg alle sammen♥

Heisann!

Kan eg friste med ein grønn, herlig smoothie til helga? Det er ikkje meir enn ein neve spinat som skal til for å få ein lekker grønnfarge på smoothien, og det smaker overhode ikkje grønt 🙂 Prøv denne smoothien og bli overbevist om at grønn smoothie er både lekkert og skikkelig, skikkelig godt:

Eg brukte, 1 skål:
♦ 150 g fryst mango
♦ 100 g fryst ananas
♦ 1/3 fryst avokado (kan sløyfast, eller bruk fersk)
♦ 1 stor neve fersk spinat (du kan og bruke 1-2 fryste spinatterninger)
♦ 150 g naturell yoghurt (bruk gjerne anna yoghurt/kesam)
♦ melk til passelig konsistens
♦ litt søtning

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør til en jevn, klumpfri smoothie. Juster med melk eller anna væske til den konsistensen du ønsker, og smak til om du vil ha den søtare.

Ha over i ei skål og topp med valgfri topping♥

Eg toppa smoothien med 1/3 banan i skiver, litt moreller og rista pecannøtter. Nyyydelig♥

Eg liker best smoothien så fyldig som mulig, men dette justerer du etter korleis du liker smoothien. Vil du drikke den kjører du på med enda meir væske, dropper topping og nyter den som den er 🙂

Smoothie ete eg til både frukost, lunsj, mellommåltid, middag og kveldsmat om dagane – alt etter når eg har lyst på det. Heilt innafor med ei skål som dette til alle døgnets måltider no om sommaren 🙂

Håper det ser fristande ut! God helg alle sammen♥

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg