Linda Stuhaug

Annonse

Lomperuller med ruccola & fenalår

Lomperuller med ruccola & fenalår
Har du lyst på skikkelig godt og enkelt til strandmat? Lomperuller er midt i blinken for både store og små!
Eg har laga ein superenkel variant med kremost, ruccola og fenalår. Desse lomperullane delte eg opp i biter, og då passer dei perfekt til strandmaten, til tapasbord, til koldtbord, tilbehør til suppe/salat eller som ein smårett før grillmaten. Udelte lomperuller lager eg også ofte i matpakken eller som turmat, for å ikkje snakke om frukost eller kveldsmat. Det passer virkelig til alt!!
Makan til enkelt, og makan til godt:
Til desse brukte eg: → 5 ferske speltlomper → Smurte eine halvdelen av lompa med kremost (eg brukte Kremgo Urter) → La over ruccola og fenalår i skiver på den andre halvdelen → Starta å rulle lompa fra sida med fyllet og avslutta med halvdelen med kremost – då fungerer kremosten også som lim og binder lompa sammen → Skar deretter kvar lompe i fire biter
Fenalår kan gjerne byttast med spekeskinke – det er minst like godt 🙂 Ellers kan du sjølvsagt bruke andre grønnsaker og anna pålegg, alt etter kva du liker og har tilgjengelig. Men noko kremost e.l er alfa omega for å holde lompa sammen!
Eg serverte lomperullane som ein del av eit lite koldtbord på jonsokafta, det falt godt i smak hos alle sammen!
Håper du er inspirert – det er jo så godt, og ikkje minst superenkelt♥

Har du lyst på skikkelig godt og enkelt til strandmat? Lomperuller er midt i blinken for både store og små!

Eg har laga ein superenkel variant med kremost, ruccola og fenalår. Desse lomperullane delte eg opp i biter, og då passer dei perfekt til strandmaten, til tapasbord, til koldtbord, tilbehør til suppe/salat eller som ein smårett før grillmaten. Udelte lomperuller lager eg også ofte i matpakken eller som turmat, for å ikkje snakke om frukost eller kveldsmat. Det passer virkelig til alt!!

Makan til enkelt, og makan til godt:

Til desse brukte eg:
→ 5 ferske speltlomper
→ Smurte eine halvdelen av lompa med kremost (eg brukte Kremgo Urter)
→ La over ruccola og fenalår i skiver på den andre halvdelen
→ Starta å rulle lompa fra sida med fyllet og avslutta med halvdelen med kremost – då fungerer kremosten også som lim og binder lompa sammen
→ Skar deretter kvar lompe i fire biter

Fenalår kan gjerne byttast med spekeskinke – det er minst like godt 🙂 Ellers kan du sjølvsagt bruke andre grønnsaker og anna pålegg, alt etter kva du liker og har tilgjengelig. Men noko kremost e.l er alfa omega for å holde lompa sammen!

Eg serverte lomperullane som ein del av eit lite koldtbord på jonsokafta, det falt godt i smak hos alle sammen!

Håper du er inspirert – det er jo så godt, og ikkje minst superenkelt♥

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg