Linda Stuhaug

Annonse

7. juli 2020

Knallgode, enkle vårruller

Knallgode, enkle vårruller
No er det på høg tid at eg deler oppskrift på desse vårrrullane!
Eg hugser fortsatt dagen eg og mamsen stod på kjøkkenet å lagde desse vårrullane, for det var nemlig 12.mars når Norges land vart stengt ned på bakgrunn av koronavirus-pandemien. Eg stod midt i foto av desse vårrullane når nyhetene på tv-en rulla og vi fekk beskjeden som skulle snu opp-ned på kvardagen den neste tida. Det er over 3 måneder sidan no, tida flyr – og vårrullane er no klare for bloggen 🙂
Heimelaga vårruller er utrulig enkelt, og det smaker skikkelig godt. Eg har brukt en fast oppskrift i årevis og tok også utgangspunkt i den når vi lagde desse. Fantastisk gode!
Det eg virkelig må anbefale når ein først er i gang med å lage vårruller, er å lage en stooor porsjon. Vi lagde faktisk 5 (!) kilo fyll til desse vårrullane. Fyllet kan nemlig frysast ned, eller så kan du lage heilt klare vårruller som du legger i ein boks i frysaren. Då er det berre å tine og steike – så er vårrullane klare til middag 🙂 Lettvint å ha i frysaren for hektiske dager!
Det vil sei at oppskrifta nedafor blei mangedobla, men dette justerer du etter kor mykje du sjølv vil lage:
Vårruller, 20 stk +/- 400 g karbonadedeig Glassnudler (valgfri mengde, juster etter ønske)* 1 løk, grovhakka 2 fedd kvitløk, finhakka 2-3 gulerøtter, raspa 100-150 g kål, finhakka 0,3-0,5 dl soyasaus 2-3 ss fish sauce salt og pepper vårrull-papir/ark (eg bruker merket Tyj Spring Roll Pastry, kjøpt på internasjonal butikk i frysedisken) rapsolje til steiking
Slik gjer du: 1. Følg bruksanvisning på pakken på korleis nudlane skal tilberedast. Min låg i varmt vatn i ca. 15 minutt til dei blei mjuke.
2. Steik karbonadedeig og sett til side. Steik deretter løk og kvitløk til den er blank. Bland så sammen karbonadedeig, alle grønnsaker, glassnudler (desse må klippast opp i mindre biter).
3. Tilsett soyasaus, fish sauce, salt og pepper og bland godt. Her er det viktig at du smaker til blandinga med desse fire ingrediensane. Bruk gjerne andre smakstilsetninge etter smak og behag.
4. Deretter er det berre å lage vårruller. Legg vårrull-papiret med spissen mot deg, fordel litt av fyllet som ei avlang pølse nærmare deg enn midten av arket. Brett over spissen du har mot deg, press fyllet på plass, brett inn sidekantane og rull.
5. Vårrullane kan du steike gylne og sprø i ei steikepanne med rapsolje. Du kan også pensle vårrullane med olje og steike dei i ovnen. Eg pleier å bruke 180 grader varmluft, og steike til dei er gylne og sprø.
Tips og alternativ*Glassnudler og vårrull-papir er dei einaste ingrediensane her ein ikkje finner i alle dagligvarebutikker. Dette får du på nokon butikker med godt utvalg, visst ikkje er det å finne på asiatiske butikker/internasjonale butikker. Glassnudler er glutenfritt, men ikkje vårrull-papir. Mulig det går an å få tak i glutenfri vårrull-papir, men det veit eg ikkje sikkert.
Mengde glassnudler justerer du etter ønske. Nokon liker mykje nudler, andre liker lite nudler Personlig liker er best at det ikkje er for mykje.
Ellers må du på ingrne måte følge oppskrifta slavisk. Eg synes det er godt med løk, kvitløk, gulrot og kål i vårruller – men er det noko du ikkje liker, tåler eller har tilgjengelig, så dropper du det eller bytter det med noko anna.
Vårrullane er forresten fine å fryse når dei er ustekte. Fyll vårruller, legg dei i ein matboks og frys ned. Så er det berre å ta opp vårrullane, tine og steike, så middagen er klar. Fyllet kan også frysast uten at rispapira er fylte.
PS! Innlegget er oppdatert. Frøken Stuhaug har surra litt og det er VÅRRULL-PAPIR/ARK og ikkje RISPAPIR som blir brukt i varme vårruller. Eg har rett og slett berre alltid kalla det for rispapir, uten at eg heilt skjønner kvifor. Eg har retta opp i feilen og beklager om nokon har prøvd oppskrifta uten suksess med rispapir♥
Vårrullane kan du servere akkurat som du ønsker! Vi pleier å servere vårrullane med en frisk salat (som ikkje blei med på bildet) og heimelaga sweet chili saus.
Oppskrift på heimelaga, sukkerfri sweet chili saus finner du HER 🙂
Så, håper du er frista til å lage heimelaga vårruller ein dag♥ Det er kanskje ikkje typisk sommarmat, men akkurat no har eg inntrykk av at det er meldt overskya/regn mange plasser i Norge – og då er det perfekt å bruke litt ekstra tid på middagen! Ellers står oppskrifta her, den forsvinner ingen plass uansett årstid 🙂

No er det på høg tid at eg deler oppskrift på desse vårrrullane!

Eg hugser fortsatt dagen eg og mamsen stod på kjøkkenet å lagde desse vårrullane, for det var nemlig 12.mars når Norges land vart stengt ned på bakgrunn av koronavirus-pandemien. Eg stod midt i foto av desse vårrullane når nyhetene på tv-en rulla og vi fekk beskjeden som skulle snu opp-ned på kvardagen den neste tida. Det er over 3 måneder sidan no, tida flyr – og vårrullane er no klare for bloggen 🙂

Heimelaga vårruller er utrulig enkelt, og det smaker skikkelig godt. Eg har brukt en fast oppskrift i årevis og tok også utgangspunkt i den når vi lagde desse. Fantastisk gode!

Det eg virkelig må anbefale når ein først er i gang med å lage vårruller, er å lage en stooor porsjon. Vi lagde faktisk 5 (!) kilo fyll til desse vårrullane. Fyllet kan nemlig frysast ned, eller så kan du lage heilt klare vårruller som du legger i ein boks i frysaren. Då er det berre å tine og steike – så er vårrullane klare til middag 🙂 Lettvint å ha i frysaren for hektiske dager!

Det vil sei at oppskrifta nedafor blei mangedobla, men dette justerer du etter kor mykje du sjølv vil lage:

Vårruller, 20 stk +/-
400 g karbonadedeig
Glassnudler (valgfri mengde, juster etter ønske)*
1 løk, grovhakka
2 fedd kvitløk, finhakka
2-3 gulerøtter, raspa
100-150 g kål, finhakka
0,3-0,5 dl soyasaus
2-3 ss fish sauce
salt og pepper
vårrull-papir/ark (eg bruker merket Tyj Spring Roll Pastry, kjøpt på internasjonal butikk i frysedisken)
rapsolje til steiking

Slik gjer du:
1. Følg bruksanvisning på pakken på korleis nudlane skal tilberedast. Min låg i varmt vatn i ca. 15 minutt til dei blei mjuke.

2. Steik karbonadedeig og sett til side. Steik deretter løk og kvitløk til den er blank. Bland så sammen karbonadedeig, alle grønnsaker, glassnudler (desse må klippast opp i mindre biter).

3. Tilsett soyasaus, fish sauce, salt og pepper og bland godt. Her er det viktig at du smaker til blandinga med desse fire ingrediensane. Bruk gjerne andre smakstilsetninge etter smak og behag.

4. Deretter er det berre å lage vårruller. Legg vårrull-papiret med spissen mot deg, fordel litt av fyllet som ei avlang pølse nærmare deg enn midten av arket. Brett over spissen du har mot deg, press fyllet på plass, brett inn sidekantane og rull.

5. Vårrullane kan du steike gylne og sprø i ei steikepanne med rapsolje. Du kan også pensle vårrullane med olje og steike dei i ovnen. Eg pleier å bruke 180 grader varmluft, og steike til dei er gylne og sprø.

Tips og alternativ*
Glassnudler og vårrull-papir er dei einaste ingrediensane her ein ikkje finner i alle dagligvarebutikker. Dette får du på nokon butikker med godt utvalg, visst ikkje er det å finne på asiatiske butikker/internasjonale butikker. Glassnudler er glutenfritt, men ikkje vårrull-papir. Mulig det går an å få tak i glutenfri vårrull-papir, men det veit eg ikkje sikkert.

Mengde glassnudler justerer du etter ønske. Nokon liker mykje nudler, andre liker lite nudler Personlig liker er best at det ikkje er for mykje.

Ellers må du på ingrne måte følge oppskrifta slavisk. Eg synes det er godt med løk, kvitløk, gulrot og kål i vårruller – men er det noko du ikkje liker, tåler eller har tilgjengelig, så dropper du det eller bytter det med noko anna.

Vårrullane er forresten fine å fryse når dei er ustekte. Fyll vårruller, legg dei i ein matboks og frys ned. Så er det berre å ta opp vårrullane, tine og steike, så middagen er klar. Fyllet kan også frysast uten at rispapira er fylte.

PS! Innlegget er oppdatert. Frøken Stuhaug har surra litt og det er VÅRRULL-PAPIR/ARK og ikkje RISPAPIR som blir brukt i varme vårruller. Eg har rett og slett berre alltid kalla det for rispapir, uten at eg heilt skjønner kvifor. Eg har retta opp i feilen og beklager om nokon har prøvd oppskrifta uten suksess med rispapir♥

Vårrullane kan du servere akkurat som du ønsker! Vi pleier å servere vårrullane med en frisk salat (som ikkje blei med på bildet) og heimelaga sweet chili saus.

Oppskrift på heimelaga, sukkerfri sweet chili saus finner du HER 🙂

Så, håper du er frista til å lage heimelaga vårruller ein dag♥ Det er kanskje ikkje typisk sommarmat, men akkurat no har eg inntrykk av at det er meldt overskya/regn mange plasser i Norge – og då er det perfekt å bruke litt ekstra tid på middagen! Ellers står oppskrifta her, den forsvinner ingen plass uansett årstid 🙂

Annonse

16 Kommentarer

A

Anne-Lise

21. juli 2020

Denne oppskrifta brukte jeg til middag i dag! Supergodt, og kjempeenkelt! 😀 Denne skal jeg lagre til seinere også. Jeg brukte samme vårrullpapir som deg, og stekte disse i stekeovnen. (Fant ut at de blei litt sprøere med 225 grader med over- og undervarme, i stedet for varmluft.) Glemte å pensle det første brettet før det hadde gått 5 min, og kan likevel informere om at ingen av mine vårruller sprakk. (Tenker på den siste kommentaren før min 🙂 )

Linda Stuhaug

22. juli 2020

Så kjekt oppskrifta falt i smak 😀 Skal notere meg at over-undervarme kanskje fungerer bedre – skal absolutt teste dette neste gang 🙂 Supert!!

R

Roger Larsen

7. juli 2020

Hei. Vi prøvde denne oppskriften. Vårullene sprekker i ovnen å sitter fast på bakepapiret. Vi prøvde og på stekepannen, det var heller ikke noe suksess.Vårullene hang fast i panna. Har du noen tips. Mvh Roger

Linda Stuhaug

8. juli 2020

Hei! Her er det eg som må legge meg flat, visst du brukte rispapir når du prøvde? Du er den einaste eg har fått tilbakemelding om har prøvd oppskrifta enda, så eg håper og trur ikkje det er fleire som har begått denne feilen (som absolutt er min feil!). Det er altså ikkje rispapir, men vårrull-papir ein skal bruke. Rispapir er ikkje meint for steiking, medan vårrull-papir er det. Så med vårrull-papir skal dei verken sprekke eller henge fast, så lenge du bruker olje naturligvis 🙂 Eg har rett og slett berre surra litt her og tenkt at vårrull-papir heitte rispapir, men feil skjer – og den er vertfall retta opp i no 🙂 Håper likevell at vårrullane smakne nokolunde!!

H

Heidi

7. juli 2020

Hva slags rispapir har du brukt?

Linda Stuhaug

8. juli 2020

Oppdatert innlegget no med merket 🙂

I

Ida

7. juli 2020

Hvilken konsistens får gulrot og kål når det er ferdig stekt? Forblir de rå eller behandlet? Denne oppskriften skal jeg absolutt prøve : hatt veldig lyst til å teste vårruller lenge, men du er den første som har laget dem slik jeg vil ha dem (nemlig stekt og crispy) 🙂 Gleder meg!

Linda Stuhaug

8. juli 2020

Hei! Gulrøttene er raspa og kålen finsnitta, så får den konsistensen 🙂 Blir litt mjukare under steiking, kanskje. Håper vårrullane smaker 😀

A

Anne-Liv

12. mai 2021

Hei Linda. Denne oppskrifta er merka glutenfri, men er vårrullpapiret glutenfritt?

Linda Stuhaug

13. mai 2021

Hei. Oppskrift er ikkje merka glutenfri? Det står klart og tydelig i innlegget at vårrull-papir ikkje er glutenfritt 🙂

M

Maria

12. august 2021

Har brukt denne oppskriften mange ganger nå! De er veldig gode, og blir ordentlig chrispy i stekovnen Takk for oppskrift!

Linda Stuhaug

12. august 2021

Så hyggelig! Kjekt du liker 😀

M

Mairin Mæland

1. februar 2024

Har du prøvd å steke i air fryer?

Linda Stuhaug

2. februar 2024

Nei :)

T

Tore

21. februar 2024

Hvorfor ikke bruke lammedeig? -fantastisk.

Linda Stuhaug

22. februar 2024

Berre bruk lammedeig☺️

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg