Sukkerfritt eplesyltetøy med kanel & vanilje

Endelig er det sesong for norske epler!!♥

Det gjer meg så glad, og eg har allerede ete fleire norske epler her på ferie i Nord-Norge 🙂 Eg har knapt vore heime på ein måned, men eg har faktisk fleire oppskrifter med norske epler fra i fjor som eg ikkje har fått delt enda!

Så før eg får komt meg heimatt for å lage enda nokon nye oppskrifter, så skal dåkke få servert ei oppskrift på eplesyltetøy som eg lagde på seinhøsten i fjor. Den er med kanel og vanilje, men dette er heilt valgfritt å bruke! Eplesyltetøyet er uten tilsattt sukker, men ønsker du å søte det med sukker – så gjer du sjølvsagt det.

Ellers er det og berre å justere oppskrifta opp eller ned etter kor mykje du ønsker å lage, eg pleier ofte å lage ganske mykje når eg først er i gang – så fryser eg ned i frysebeger eller syltetøyglass.

Til dette eplesyltetøyet brukte eg:
800 g epler i biter (vekt etter rens og kutting)
2 dl vatn
50 g sukrin gold og 50 g sukrin+ (eller bruk anna søtning tilsvarande 150 g sukker)
2 vaniljestenger
2 kanelstenger
1 ts kanel

Slik gjer du:
1. Ha eplebitane over i ein kjele. Du treng ikkje å skrelle eplene, det pleier ikkje eg å gjere. Del vaniljestengene på langs, skrap ut frøa og ha både frøa og vaniljestengene i kjelen sammen med resten av ingrediensane (PS! Hold gjerne litt igjen på søtninga).

2. La syltetøyet koke i 20-30 minutt, til eplebitane er møre og får syltetøy-konsistens. Ta ut vaniljestengene og kanelstengene. Smak på syltetøyet og juster eventuelt med ekstra søtning om nødvendig. Alle epler er ulike på sødme/syrlighet, så mengde søtning kan variere litt fra type til type, og ikkje minst kor søtt ein liker det.

3. Avkjøl syltetøyet. Visst du vil ha klumpfritt syltetøy: mos alt med en stavmiksar. Oppbevar deretter i kjøleskap eller frys ned.


Skikkelig godt og smakfullt syltetøy! Eg lagde det som nevnt på seinhøsten i fjor med nokon skrukkete epler:

Desse eplene var mjuke, rynkete og hadde mange brune flekker – men dei var like gode fordiom! Dei verste plassane rensa eg vekk skallet, men då var dei like fine inni 🙂

Berre eit tips om du plutselig kjem til seinhøsten og ikkje har fått brukt alle eplene dine, og dei begynner å sjå slik ut. Dei er ofte like fine inni altså, og smaker like godt! Eg fekk desse eplene av svigermor som ikkje hadde klart å bruke dei, og eg tok dei hjertelig imot 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 kommentarer

  1. For et sammentreff !! Tenkte på at jeg gjerne skulle lagd eplesyltetøy med noen gamle epler jeg har liggende og vurderte å se etter en oppskrift her inne, og jaggu var det ikke dagens

    1. 😀

    2. Fantastisk 😀 Då er det berre å lage syltetøy!!:D