Annonse
27. august 2020
Saftige havrepannekaker med Tjukkmjølk
Annonse – Rørosmeieriet
Altså – desse pannekakene her! Dei har eg jammen gleda meg til å dele! Eg har jo ein ganske så standard oppskrift på mine populære havrepannekaker, men denne gangen har eg laga dei i ein ny vri: med Tjukkmjølk frå Rørosmeieriet. Dei blei minst like saftige og gode, og er eit sunt og godt alternativ til frukost, lunsj, kvelsmat, turmat eller kos. Men først nokre ord om Rørosmeieriet og Tjukkmjølk (som eg forøvrig har fått heilt dilla på og bruker veldig mykje for tida!) 🙂
I mitt forrige samarbeisinnlegg med Rørosmeieriet lagde eg kjøleskapsgraut med Tjukkmjølk og skreiv litt om Tjukkmjølka sine egenskaper i oppskrifter, og at den kan brukast på samme måte som yoghurt. For det kan den: den fungerer heilt ypperlig i alle slags oppskrifter der ein egentlig bruker yoghurt, eller der det passer seg med ein fyldig, syrna melk. Men Tjukkmjølk har fleire gode egenskaper som gjer ekstra godt for magen♥
Tjukkmjølk er nemlig fermentert melk som blir syrna av Rørosmeieriets unike tettkultur, ein fleire hundre år gammal kultur med aktive melkesyrebakterier. Tjukkmjølka får egenskaper som både er PROBIOTISKE og PREBIOTISKE.
Probiotisk = mat som inneholder og tilfører gode melkesyrebakterier til tarmen
Prebiotisk = mat som gir næring til dei gode bakteriane i tarmen
Les gjerne meir om Tjukkmjølk her♥
Tjukkmjølk er altså eksta god for magen, og er for veldig mange lettare å fordøye enn andre melkeproukter som ikkje er fermentert. Har du laktoseintoleranse vil det sei at du kanskje tåler Tjukkmjølk heilt fint 🙂 Det kan naturligvis vere lurt å prøve seg litt fram, alle er jo ulike♥
No, over til pannekakene! Til ca. 2o stk trenger du:
♦ 2 store eller 3 små egg
♦ 2 dl Tjukkmjølk frå Rørosmeieriet
♦ 100 g havremjøl
♦ 50 g sikta speltmjøl (eller anna, valgfri tørrvare)
♦ 1 toppa ts bakepulver
♦ 3 ss valgfri søtning (eg brukte sukrin gold)
♦ eit dryss kanel og kardemomme
Slik gjer du:
Visp lett sammen alle ingrediensane, og la røra svelle i minst 10 minutter. Steik så gylne pannekaker på middels varme på begge sider. Bruk steikefett om nødvendig.
Server pannekakene nystekte, lune eller kalde med det pålegget du ønsker♥
Pannekaker er alltid ein slager her i heimen, og min favoritt topping er cottage cheese og sukkerfritt jordbærsyltetøy♥
Men, server med akkurat den toppingen du ønsker! Dei er også gode nystekte heilt naturelle 🙂
Eg må og nevne nokre ord om Rørosmeieriet:
Rørosmeieriet er Norges fremste heiløkologiske meieri. Produktene til Rørosmeieriet er av høg kvalitet med utelukkande gode, lokale råvarer fra Røros-traktene. Dei har fleire ulike produkter, og Tjukkmjølk er ein av dei. I neste samarbeidsinnlegg er det fokus på SKJØROST, og det gleda eg meg til å eksprimentere litt med 🙂
Velbekomme – nyt pannekakemåltidet!
Annonse
8 Kommentarer
Karoline Dahle
7. oktober 2020
Linda Stuhaug
9. oktober 2020
Bente Lager Lien
27. august 2020
Linda Stuhaug
28. august 2020
Hedda
28. januar 2022
Linda Stuhaug
29. januar 2022
Mali
24. oktober 2021
Linda Stuhaug
24. oktober 2021
SKRIV EN KOMMENTAR