Linda Stuhaug

Annonse

Supergod, enkel moltesmoothie!

Supergod, enkel moltesmoothie!
God mandag!
Vi var så heldige og kom over nokon heilt enorme moltemyrer på ferie i Nord. Eg har aldri sett lignande før, dei var fleire hundre meter i både bredde og lengde, med molter som låg tett i tett. Det var i utgangspunktet ganske lite som var modna, men med tanke på volumet med molter, så var det likevell ein del som var plukkeklare. Vi hadde ein tom stor matboks som vi fylte opp på vei ned fra fjellet og la halvparten i frysaren i bubilen…
Moltene hadde eg lyst til å lage noko godt med, og med full sol og 20 grader igår, så hadde eg lyst på smoothie til lunsj etter sykkeltur. Og smoothie blei det. Med molter!
Det er første gang eg prøver molter i smoothie, men det var absolutt stor suksess. Er du og så heldig og har molter i frysaren, prøv å lag ein deilig smoothie av det! Du kan bruke molter aleine, eller kombinere med andre bær. Eg valgte å lage ein smoothie med molter, banan og brokkolistilker (skjulte grønnsaker, veit dåkke) og det smakte nydelig. Anbefalast!
Til en porsjon brukte eg: ♦ 200 g fryste molter ♦ 1 fryst banan ♦ en god neve fryste brokkolistilker (kan sløyfast, eller bruk brokkolibuketter) ♦ 150 g cottage cheese (du kan sjølvsagt bruke kva som helst av yoghurt/kesam også) ♦ 1 toppa ss vaniljeprotein (kan sløyfast, eg synes det gir god smak)
Slik gjer du: Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør til ein fyldig, klumpfri smoothie. Juster eventuelt med litt væske om nødvendig, og smak om du ønsker smoothien søtare – og juster eventuelt med litt valgfri søtning.
Hell over i ei skål og nyt med valgfri topping! Her falt valget på 1/3 banan i skiver, litt ektra målter, chiafrø og heimelaga banangranola 🙂
Oppskrift på banangranola finner du HER
Det viktigaste i smoothie for at smoothie skal fungere som eit fullverdig måltid er tre ting: 1) Ein god proteinkilde 2) Ein god fettkilde 3) Fiber
I dagens smoothie er cottage cheese og vaniljeprotein proteinkilden, banangranolaen inneholder ein del nøtter, frø og kokosolje som blir fettkilden og fiber er i både molte, banan, brokkoli og banangranolaen med havregryn. Ha det i bakhode når du lager smoothie til frukost, lunsj eller kveldsmat 😀

God mandag!

Vi var så heldige og kom over nokon heilt enorme moltemyrer på ferie i Nord. Eg har aldri sett lignande før, dei var fleire hundre meter i både bredde og lengde, med molter som låg tett i tett. Det var i utgangspunktet ganske lite som var modna, men med tanke på volumet med molter, så var det likevell ein del som var plukkeklare. Vi hadde ein tom stor matboks som vi fylte opp på vei ned fra fjellet og la halvparten i frysaren i bubilen…

Moltene hadde eg lyst til å lage noko godt med, og med full sol og 20 grader igår, så hadde eg lyst på smoothie til lunsj etter sykkeltur. Og smoothie blei det. Med molter!

Det er første gang eg prøver molter i smoothie, men det var absolutt stor suksess. Er du og så heldig og har molter i frysaren, prøv å lag ein deilig smoothie av det! Du kan bruke molter aleine, eller kombinere med andre bær. Eg valgte å lage ein smoothie med molter, banan og brokkolistilker (skjulte grønnsaker, veit dåkke) og det smakte nydelig. Anbefalast!

Til en porsjon brukte eg:
♦ 200 g fryste molter
♦ 1 fryst banan
♦ en god neve fryste brokkolistilker (kan sløyfast, eller bruk brokkolibuketter)
♦ 150 g cottage cheese (du kan sjølvsagt bruke kva som helst av yoghurt/kesam også)
♦ 1 toppa ss vaniljeprotein (kan sløyfast, eg synes det gir god smak)

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør til ein fyldig, klumpfri smoothie. Juster eventuelt med litt væske om nødvendig, og smak om du ønsker smoothien søtare – og juster eventuelt med litt valgfri søtning.

Hell over i ei skål og nyt med valgfri topping! Her falt valget på 1/3 banan i skiver, litt ektra målter, chiafrø og heimelaga banangranola 🙂

Oppskrift på banangranola finner du HER

Det viktigaste i smoothie for at smoothie skal fungere som eit fullverdig måltid er tre ting:
1) Ein god proteinkilde
2) Ein god fettkilde
3) Fiber

I dagens smoothie er cottage cheese og vaniljeprotein proteinkilden, banangranolaen inneholder ein del nøtter, frø og kokosolje som blir fettkilden og fiber er i både molte, banan, brokkoli og banangranolaen med havregryn. Ha det i bakhode når du lager smoothie til frukost, lunsj eller kveldsmat 😀

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg