Heimelaga, sukkerfri musli med smak av kanel & karamell

Heimelaga musli er virkelig enkelt å lage. Det er og veldig godt, mykje billigare totalt sett enn å kjøpe, gjerne sunnare og ikkje minst: du kan styre ingrediensane akkurat som du vil!

Idag deler eg en sukkerfri variant med smak av kanel & karamell, og den er berre nydelig som topping på yoghurt sammen med litt frukt eller bær. Lag gjerne dobbel porsjon når du først er i gang – så har du musli lenge! Den står seg nemlig i månedsvis i ei krukke i kjøkkenskapet, og det er ikkje noko meir jobb å lage en porsjon som det er å lage to 🙂 

Du trenger, 1 stor krukke
200 g havregryn
50 g hakka valnøtter
50 g solsikkekjerner
50 g sukrinsirup gold eller anna flytande søtning
30 g ekte smør
1 ss sukrin gold eller anna søtning
2 ts kanel
1⁄2 ts flaksalt

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 130 grader over­ og undervarme. Bland saman dei tørre ingrediensane. Smelt smør og Fibersirup og vend godt inn i blandinga.

2. Fordel muslien over eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i 25–30 minutt, eller til muslien har fått ein god og gyllen farge. Rør undervegs for eit jamt resultat.

3. Avkjøl og oppbevar i ei glaskrukke. Muslien kan oppbevarast i fleire månader. Server gjerne med yoghurt, frukt og bær.

Tips!
→ Miks og triks med nøtter/frø/kjerner som du liker. Det var berre tilfeldig at eg brukte valnøtter og solsikkekjerner når eg lagde muslien, bruk akkurat det du ønsker for å få muslien som du vil 🙂 Du må heller ikkje bruke nøtter/frø/kjerner, du kan berre bruke meir havregryn også!

→ Må du ha glutenfri musli bruker du naturligvis glutenfri havregryn. For melkefri musli kan du bytte ut smør med melkefri margarin eller kokosolje.

Utrulig enkelt, og utrulig godt 😀

Egenreklame / Og visst noken av dåkke kjenner igjen oppskrifta/bildene, så er den henta ut fra mi første kokebok «Opptur med sunn mat«♥


Den kan du få kjøpt HER om du ønsker det! Boka inneholder 80 oppskrifter fordelt på 4 ulike kapitler: Frukost / lunsj og matpakker / middager / sukkerfri søtsaker, i tillegg til mange råd, tips og triks 🙂

Ha en fin dag alle sammen!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. NAM!! Denne var dødsgod

    1. Ikkje sant!! Så kjekt du likte den 😀

  2. Olene Strande

    Hei Linda
    Super blogg og mange gode oppskrifter. Tenkt på å samle noen av dine oppskrifter i en app?

    1. Hei!
      Nei, det har eg ikkje 🙂 Eg hadde dette i 2016, og det har eg fått langt opp i halsen, hehe….

  3. Sølvi Sæther

    Den beste muslien. Eg har boka så eg har laga den mange gongar. Alltid dobbel porsjon, men varer dessverre ikkje så lenge her i huset då sonen min også elsker denne…

    1. Så hyggelig å lese, Sølvi! Musli varer ikkje så lenge her heller, men heldigvis er det raskt og enkelt å slenge sammen 🙂