Snack-kuler med dadler, peanøttsmør og havregryn

God fredag!

Igår delte eg eit deilig turmat-tips, og idag blir det tursnacks! Eller eventuelt berre snacks, må jo ikkje ha med desse på tur… 🙂

Denne oppskrifta her er ein kombinasjon av dei typiske daddelkulene som eg har laga i årevis (og har mange forskjellige oppskrifter av) og dei ulike typene med energikuler som eg har delt ulike oppskrifter på det siste året. Den største forskjellen mellom desse er at daddelkulene inneholder dadler og ulike typer heile nøtter, mens energikulene er uten dadler, men med flytande søtning og ulike typer nøttesmør. I desse har eg og brukt meir havregryn enn eg har brukt i daddelkulene.

Dagens oppskrift er altså med dadler, peanøttsmør og havregryn. Med kun desse tre ingrediensane kan du trylle fram desse deilige snack-kulene, heilt uten helsekostprodukt!

Du kan sjølvsagt bytte ut peanøttsmør med anna type nøttesmør, som mandelsmør eller cashewnøttsmør for å ta noken eksempler. Du bruker glutenfri havregryn for å få heilt glutenfri oppskrift, og ellers så er kulene uten tilsatt både sukker og melk 🙂

Til 13 store kuler brukte eg:
120 g ferske dadler (vekt uten stein!)
50 g havregryn
4 ss crunchy peanøttsmør
Bonus: 1/3 ts salt, gjerne maldonsalt eller anna flaksalt

PS! Det er viktig at du bruker ferske dadler. Det er desse som gir god sødme, konsistens og smak. Bruker du tørka dadler kan du ikkje forvente det samme resultatet! Dette gjelder alle oppskriftene mine 😉 Visst du må bruke tørka dadler, bruk i tilfelle en god del meir for å få eit bedre resultat. I tillegg kan det hende du må tilsette litt smelta smør e.l for å få bedre konsistens!

Slik gjer du:
Ha dadler og havregryn i ein foodprosessor, kjør til en alt er smuldrette. Tilsett peanøttsmør og salt, og kjør til alt er godt blanda.

Ha massen over på kjøkkenbenken og klem den kompakt til en avlang pølse. Skjære opp i biter og trill til kuler mellom hendene.

Deretter må kulene få ligge i kjøleskapet i minst 2-3 timer eller frysaren i minst 1-2 timer, så er dei spiseklare! Kan oppbevarast både i kjøleskap og frysar. Dei står seg i vekesvis 🙂

Superenkelt! Og det tok meg kanskje 5 minutt å lage desse…!

Passelig søte, småseige og veldig gode. Nyt som snacks, mellommåltid eller påfyll før/etter trening 🙂

Vil du ha dei med på tur eller i sekken på skule/jobb/på farten, ta med deg kuler i ein liten boks. Dei står seg fint uttafor kjøleskap, men blir litt mjukare i konsistensen.

Så må du berre tilsette for eksempel kakaopulver, rulle kulene i kokos, dyppe dei i sjokolade eller kva som helst – eg ville ha ein ganske nøytral variant denne gangen, men det er og digg med litt ekstra 😀

God fredag og god helg alle sammen!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 kommentarer

  1. Hei. Disse så veldig gode ut. Hva slags peanøttsmør bruker du?

    1. Bruker ingen faste merker, kjøper alltid eit med 99% peanøtter 🙂 GoGreen for eksempel!

  2. Hei, vet du hvor mange kalorier det er ca i en kule?

    1. Rekner ikkje på kalorier i oppskriftene mine. Må ein vite det, så må ein rekne på det sjølv 🙂