Linda Stuhaug

Annonse

14. september 2020

Lompepizza med creme fraiche & soltørka tomat

Lompepizza er alltid en slager, uansett om det er kvardag eller helg. Lompene kan toppast med kva som helst, det er raskt og enkelt å lage og ikkje minst: det smaker alltid like godt!
Det er mandag idag og her er ein vegetarisk lompepizza som kan anbefalast som eit kjøttfritt alternativ:
Lompepizza med creme fraiche & soltørka tomat!
Soltørka tomat gir veldig mykje smak til pizzaen, og det falt godt i smak i heimen. Eg fant eit glass med soltørka tomat i kjøkkenskapet, hadde litt creme fraiche i ein boks som måtte brukast og tok dei grønnsakene eg hadde tilgjengelig. Berre ein tilfeldig kombinasjon, med andre ord – som dei aller fleste oppskriftene mine. Dei blir til av det eg finner!
Lompepizzaen er enkelt og greit laga av: ♦ 8 lomper ♦ ca. 100 g creme fraiche ♦ 1 spisspaprika + 1 liten rødløk ♦ 1 glass soltrøka tomat (145 g uten oljen) ♦ 175 g raspa ost
(8 lompepizzaer til 2-3 personer, alt ettersom. Vi er to som er glade i mat i hus og ete lett 8 stk i tillegg til masse salat)
Smør eit tynt lag med creme fraiche på lompene, ha over grønnsaker og soltørka tomat uten olje. Topp med raspa ost, steik midt i ovnen på 180 grader til osten er godt smelta og gyllen 🙂 Bruk over-undervarme eller varmluft, varmluft går relativt kjapt og pizzaen er ferdig på 5-7 minutter.
La gjerne pizzaen avkjøle seg litt, og server! Eg hadde over litt ruccola & kvitløksdressing, og serverte med ein frisk salat ved siden av. ALLTID salat til pizza, uansett 🙂
Du må gjerne bytte ut creme fraiche med kremost, pesto, ketsjup eller kva som helst anna. Bruk dei grønnsakene du har. Soltørka tomat kan du gjerne kjøpe tørre (og ikkje i olje i glass). Så må du gjerne toppe med litt fetaost, rista pinjekjerner eller andre ting du har liggande heime 🙂
Lompepizza har ingen fasit, men denne kombinasjonen her var veldig god altså!
Så kanskje det blir vegetarisk lompepizza iløpet av veka? Middag på 20 minutt (maks!), og en perfekt måte å bruke opp diverse i kjøleskapet og kjøkkenskapet på. La gjerne alle i familien lage sin egen variant, så blir alle fornøgde 🙂

Lompepizza er alltid en slager, uansett om det er kvardag eller helg. Lompene kan toppast med kva som helst, det er raskt og enkelt å lage og ikkje minst: det smaker alltid like godt!

Det er mandag idag og her er ein vegetarisk lompepizza som kan anbefalast som eit kjøttfritt alternativ:

Lompepizza med creme fraiche & soltørka tomat!

Soltørka tomat gir veldig mykje smak til pizzaen, og det falt godt i smak i heimen. Eg fant eit glass med soltørka tomat i kjøkkenskapet, hadde litt creme fraiche i ein boks som måtte brukast og tok dei grønnsakene eg hadde tilgjengelig. Berre ein tilfeldig kombinasjon, med andre ord – som dei aller fleste oppskriftene mine. Dei blir til av det eg finner!

Lompepizzaen er enkelt og greit laga av:
♦ 8 lomper
♦ ca. 100 g creme fraiche
♦ 1 spisspaprika + 1 liten rødløk
♦ 1 glass soltrøka tomat (145 g uten oljen)
♦ 175 g raspa ost

(8 lompepizzaer til 2-3 personer, alt ettersom. Vi er to som er glade i mat i hus og ete lett 8 stk i tillegg til masse salat)

Smør eit tynt lag med creme fraiche på lompene, ha over grønnsaker og soltørka tomat uten olje. Topp med raspa ost, steik midt i ovnen på 180 grader til osten er godt smelta og gyllen 🙂 Bruk over-undervarme eller varmluft, varmluft går relativt kjapt og pizzaen er ferdig på 5-7 minutter.

La gjerne pizzaen avkjøle seg litt, og server! Eg hadde over litt ruccola & kvitløksdressing, og serverte med ein frisk salat ved siden av. ALLTID salat til pizza, uansett 🙂

Du må gjerne bytte ut creme fraiche med kremost, pesto, ketsjup eller kva som helst anna. Bruk dei grønnsakene du har. Soltørka tomat kan du gjerne kjøpe tørre (og ikkje i olje i glass). Så må du gjerne toppe med litt fetaost, rista pinjekjerner eller andre ting du har liggande heime 🙂

Lompepizza har ingen fasit, men denne kombinasjonen her var veldig god altså!

Så kanskje det blir vegetarisk lompepizza iløpet av veka? Middag på 20 minutt (maks!), og en perfekt måte å bruke opp diverse i kjøleskapet og kjøkkenskapet på. La gjerne alle i familien lage sin egen variant, så blir alle fornøgde 🙂

Annonse

3 Kommentarer

I

Ida

14. september 2020

Dette så godt ut !! Gleder meg til å teste

I

Ida

14. september 2020

🙂

Linda Stuhaug

15. september 2020

Så bra 😀 Håper det smaker!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg