Eltefri speltfocaccia

God fredag!

Tidligare denne veka prøvde eg meg på eltefri speltfocaccia for første gang. Eg har nokon oppskrifter på focaccia i arkivet, men ingen som er eltefri og langtidsheva. Og det blei virkelig stor suksess!

Den eltefrie bakemetoden går ut på å røre lett sammen ingrediensane, så skal deigen berre stå på kjøkkenbenken i 12-24 timer. Ingen elting, ingen kjøkkenmaskin, minimalt med jobb og garantert bra resultat!

Eg lagde focacciaen med speltmjøl, men det er ingenting i veien for å bruke kveitemjøl om du heller vil det. Eg lagde også ein lys variant fordi det var det eg ville prøve meg på denne dagen 🙂 Neste prosjekt ut blir ein grovare variant, men vil du prøve deg, så bruk gjerne 50/50 med fint og grovt mjøl, resultatet blir heilt sikkert like bra!


Du trenger:
500 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
1 ts salt
1/2 ts tørrgjær
3,5 dl lunka vatn

Topping
2 ss olivenolje
flaksalt
gjerne litt ferske urter

→ Du kan sjølvsagt toppe focacciaen med akkurat det du ønsker! Ulike typer urter, fetaost, oliven, soltørka tomat også vidare gir god smak. Eg ville ha ein nøytral variant og bruke derfor kun flaksalt og urter 🙂

Slik gjer du:
Dag 1: rør sammen mjøl, salt og gjær. Tilsett vatn og vend rundt med ein slikkepott til en jevn deig. Dekk til bakebollen og la den stå på kjøkkenbenken i 12-24 timer.

Dag 2: deiga er no litt flytande, og det er meininga. Hell deiga ned i ein liten langpanne med bakepapir (min var 20×30 cm) og trykk den ut til alle kanter med litt olje på fingrane. La den etterheve i 45 minutt.

Deretter fordeler du 2 ss olivenolje på toppen av focacciaen, trykker fingrane lett nedi og fordeler over flaksalt og urter (eller den toppingen du vil ha). Steik på over-undervarme, 200 grader i 20-25 minutt.

Eg trur aldri eg har laga ein så luftig og saftig focaccia før! Den eltefrie bakemetoden gir altså så godt resultat – gang på gang 🙂 No har eg baka mest brød og rundstykker eltefritt, og no blir det focaccia og heilt sikkert enda fleire bakverk framover. Får blod på tann når eg først begynner 😉

Focaccia passer perfekt som tilbehør til suppe, gryte, lasagne, gratenger, grillmat, koldtbord eller tapasbord m.m♥

Det krever kanskje litt planlegging i og med at deiga må settast nokon timer i forveien, men det er minimalt med jobb og focacciaen lager seg nesten sjølv 🙂 Prøv du også!!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Hva slags urter har du brukt? Har satt en deig nå, blandet inn 150 gram av melmengden med havremel. Spent på resultatet

    1. Eg brukte timian! Håper resultatet blei bra – del gjerne 😀

      1. Takk for svar 😀

      2. Korleis blei resultatet? 😀

      3. Den ble kjempegod! 😀 Alle likte den kjempe godt. Serverte den sammen med salaten din med pasta, søtpotet og pinjekjerner. Nydelig!

      4. Ah, fantastisk!! 😀