Linda Stuhaug

Annonse

24. september 2020

Heimelaga sjokkis med karamelliserte pistasjenøtter

Altså! Den sjokoladen her blei SÅ god♥
Mørk, deilig sjokolade med sprø, karamelliserte pistasjenøtter. Sukkerfri, næringsrik, full av smak og crunch. Trenger eg å sei meir…?
Eg har ein god del oppskrifter på heimelaga sjokolade her på bloggen, så for nokon av dåkke er nok dette kjent. Men for å lage heimelaga sjokolade trenger du rått kakaosmør og kakaomasse. Dette kan du kjøpe separat, eller i ei pakke der mengdefordelinga er slik den skal vere 🙂 Dette får du kjøpt på helsekostbutikker eller diverse nettbutikker. Eg pleier å kjøpe merket Økosjokolade, og her er eit bilde fra arkivet av ein tidligare pakke eg har kjøpt, som inneholder begge deler:
Og kvifor heimelaga sjokolade? Heimelaga sjokolade har ein heilt unik smak som ingen andre sjokolader på butikken kan måle seg med. I tillegg styrer du heile sjølv kor søt du ønsker sjokoladen, kva søtning du vil bruke, og kva ekstra smakstilsetning du vil ha.
Ingrediensane smeltast skånsomt for å bevare den gode næringa. Kakao har eit høgt innhold av antioksidanter, magnesium og jern, og når man velger ubehandla, rå kakaoprodukter er ein sikker på at ingen verdifulle antioksidanter og mineraler har forsvunne i behandlingen. Heimelaga, rå sjokkis har en høg kakaoprosent og er en skikkelig næringsbombe, det har til og med blitt sagt at eit par biter daglig kan regnes som 1 av 5 om dagen.
Og ein ting er sikkert: du må like at sjokoladen er litt mørk for å like denne heimelaga varianten 🙂
Så, over til dagens oppskrift! Eg har ei grunnoppskrift på sjokoladen som eg smakstilsetter og varierer litt, så du får grunnoppskrifta og mi smakstilsetning, så kan du evt. mikse og trikse med smakstilsetninger du vil ha 🙂
Mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis: 100 g kakaomasse 50 g kakaosmør 1 ts ekte vaniljepulver 40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande) 1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker) – valgfri smakstilsetning: eg har brukt 60 g naturelle pistasjenøtter (vekt uten skall) + 1 ss sukrin gold + litt maldonsalt
Slik gjer du: Start med ha kakaomasse og kakaosmør i ein bolle. Dette skal smeltast skånsomt over lett kokande vannbad. Det smelter litt etter litt til alt blir flytande sjokolade.
I mellomtida: ha nøttene i ei tørr steikepanne på middels varme. Rist nøttene til dei begynner å få farge, tilsett sukrin gold og litt maldonsalt. Vend rundt i ca. 1 minutt, ha nøttene over på eit bakepapir og avkjøl. Deretter grovhakker du nøttene og har dei i silikonformer, evt. matbokser med bakepapir.
Når sjokoladeblandinga er klar tilsetter du søtningen. Du må gjerne smake på blandinga om du vil ha den litt søtare. Hell den flytande sjokoladeblandinga over nøttene.
Sett i kjøleskap til avkjøling. Når sjokoladen er heilt stivna kan du vri dei ut av silikonformene, eller eventuelt skjære opp i biter om du har brukt matboks. Oppbevar i kjøleskap.
Silikonformer får du kjøpt på dei aller fleste butikker som selger kjøkkenutstyr/kjøkkenting/sjokoladeingredienser. Pandudo, Clas Ohlson, helsekostbutikker, tilbords osv.
Pistasjenøtter er jo berre fantastisk godt, og i kombinasjon med denne sjokoladen… så blei det berre magisk! Ny sjokoladefavoritt – definitivt!
Og eg lagde ikkje berre denne oppskrifta tidligare denne veka, eg hadde faktisk skikkelig masse-produksjon av sjokolade:
Eg dobla altså oppskrifta og fekk heile 5 silikonform-brett med sjokolade. Det er ingen holdbarhet på dette, står seg leeeenge i kjøleskapet, så det er vertfall ingenting å tenke på 🙂
Visst du ikkje har prøvd heimelaga sjokolade enda, så håper eg du har lyst til å prøve! Eller kanskje du berre trengte ein påminnelse og fekk lyst å lage det igjen (det er litt typisk meg) 🙂
God torsdag!

Altså! Den sjokoladen her blei SÅ god♥

Mørk, deilig sjokolade med sprø, karamelliserte pistasjenøtter. Sukkerfri, næringsrik, full av smak og crunch. Trenger eg å sei meir…?

Eg har ein god del oppskrifter på heimelaga sjokolade her på bloggen, så for nokon av dåkke er nok dette kjent. Men for å lage heimelaga sjokolade trenger du rått kakaosmør og kakaomasse. Dette kan du kjøpe separat, eller i ei pakke der mengdefordelinga er slik den skal vere 🙂 Dette får du kjøpt på helsekostbutikker eller diverse nettbutikker. Eg pleier å kjøpe merket Økosjokolade, og her er eit bilde fra arkivet av ein tidligare pakke eg har kjøpt, som inneholder begge deler:

Og kvifor heimelaga sjokolade?
Heimelaga sjokolade har ein heilt unik smak som ingen andre sjokolader på butikken kan måle seg med. I tillegg styrer du heile sjølv kor søt du ønsker sjokoladen, kva søtning du vil bruke, og kva ekstra smakstilsetning du vil ha.

Ingrediensane smeltast skånsomt for å bevare den gode næringa. Kakao har eit høgt innhold av antioksidanter, magnesium og jern, og når man velger ubehandla, rå kakaoprodukter er ein sikker på at ingen verdifulle antioksidanter og mineraler har forsvunne i behandlingen. Heimelaga, rå sjokkis har en høg kakaoprosent og er en skikkelig næringsbombe, det har til og med blitt sagt at eit par biter daglig kan regnes som 1 av 5 om dagen.

Og ein ting er sikkert: du må like at sjokoladen er litt mørk for å like denne heimelaga varianten 🙂

Så, over til dagens oppskrift! Eg har ei grunnoppskrift på sjokoladen som eg smakstilsetter og varierer litt, så du får grunnoppskrifta og mi smakstilsetning, så kan du evt. mikse og trikse med smakstilsetninger du vil ha 🙂

Mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis:
100 g kakaomasse
50 g kakaosmør
1 ts ekte vaniljepulver
40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande)
1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker)

valgfri smakstilsetning: eg har brukt 60 g naturelle pistasjenøtter (vekt uten skall) + 1 ss sukrin gold + litt maldonsalt

Slik gjer du:
Start med ha kakaomasse og kakaosmør i ein bolle. Dette skal smeltast skånsomt over lett kokande vannbad. Det smelter litt etter litt til alt blir flytande sjokolade.

I mellomtida: ha nøttene i ei tørr steikepanne på middels varme. Rist nøttene til dei begynner å få farge, tilsett sukrin gold og litt maldonsalt. Vend rundt i ca. 1 minutt, ha nøttene over på eit bakepapir og avkjøl. Deretter grovhakker du nøttene og har dei i silikonformer, evt. matbokser med bakepapir.

Når sjokoladeblandinga er klar tilsetter du søtningen. Du må gjerne smake på blandinga om du vil ha den litt søtare. Hell den flytande sjokoladeblandinga over nøttene.

Sett i kjøleskap til avkjøling. Når sjokoladen er heilt stivna kan du vri dei ut av silikonformene, eller eventuelt skjære opp i biter om du har brukt matboks. Oppbevar i kjøleskap.

Silikonformer får du kjøpt på dei aller fleste butikker som selger kjøkkenutstyr/kjøkkenting/sjokoladeingredienser. Pandudo, Clas Ohlson, helsekostbutikker, tilbords osv.

Pistasjenøtter er jo berre fantastisk godt, og i kombinasjon med denne sjokoladen… så blei det berre magisk! Ny sjokoladefavoritt – definitivt!

Og eg lagde ikkje berre denne oppskrifta tidligare denne veka, eg hadde faktisk skikkelig masse-produksjon av sjokolade:

Eg dobla altså oppskrifta og fekk heile 5 silikonform-brett med sjokolade. Det er ingen holdbarhet på dette, står seg leeeenge i kjøleskapet, så det er vertfall ingenting å tenke på 🙂

Visst du ikkje har prøvd heimelaga sjokolade enda, så håper eg du har lyst til å prøve! Eller kanskje du berre trengte ein påminnelse og fekk lyst å lage det igjen (det er litt typisk meg) 🙂

God torsdag!

Annonse

4 Kommentarer

M

Marie-Therese

24. september 2020

Legges peanøttsmør først i bunn slik som pistasjenøttene?

Linda Stuhaug

25. september 2020

Nei. I den varianten eg lagde med peanøttsmør blanda eg peanøttsmøret inn i sjokoladeblandinga 🙂

I

Ida

24. september 2020

Kan man benytte honning og natreen?

Linda Stuhaug

25. september 2020

Ja 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg