Lammelår med bakte potetbiter & fargerik mangosalat

Hei!

For nokon veker sidan lagde eg en skikkelig restemiddag/matreddermiddag, og den har eg lyst til å dele med dåkke – for det blei godt! Både lam og poteter er jo og i sesong no, så det passer jo egentlig midt i blinken 🙂

Sånn type restemiddag som det her (les vidare for å lese kva eg legger i restemiddag) er noko eg lager opp til fleire ganger for veka, men ikkje er så flink til å dele. Når eg la opp maten på tallerken min knipsa eg heilt tilfeldig eit par bilder med mobilen, og det er eg glad for! For dette lager eg lett igjen uansett om det er ein restemiddag eller ikkje, for det var skikkelig godt. Håper fleire av dåkke vil prøve også!

Restemiddagen bestod rett og slett av:

Lammelår → kjøpt på datosalg og fryst ned (bilde lengre nede i innlegget. Denne varianten er skikkelig god!)

Bakte potetbiter → potetene var og kjøpt på datosalg. Dei står seg ofte lenge etter dato, og var heilt fine

Fargerik mangosalat → eg slengte sammen ein salat av akkurat det eg hadde av salat-ingredienser. Det blei ruccola (kjøpt på datosalg), ein stor, skrukkete mango (som var like fin inni), masse spisspaprika, ein avokado som låg å gøymde seg nedi skuffa, litt rødløk og en åpna boks med mais. Enkelt og greit!

Stekte aspargesbønner → dette har eg alltid i frysaren, og når eg ikkje var heil fornøgd med mengden salat, så slang eg ein pakke på steikepanna og stekte med litt smør og salt.

Så alt i alt brukte eg ca (til ca. 3 personer):
2 pk lammelår i skiver
8 mellomstore poteter
1 pk aspargesbønner
Salat av: 1 pk ruccola, 1 stor mango, 2 spisspaprika, 1/2 rødløk, 1 avokado og 1/2 boks mais
(men du bruker naturligvis dei salat-grønnsakene du liker og har tilgjengelig!)
Litt olje, salt og pepper

Slik gjer du: 
1. Sett ovnen på 200 grader varmluft. Del potetene i biter, ha over litt olje, salt og pepper. Sett inn midt i ovnen og steik i 15 minutt.

2. Skjær salat og steik aspargesbønner i litt smør. Ha over litt salt.

3. Når potene har stått i ca 15 minutt setter du lammelåret inn i ovnen. Det skal vere ferdig på 12 minutt.

Så er det berre å servere!

Her ↓ ser du kva lammelår eg brukte (gløymte bilde før eg hadde revet opp heile greia, hehe). Den er kjøpt på Bunnpris, men heilt sikker fleire butikker som har. Denne typen er veldig god og anbefalast virkelig, men du kan sjølvsagt bruke andre typer lammelår også 🙂 Då må du følge anvisning på pakken når det kjem til steiking og evt. smakstilsetning i form av krydder etc.

Ein komplett fargerik, mettande, sunn og deilig høstmiddag! Vi hadde også over litt dressing før vi åt – men bildene blei tatt før den tid. Kvitløksdressing passa veldig godt, men her kan du og bruke andre typer dressinger eller berre ein klatt kesam/rømme!

Håper du er frista til å prøve! Eller har fått litt inspirasjon til korleis du kan lage ein restemiddag/matreddermiddag 😀 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Et tips er å koke potetene i 10-15 minutter før de settes inn i ovnen. HerreGUD så gode de blir!

    1. Eg synes faktisk dei er best ved å berre ovnsbake dei eg, men takk for tips uansett 😀