Linda Stuhaug

Annonse

8. oktober 2020

Heimelaga peanøttsmør-sjokolade

Heimelaga peanøttsmør-sjokolade
God morgen fra Senja!
Igår kveld kom eg fram til Senja og skal vere her fram til mandag. På planen står det fjell, fjell og atter fjell – og har du lyst til å følge med på turane mine, så kan du gjere det på instagram-kontoen min @lindatilfjells 🙂
Men, over til dagens oppskrift: heimelaga peanøttsmør-sjokolade! Rett og slett heimelaga sjokolade som eg har delt i mange varianter her på bloggen, men denne gangen smakstilsatt med deilig peanøttsmør. Skikkelig godt!
Grunnoppskrifta mi på sjokoladen er den samme som før, så her er det berre smakstilsetninga som er ulik. Sjokolade og peanøttsmør er jo ein veldig god kombinasjon, men du kan sjølvsagt bruke andre nøttesmør om du heller vil det 🙂
Mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis: 100 g kakaomasse 50 g kakaosmør 1 ts ekte vaniljepulver 40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande) 1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker) – valgfri smakstilsetning: eg har brukt 3 gode spiseskeier med crunchy peanøttsmør + 1/2 ts knust maldonsalt
Slik gjer du: Start med ha kakaomasse og kakaosmør i ein bolle. Dette skal smeltast skånsomt over lett kokande vannbad. Det smelter litt etter litt til alt blir flytande sjokolade.
Tilsett deretter søtningen, etterfulgt av peanøttsmør. Rør alt godt inn og fordel blandinga i silikonformer, eventuelt matbokser med bakepapir, så du kan skjære opp sjokoladen til biter etter avkjøling.
Sett i kjøleskapet og oppbevar sjokoladen i kjøleskapet til den skal nytast 🙂
Kakaosmør og kakaomasse er nødvendig for å lage skikkelig heimelaga sjokolade, og dette får du tak i på ulike helsekostbutikker eller nettbutikker som selger helsekostprodukter. Eg har og faktisk sett det på nokon dagligvarebutikker med godt utvalg 🙂
Heimelga sjokolade er SÅ godt, og er du glad i mørk sjokkis – så er dette absolutt noko for deg!
Og vi du vite litt meir om KVIFOR heimelaga sjokolade, så skreiv eg litt om det i mitt forrige innlegg med oppskrift på heimelaga sjokkis med karamelliserte pistasjenøtter her 🙂
Denne oppskrifta med pistasjenøtter er forøvrig min store favoritt når det kjem til heimelaga sjokolade! Og eg har laga heimelaga sjokolade i årevis 😉
Håper det frister! Ha en finfin torsdag 🙂

God morgen fra Senja!

Igår kveld kom eg fram til Senja og skal vere her fram til mandag. På planen står det fjell, fjell og atter fjell – og har du lyst til å følge med på turane mine, så kan du gjere det på instagram-kontoen min @lindatilfjells 🙂

Men, over til dagens oppskrift: heimelaga peanøttsmør-sjokolade! Rett og slett heimelaga sjokolade som eg har delt i mange varianter her på bloggen, men denne gangen smakstilsatt med deilig peanøttsmør. Skikkelig godt!

Grunnoppskrifta mi på sjokoladen er den samme som før, så her er det berre smakstilsetninga som er ulik. Sjokolade og peanøttsmør er jo ein veldig god kombinasjon, men du kan sjølvsagt bruke andre nøttesmør om du heller vil det 🙂

Mi grunnoppskrift på heimelaga sjokkis:
100 g kakaomasse
50 g kakaosmør
1 ts ekte vaniljepulver
40 g fibersirup gold (evt. sukrinsirup/yaconsirup/agavesirup eller lignande)
1 ts sukrin+ (evt. anna søtning tilsvarande 2 ts sukker)

valgfri smakstilsetning: eg har brukt 3 gode spiseskeier med crunchy peanøttsmør + 1/2 ts knust maldonsalt

Slik gjer du:
Start med ha kakaomasse og kakaosmør i ein bolle. Dette skal smeltast skånsomt over lett kokande vannbad. Det smelter litt etter litt til alt blir flytande sjokolade.

Tilsett deretter søtningen, etterfulgt av peanøttsmør. Rør alt godt inn og fordel blandinga i silikonformer, eventuelt matbokser med bakepapir, så du kan skjære opp sjokoladen til biter etter avkjøling.

Sett i kjøleskapet og oppbevar sjokoladen i kjøleskapet til den skal nytast 🙂

Kakaosmør og kakaomasse er nødvendig for å lage skikkelig heimelaga sjokolade, og dette får du tak i på ulike helsekostbutikker eller nettbutikker som selger helsekostprodukter. Eg har og faktisk sett det på nokon dagligvarebutikker med godt utvalg 🙂

Heimelga sjokolade er SÅ godt, og er du glad i mørk sjokkis – så er dette absolutt noko for deg!

Og vi du vite litt meir om KVIFOR heimelaga sjokolade, så skreiv eg litt om det i mitt forrige innlegg med oppskrift på heimelaga sjokkis med karamelliserte pistasjenøtter her 🙂

Denne oppskrifta med pistasjenøtter er forøvrig min store favoritt når det kjem til heimelaga sjokolade! Og eg har laga heimelaga sjokolade i årevis 😉

Håper det frister! Ha en finfin torsdag 🙂

Annonse

2 Kommentarer

T

Turid

8. oktober 2020

Hva er best å oppbevare sjokoladebitene i, eller spiller det ingen rolle så lenge de er i kjøleskapet? Kan jeg bruke lønnesirup? Mvh Turid

Linda Stuhaug

9. oktober 2020

Det spiller nok ikkje så stor rolle, eg har dei som regel i ein matboks 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg