Heimelaga sylta rødløk – raskt og enkelt!

Har du smakt sylta rødløk før? Det er så vanvittig godt, og passer som tilbehør til utrulig mykje!

Heilt sidan eg lagde sylta rødløk for første gang for mange år sidan, så har eg periodevis hatt veldig dilla på det. Dei siste månedane har eg hatt ein slik periode igjen. Eg lager opp eit stort glass og har det ståande i kjøleskapet, så bruker eg den sylta rødløken der det passer (og det er på veldig mykje!) 🙂

Og det beste med sylta rødløk er at du kun trenger 3 ingredienser, det er veldig enkelt å lage og tar ikkje meir enn nokon minutter!

Det du rett og slett trenger er eddik, sukker og rødløk (+ vatn).

Vil du lage sukkerfri lake? Les tips under oppskrifta!

Eg har alltid laga ein 1-2-3 syltelake som eg synes blir veldig god, og det er rett og slett 1 del eddik, 2 deler sukker og 3 deler vatn. Har du denne regelen i bakhode kan du justere mengdene etter kor mykje du vil lage 🙂 Denne laken bruker eg også om eg skal sylte rødbeter, agurk eller andre grønnsaker.

Til eit stort glass med sylta rødløk bruker eg:
1 dl eddik
2 dl sukker*
3 dl vatn
4 mellomstore rødløker

Slik gjer du:
→ Kutt rødløken i strimler og ha over i glasset.

→ Kok opp eddik, sukker og vatn under omrøring. Hell syltelaken over i glasset så rødløken er dekka, og sett på lokket. La det avkjøle seg i glasset.

→  Når det er nokolunde avkjølt setter du glasset i kjøleskapet, og oppbevarer kjølig. Sylta rødløk står seg i vekesvis.

PS! Du kan også ta rødløken oppi kjelen, sette på lokk og la det avkjøle før du heller alt oppi glasset og setter i kjøleskapet 🙂

Eg har delt oppskrift på sylta rødløk ein gang før for heile 5,5 år sidan (HER), og då lagde eg laken sukkerfri med 1 dl sukin+.

Du kan fint bruke sukkererstatning for å lage laken sukkerfri, men i tilfelle må du passe på at det tilsvarer 2 dl sukker. Ulike søtningsalternativer har ulik søtningsgrad, så det er viktig å ha i bakhodet. Vit og at holdbarheten ikkje blir heilt den samme, sukker fungerer også som eit konseveringsmiddel og holdbarheten på rødløken er mykje lengre ift bruk av alternativ søtning. Det er dog ikkje noke problem så lenge du ikkje har tenkt at den sylta rødløken skal stå i månedsvis 😉 Her forsvinner eit stort glass på eit par veker.

Og korleis bruke sylta rødløk? Som sagt, så passer det egentlig til veldig mykje!

Eg bruker det som ingrediens i salaten – enten det er ein tilbehørsalat, eller en fullverdig lunsj- eller middagssalat. Det passer som topping på pålegg , i wraps, til grillmaten, burger og taco. Du kan berre ha det ståande på middagsbordet for det passer å berre ta ein liten dæsj på tallerken, enten det er fisk, kylling, kjøtt eller vegetar på menyen 🙂

Her med laks↑

I fetapasta-salat ↑

I burger ↑

I «sandwich»↑

I ulike salater ↑

I wraps ↑

Det er ikkje så mykje av den sylta rødløken som skal til før det hever smaken fleire hakk! 
Fekk du lyst til å prøve? Det håper eg vertfall at nokon av dåkke har lyst til 🙂 

8 kommentarer

  1. Hva med å bruke honning istedenfor sukker ?

    1. Har aldri prøvd. Du må gjerne teste 😀

  2. Hvor lenge holder det seg i kjøleskapet? ☺️

  3. Hvor lenge må løken stå i kjøleskapet før den er perfelt til bruk?

    1. Trenger ikkje stå lengre enn at den blir avkjølt 🙂

  4. Var det stor forskjell i smak på den med sukrin og den med sukker?

    1. Linda Stuhaug

      Det er ikkje så stor forskjell på smak om du bruker sukrin+ nei 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *