Mi beste oppskrift på sunnare og grov paibunn!

Hei godtfolk!

Heilt sidan eg lagde denne oppskrifta på sunnare og grov paibunn for nokon år sidan, så den vore en favoritt. Deigen er superenkel å jobbe med, den er veldig god på smak, paibunnen fungerer som base for kva som helst av fyll, den kan forsteikast i forveien og den kan frysast etter forsteiking. Oppskrifta har fulgt meg nokon år, og det er denne oppskrifta eg bruker på alle middagspaiane (med vanlig bunn) eg har i arkivet fra dei siste åra.

Idag vil eg vise dåkke steg-for-steg til korleis du lager denne superenkle, grove paibunnen – slik at fleire kan prøve seg! Eg har bytta ut halvparten av smøret med kesam, og halvparten av mjølet med havremjøl – så den er litt magrare, grovare og sunnare enn den tradisjonelle paibunnen. Den er likevell kjempegod på både smak og konsistens, berre så det er sagt 🙂

Grov paibunn
♦ 75 g smør, romtemperert
♦ 75 g original kesam (evt. rømme eller creme fraiche)
♦ 1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl (evt. glutenfritt mjøl)
♦ 1,5 dl havremjøl
♦ 1/2 ts salt

Slik gjer du:
→ Ha alle ingrediensane i ein bolle, kna sammen til en jevn paideig med hendene.

→ Kjevle deiga ut deiga på kjøkkenbenken med litt mjøl. Snu paideigen og ha over litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken så den ikkje setter seg fast.

→ Ha den kjevla deiga over i ein paiform (28cm). Trykk deiga jamnt ned i forma og oppover kantane. Skjær vekk det som henger over kanten (PS! Dette kaster man sjølvsagt ikkje. Eg legger det tilbake i paiformen, gjerne opp etter kantane).

→ Prikk deiga med ein gaffel og forsteik på 180 grader, over-undervarme i 15 minutt. Så er det berre å fylle på med det du ønsker!



Det er heilt uproblematisk å lage paibunnen glutenfri så lenge du bruker eit glutenfritt mjøl du liker 🙂 Havremjølet må også vere glutenfritt, men der er jo det ingen forskjell i smak eller ferdig resultat uansett. Havremjøl kan du fint lage sjølv ved å finblende havregryn, det er gjerne billigare – spesielt om man må ha det glutenfritt!

Eg har ikkje prøvd å lage paien melkefri, men så lenge du bruker melkerfri margarin og bytter ut kesam med f.eks melkefri creme fraiche, så smaker det sannsynligvis like godt 🙂

Og – vil du ha litt inspirasjon til kva du kan fylle paibunnen med, så henter eg inn nokon forslag fra arkivet:

↑ Grov middagspai med skinke & bacon – oppskrift her!

↑ Middagspai med spinat, fetaost og soltørka tomat, oppskrift her!

↑ Grov middagspai med søtpotet & mozzarella, oppskrift her!

↑ Enkel, knallgod tacopai – oppskrift her!

↑ Middagspai med kylling, bacon og brokkoli, oppskrift her!

↑ Middagspai med spinat & dobbel ost, oppskrift her!

↑ Med spinat & masse fetaost, oppskrift her!

Med andre ord – her er eit hav av muligheter. Du trenger heller ingen oppskrift: fyll paibunnen med grønnsaker, middagsrester, eggeblanding, ulike oster eller kva som helst – resultatet blir sannsynligvis bra uansett 🙂 Og: en slik pai som dette passer ikkje berre til middag, men også til matpakken eller tapasbordet/koldtbordet!

Håper du er frista til å prøve! Middagspai er jo så godt!! 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Kan jeg bruke olje i stedet for smør? 🙂

    1. Det trur eg ikkje vil fungere heilt optimalt, dessverre. Stor forskjell på smør og olje i konsistens 🙂