Linda Stuhaug

Annonse

27. oktober 2020

Alt-i-ett krema gryte med karbonadedeig og risrester

Hei godtfolk!
Igår lagde eg en skikkelig digg matreddermiddag/restemiddag som eg har lyst til å dele med dåkke her på bloggen også. Dåkke som følger meg på instagram (@lindastuhaug) har kanskje fått med seg denne middagen allerede, då eg lagde den på instastory igår. Eg fekk kjempemange gode tilbakemeldinger, og ønske fra fleire om ein konkret oppskrift som ein kunne finne tilbake på seinare – så då kjem den her idag 😀
Her har du alt-i-ett og du kan bruke akkurat dei ingrediensane du har i DITT kjøleskap! Eg lagde den på berre 15 minutter, så en rask og enkel kvardagsmiddag med andre ord!
Og slik tenkte eg når eg skulle sette sammen denne middagen: → Restemiddagens utgansgpunkt var ein pakke boil-in-bag med ferdigkokt ris fra helga. Her kan du sjølvsagt bruke couscous, bygg, quinoa e.l istedenfor også 🙂 → I tillegg så hadde eg litt forskjellige grønnsaker i kjøleskapet som måtte brukast → I frysaren fant eg karbonadedeig som eg tinte. Eg har mykje anna både kjøtt og fisk i frysaren, men eg synes karbonadedeig går fint sammen med ris → Eg hadde også en boks med creme fraiche i kjøleskapet som gjekk ut på dato for snart en måned sidan. Creme fraiche og soyasaus = nydelig smak i ein fyldig saus → Eg hadde også litt fetaost igjen i eit glass, og kjøpte nokon alfaspirer som eg tenkte eg kunne toppe gryta med
Av grønnsaker hadde eg sopp, paprika, brokkolistilk, rødløk og chili. Dette var heilt tilfeldig då det var det eg hadde heime. Bruk akkurat dei grønnsakene du liker og har tilgjengelig, det er ingen fasit på kva som passer og ikkje 🙂
Så, til denne alt-i-ett krema gryte med karbonadedeig og ris brukte eg (til ca. 3 personer): ♦ 400 g karbonadedeig ♦ 1 pk boil-in-bag ferdigkokt rid ♦ 6 store sjampinjong (som var på tide å bruke!) ♦ 1 paprika (som begynte å bli mjuk!) ♦ 1 rødløk ♦ 1 brokkolistilk ♦ 1 chili ♦ 75 g fersk spinat (som og var på tide å bruke!) ♦ 1/2 boks creme fraiche ♦ soyasaus ♦ litt krydder: eg brukte pepper og chili – ♦ litt fetaost og alfaspirer til topping (kan fint sløyfast)
Slik gjer du: 1. Steik karbonadedeig og sett til side.
2. Steik så alle grønnsakene utenom spinat.
3. Ha karbonadedeig og ferdigkokt ris oppi panna.
4. Steik litt før du tilsetter creme fraiche og soyasaus. Smak til med soyasausen, eg brukte kanskje 0,4 dl. Rør inn før du tilsetter spinaten.
5. La det surre nokon minutter til alt er gjennomvarmt, smak til med salt og pepper, og server!
Som nevnt så toppa eg gryta med fetaost og alfaspirer, men her bruker du dei resteingrediensane du har heime 🙂 Kanskje du har noko ferdigstekt bacon? Avokado? Raspa ost? Kesam? Eller ingenting? Godt blir det uansett!
Og denne boksen med creme fraiche har stått i kjøleskapet en måneds tid. Stresser aldri med å ete sånt, for eg veit at produkter som dette i 99% av tilfella kan stå månedsvis etter utløpsdato 🙂 Hugs alltid å sjå-lukte-smake før du kaster fullt spiselig mat!!
Gryta blei fyldig, krema og skikkelig god på smak. Det ser kanskje ikkje så delikat ut, men eg kan love at det smakte bedre enn det ser ut, hehe 🙂
Håper du er inspirert til å prøve! Enten du har rester som meg, eller berre vil lage ei skikkelig god alt-i-ett gryte♥ Eg lager slike middager som dette fleire ganger for veka, og skal prøve å bli flinkare til å dele desse 🙂

Hei godtfolk!

Igår lagde eg en skikkelig digg matreddermiddag/restemiddag som eg har lyst til å dele med dåkke her på bloggen også. Dåkke som følger meg på instagram (@lindastuhaug) har kanskje fått med seg denne middagen allerede, då eg lagde den på instastory igår. Eg fekk kjempemange gode tilbakemeldinger, og ønske fra fleire om ein konkret oppskrift som ein kunne finne tilbake på seinare – så då kjem den her idag 😀

Her har du alt-i-ett og du kan bruke akkurat dei ingrediensane du har i DITT kjøleskap! Eg lagde den på berre 15 minutter, så en rask og enkel kvardagsmiddag med andre ord!

Og slik tenkte eg når eg skulle sette sammen denne middagen:
→ Restemiddagens utgansgpunkt var ein pakke boil-in-bag med ferdigkokt ris fra helga. Her kan du sjølvsagt bruke couscous, bygg, quinoa e.l istedenfor også 🙂
→ I tillegg så hadde eg litt forskjellige grønnsaker i kjøleskapet som måtte brukast
→ I frysaren fant eg karbonadedeig som eg tinte. Eg har mykje anna både kjøtt og fisk i frysaren, men eg synes karbonadedeig går fint sammen med ris
→ Eg hadde også en boks med creme fraiche i kjøleskapet som gjekk ut på dato for snart en måned sidan. Creme fraiche og soyasaus = nydelig smak i ein fyldig saus
→ Eg hadde også litt fetaost igjen i eit glass, og kjøpte nokon alfaspirer som eg tenkte eg kunne toppe gryta med

Av grønnsaker hadde eg sopp, paprika, brokkolistilk, rødløk og chili. Dette var heilt tilfeldig då det var det eg hadde heime. Bruk akkurat dei grønnsakene du liker og har tilgjengelig, det er ingen fasit på kva som passer og ikkje 🙂

Så, til denne alt-i-ett krema gryte med karbonadedeig og ris brukte eg (til ca. 3 personer):
♦ 400 g karbonadedeig
♦ 1 pk boil-in-bag ferdigkokt rid
♦ 6 store sjampinjong (som var på tide å bruke!)
♦ 1 paprika (som begynte å bli mjuk!)
♦ 1 rødløk
♦ 1 brokkolistilk
♦ 1 chili
♦ 75 g fersk spinat (som og var på tide å bruke!)
♦ 1/2 boks creme fraiche
♦ soyasaus
♦ litt krydder: eg brukte pepper og chili

♦ litt fetaost og alfaspirer til topping (kan fint sløyfast)

Slik gjer du:
1. Steik karbonadedeig og sett til side.

2. Steik så alle grønnsakene utenom spinat.

3. Ha karbonadedeig og ferdigkokt ris oppi panna.

4. Steik litt før du tilsetter creme fraiche og soyasaus. Smak til med soyasausen, eg brukte kanskje 0,4 dl. Rør inn før du tilsetter spinaten.

5. La det surre nokon minutter til alt er gjennomvarmt, smak til med salt og pepper, og server!

Som nevnt så toppa eg gryta med fetaost og alfaspirer, men her bruker du dei resteingrediensane du har heime 🙂 Kanskje du har noko ferdigstekt bacon? Avokado? Raspa ost? Kesam? Eller ingenting? Godt blir det uansett!

Og denne boksen med creme fraiche har stått i kjøleskapet en måneds tid. Stresser aldri med å ete sånt, for eg veit at produkter som dette i 99% av tilfella kan stå månedsvis etter utløpsdato 🙂 Hugs alltid å sjå-lukte-smake før du kaster fullt spiselig mat!!

Gryta blei fyldig, krema og skikkelig god på smak. Det ser kanskje ikkje så delikat ut, men eg kan love at det smakte bedre enn det ser ut, hehe 🙂

Håper du er inspirert til å prøve! Enten du har rester som meg, eller berre vil lage ei skikkelig god alt-i-ett gryte♥ Eg lager slike middager som dette fleire ganger for veka, og skal prøve å bli flinkare til å dele desse 🙂

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg