Proteinrike havrerundstykker med innbakt ost & skinke

God onsdag!

Idag har eg eit skikkelig godt og heilt genialt lunsj-, matpakke-, og turmattips til dåkke:

Proteinrike havrerundstykke med innbakt ost & skinke! Og desse liker eg så godt av fleire grunner:

♦ Dei er mektige, sunne og næringsrike
♦ Det er en slags alt-i-ett rundstykke, sidan pålegget er innbakt i oppskrifta
♦ Rundstykka står seg godt og er like saftige og gode etter 3 dager – enten i kjøleskapet eller i sekken på tur
♦ Dei er raske og enkle å lage

Dei som har fulgt meg ei stund har sett desse før, faktisk i fleire varianter. Grunnoppskrifta er den klassiske oppskrifta på proteinrike havrerundstykker med cottage cheese og havre som eg har delt oppskrift på mange ganger før. Forskjellen her er at eg har knadd inn biter av ost, skinke og ekstra krydder for god smak 🙂 Samme oppskrift har eg også delt i dette innlegget i 2018, då eg hadde laga desse som turmat til 7-dagers langtur i fjellheimen. Desse rundstykka har faktisk vore meg meg på langtur i 5 år no! Det har blitt fast turmat, nettopp fordi dei er så smarte å ha med på ein sånn tur, både med tanke på næringsinnhold, men også med tanke på at dei kan etast akkurat som dei er.

Rundstykka passer og fint å ha med i den klassiske matpakken, som frukost på farten eller som turmat på dagstur. Eg har laga desse fleire ganger som matmuffins også, men synes det er like greit å berre forme rundstykker med hendene 🙂

Over til oppskrifta:

Du trenger, ca. 14  stk (rundstykker som på bildene):
400 g cottage cheese (1 stort beger)
4 store egg
250 g havremjøl
100 g havregryn
2 ts bakepulver
1 ts salt
1-2 ts tørka oregano eller pizzakrydder
1 ts paprikakryder
litt grovkverna chili og kvitløk (eller andre krydder du liker)

250-300 g skinke i biter
150 g raspa ost
evt. litt purreløk, vårløk, raspa gulrot eller andre grønnsaker

Slik gjer du:
1. Ha cottage cheese og egg i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med ein stavmiksar.

2. Visp inn bakepulver og krydder, før du tilsetter havremjøl og havregryn. Bland godt.

2. Kna inn ost og skinke. La blandinga svelle i ca. 10-15 minutt.

3. Form til rundstykker med litt fuktige hender. Strø gjerne over valmuefrø på toppen.

5. Steik på 180 grader, over-undervarme i 20-25 minutt, eller til rundstykka er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.

Etter dei er avkjølte oppbevarer du rundstykka i kjøleskapet, eller du kan fryse dei ned. Det går heilt fint å ha dei med i sekken på skulen, på jobb eller på tur også 🙂

Så kan du sjølvsagt variere oppskrifta litt etter smak og behag. Bytte ut litt skinke med bacon eller spekeskinke, bruke en ost med ekstra god smak, ulike krydder, grønnsaker… 🙂

Lurer du på kva du skal lage med deg som turmat, så har du vertfall svaret her til neste gang! Desse er virkelig gode og geniale å ha med på tur altså. Håper fleire vil prøve!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 kommentarer

  1. Nedzada Fjærestad

    Ser fantastiske ut.skal prøves. Men kan eg bruke annan type mjøl istaden for havremjøl. Funkar det med grov spelt?

    1. Det gjer det heilt sikkert, men kan hende du må bruke litt meir – for havre tiltrekker seg væske på ein anna måte 🙂

  2. Disse skal jeg definitivt prøve meg på senere! 🙂

    1. Håpe den smaker 😀

  3. Disse blir med meg og datteren min på tur i dag!

    1. Håper dei smaker!! 🙂

  4. Nydelig oppskrift! Jeg lagde de for høye så ble jo aldri ferdige men var kjempegode❤️

    1. Så kjekt dei falt i smak 😀

  5. Ser nydelig ut, må prøves! Vet du ca hvor mange kalorier det er i hvert rundstykke?❤️

    1. Nei, eg rekner ikkje på kalorier 🙂

  6. Mmmm, de er kjempegode! Tusen takk for digg oppskrift. Rakk aldri å fryse noen denne gangen…

    1. Det er no absolutt eit godt tegn 😀