Linda Stuhaug

Annonse

10. november 2020

Grov middagspai med ost & skinke

Grov middagspai med ost & skinke
God tirsdag!
No er det ikkje så lenge sida eg delte innlegget «Mi beste oppskrift på sunnare og grov paibunn!» som eg fekk veldig mykje god respons på 🙂 Det har blitt laga mange gode middagspaier i heimane dåkkas dei siste vekene, og det har det hos meg også! Eg blei frista av mitt eget blogginnlegg samme dag som publisering og lagde derfor ein grov middagspai med ost & skinke til middag:
Ein veldig enkel, god og familievennlig variant av middagspaien – ost & skinke er jo ein klassikar hos dei yngre 🙂
Grov paibunn ♦ 75 g smør, romtemperert ♦ 75 g original kesam (evt. rømme eller creme fraiche) ♦ 1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl (evt. glutenfritt mjøl) ♦ 1,5 dl havremjøl ♦ 1/2 ts salt
Slik gjer du: → Ha alle ingrediensane i ein bolle, kna sammen til en jevn paideig med hendene.
→ Kjevle deiga ut deiga på kjøkkenbenken med litt mjøl. Snu paideigen og ha over litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken så den ikkje setter seg fast.
→ Ha den kjevla deiga over i ein paiform (28cm). Trykk deiga jamnt ned i forma og oppover kantane. Skjær vekk det som henger over kanten (PS! Dette kaster man sjølvsagt ikkje. Eg legger det tilbake i paiformen, gjerne opp etter kantane).
→ Prikk deiga med ein gaffel og forsteik på 180 grader, over-undervarme i 15 minutt.
Skinkefyll 300-400 g skinke 1 liten purreløk 1 spisspaprika 6 store eller 8 små egg 1 dl valgfri melk eller fløyte 1/2-1 ts salt og 1/2 ts pepper raspa ost
Slik gjer du: → Fyll den forstekte bunnen med purreløk, skinke og spisspaprika. Visp sammen egg, melk/fløyte, salt og pepper, og hell eggeblandinga i. Avslutt med litt raspa ost på toppen.
→ Sett inn igjen i ovnen og stei i ca. 30 minutt, eller til eggeblandinga har satt seg.
Så er det berre å servere! Vi har alltid ein frisk salat som tilbehør, gjerne med litt fetaost og ein god dressing til også 🙂
TIPS! Paibunnen kan du lage klar dagen i forveien og oppbevare i kjøleskapet om du ønsker det! Du kan også lage den på forhånd og ha i frysaren 🙂 Visst paibunnen er klar er resten fort gjort; då er det berre å kutte ingrediensane og fylle i bunnen mens ovnen varmer seg opp. Visst du vil gjere det enda enklare til middagstid kan du kutte alle ingrediensane på forhånd, vispe sammen eggeblandinga og raspe osten – så er det berre å ha dette i paibunnen og sette den i ovnen.
Og har du rester igjen – så er middagspaien like god kald i matpakken dagen etterpå! Restemiddag er heller ingen dum idè 🙂
Håper det ser fristande ut, og at dåkke alle får en bra tirsdag♥

God tirsdag!

No er det ikkje så lenge sida eg delte innlegget « Mi beste oppskrift på sunnare og grov paibunn!» som eg fekk veldig mykje god respons på 🙂 Det har blitt laga mange gode middagspaier i heimane dåkkas dei siste vekene, og det har det hos meg også! Eg blei frista av mitt eget blogginnlegg samme dag som publisering og lagde derfor ein grov middagspai med ost & skinke til middag:

Ein veldig enkel, god og familievennlig variant av middagspaien – ost & skinke er jo ein klassikar hos dei yngre 🙂

Grov paibunn
♦ 75 g smør, romtemperert
♦ 75 g original kesam (evt. rømme eller creme fraiche)
♦ 1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl (evt. glutenfritt mjøl)
♦ 1,5 dl havremjøl
♦ 1/2 ts salt

Slik gjer du:
→ Ha alle ingrediensane i ein bolle, kna sammen til en jevn paideig med hendene.

→ Kjevle deiga ut deiga på kjøkkenbenken med litt mjøl. Snu paideigen og ha over litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken så den ikkje setter seg fast.

→ Ha den kjevla deiga over i ein paiform (28cm). Trykk deiga jamnt ned i forma og oppover kantane. Skjær vekk det som henger over kanten (PS! Dette kaster man sjølvsagt ikkje. Eg legger det tilbake i paiformen, gjerne opp etter kantane).

→ Prikk deiga med ein gaffel og forsteik på 180 grader, over-undervarme i 15 minutt.



Skinkefyll
300-400 g skinke
1 liten purreløk
1 spisspaprika
6 store eller 8 små egg
1 dl valgfri melk eller fløyte
1/2-1 ts salt og 1/2 ts pepper
raspa ost

Slik gjer du:
→ Fyll den forstekte bunnen med purreløk, skinke og spisspaprika. Visp sammen egg, melk/fløyte, salt og pepper, og hell eggeblandinga i. Avslutt med litt raspa ost på toppen.

→ Sett inn igjen i ovnen og stei i ca. 30 minutt, eller til eggeblandinga har satt seg.

Så er det berre å servere! Vi har alltid ein frisk salat som tilbehør, gjerne med litt fetaost og ein god dressing til også 🙂

TIPS!
Paibunnen kan du lage klar dagen i forveien og oppbevare i kjøleskapet om du ønsker det! Du kan også lage den på forhånd og ha i frysaren 🙂 Visst paibunnen er klar er resten fort gjort; då er det berre å kutte ingrediensane og fylle i bunnen mens ovnen varmer seg opp. Visst du vil gjere det enda enklare til middagstid kan du kutte alle ingrediensane på forhånd, vispe sammen eggeblandinga og raspe osten – så er det berre å ha dette i paibunnen og sette den i ovnen.

Og har du rester igjen – så er middagspaien like god kald i matpakken dagen etterpå! Restemiddag er heller ingen dum idè 🙂

Håper det ser fristande ut, og at dåkke alle får en bra tirsdag♥

Annonse

18 Kommentarer

I

Ida

18. april 2021

Kan ein bruke ildfast form om ein ikkje har paiform :)?

Linda Stuhaug

18. april 2021

Ja absolutt 🙂

M

Merete

19. november 2020

Kan paien fryses?

Linda Stuhaug

20. november 2020

Ja 🙂

M

Merete

20. november 2020

Så bra, den var knallgod! Da har jeg lunsj klar til neste uke Kan den spises kald eller tining også, eller bør den varmebehandles igjen?

Linda Stuhaug

21. november 2020

Så bra! Nei, kan fint etast kald 🙂

D

Dina Svege

13. november 2020

Bruker man vanlig smør her eller melange smør?

Linda Stuhaug

15. november 2020

Melange er margarin, ikkje smør 🙂 Eg bruker alltid ekte smør!

M

Marit

12. november 2020

Veldig god!

Linda Stuhaug

12. november 2020

Det er kjekt å lese, Marit 😀

L

Lene

12. november 2020

Hei Linda Er ikke dette din oppskrift ? Syntes dette lignet veldig på din eplekake https://stina.blogg.no/eplekake-oppskrift.html

Linda Stuhaug

12. november 2020

Hei! Jo, den er skremmande lik min oppskrift…..!

L

Lene

12. november 2020

Ja veldig . Personen godkjenner ikke kommentaren min når jeg ber henne nevne deg i innlegget.

Linda Stuhaug

13. november 2020

Såpass ja. Det er jo kjedelig…. Men takk som seier ifra, det synes eg er fint av deg 🙂

M

Marthe

11. november 2020

Hei! Er det mulig å lage denne med færre egg?

Linda Stuhaug

11. november 2020

Ja, men då må du bruke litt meir fyll for å fylle opp bunnen 🙂

M

Monique

11. januar 2024

Hei, når du lager bunnen dagen før, steker du den da først 15 min? Eller oppbevares den rå og stekes dagen etter?

Linda Stuhaug

14. januar 2024

Hei! Eg forsterker bunnen som det står i oppskrifta, oppbevarer den ikkje rå😁

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg