Saftige, grove pestosnurrer

God mandag!

For eit par veker sidan lagde eg klassisk gjærdeig (altså ikkje eltefri) for første gang på over eit år. Eg har aldri vert noko glad i gjærdeiger – verken å bake eller ete – så derfor blir det ganske så sjelden at eg setter i gang med gjærdeig og eltemaskin på kjøkkenet. Men, dette er svært etterspurte oppskrifter på bloggen, så eg fant ut det var på tide å diske opp med ein klassisk gjærdeig-oppskrift på her igjen 🙂

Dagens oppskrift er altså saftige, grove pestosnurrer. Desse er fylt med pesto og ost, og passer til det meste: i matpakken, som turmat, som tilbehør til suppe eller salat, på tapasbordet eller koldtbordet, som (vegetar)middag med litt salat som tilbehør eller egentlig til kva som helst.

Lag gjerne dobbel porsjon og nyt nokon mens dei er nystekte, i matpakken utover veka eller frys ned. Dei egner seg nemlig godt til frysing og er supre å varme litt i ovnen eller mikroen, så smaker dei som nystekte!

Oppskrifta på gjærdeiga har eg delt på bloggen før, og er også å finne i nyaste kokeboka mi. Deiga er veldig enkel å jobbe med, hever fint og verken klisser eller klebrer. Denne har eg fått ekstremt mange gode tilbakemeldinger på!

Du trenger, 12-14 snurrer
50 g smør
3 dl melk
1/2 pk tørrgjær
1/2 ts salt
1 ts honning
200 g havremjøl
200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
+ litt ekstra mjøl til utbaking

Fyll
100 g grønn pesto
100-150 g raspa ost

Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og honning.

2. Ha blandinga over i ei eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl eller kveitemjøl til du har ein glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, gjer du det. La deigen elte i 5–10 minutt. Sett deigen til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time…

Deretter kjevler du deiga ut til eit rektangel…

Smører på pesto…

Har over den raspa osten…

Ruller sammen…

Og skjærer opp i passelige biter.

Ha over på eit steiktbrett med bakepapir, og la snurrane etterheve i 45-60 minutt under eit kjøkkenhandkle…

… Steik så snurrane på 180 grader, over-undervarme i ca. 15 minutt, eller til snurrane er gylne. Nyt gjerne varme/lune, eller avkjøl på rist.

Superenkle å lage, passer til det meste – kan virkelig anbefalast!
Håper alle har en god start på den nye veka♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Hei! Tror du det funker å elte deigen for hånd? 🙂

    1. Tja, det funker nok det – men er ikkje sikkert resultatet blir like bra som med eltemaskin, uten at eg veit det sikkert 🙂

  2. Lager du pesto selv el hvilken type kjøper du evt?

    1. Eg lager sjølv eller kjøper Coop sitt «Smak» merke 🙂

  3. Disse ble saftige og gode 🙂

    1. IKkje sant 😀