Annonse
5. januar 2021
Fylte, grove pizzahorn
Hei godtfolk!
Kan eg friste med fylte, grove horn til matpakken denne veka? Eg har fylt horna med pizzasaus, stekt karbonadedeig m/løk, pizzakrydder og ost – men du kan sjølvsagt fylle horna med akkurat det du måtte ønske 🙂
Deiga til desse horna er virkelig SUPERENKEL å jobbe med! Og det er ikkje berre eg som seier, det har veldig mange av dåkke også sagt 🙂
Du treng, 16 stk (store)*
100 g smør
6 dl melk
1 pk tørrgjær
1 ts salt
2 ts sukker/honning
350 g havremjøl (eller anna grovt mjøl)
400-450 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
Fyll:
Pizzasaus, ketchup eller lignande
Revet eller skiva ost
600 g karbonadedeig → stekt med 1 hakka løk
Gjerne litt pizzakrydder
Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.
2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.
3. Del deiga i to og kjevle ut til to runde leiver. Bruk litt mjøl på benken og snu gjerne deiga underveis, så du er sikker på den ikkje henger fast i benken.
4. Bruk en pizzaskjærer og del opp i åtte trekanter. Smør på pizzasaus/ketchup, stekt karbonadedeig m/løk og ost i midten av trekanten. Topp gjerne med litt krydder, eg brukte dolly dimples pizzakrydder. Start å rulle kvar trekant fra den breiaste delen først.
5. Legg pizzahorna på to steikebrett med bakepapir. Sett ovnen på 200 grader. La horna etterheve i ca. 45 minutt med eit kjøkkenhandkle over.
6. Pensle pizzahorna med egg (evt. melk/vatn) og dryss gjerne over litt valmuefrø/havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til pizzahorna er gylne. Avkjøl på rist.
Pizzahorna kan du nyte nystekte, lune eller kalde. Dei står seg fint nokon dager, og dei kan gjerne frysast 🙂
Pizzahorna er perfekt å ha med i matpakken, som turmat eller lettvint middag ein dag! Har du desse i frysaren er det berre å ta dei 10-15 minutt i ovnen, så er dei som nystekte 🙂 Heilt supert ein dag du må ha det raskt og lettvint til middag!
Velbekomme og kos deg!
Annonse
30 Kommentarer
Allan.
26. mars 2023
Linda Stuhaug
27. mars 2023
Tara
1. april 2021
Linda Stuhaug
2. april 2021
Donya
9. januar 2021
Linda Stuhaug
10. januar 2021
Elin
7. januar 2021
Linda Stuhaug
8. januar 2021
Pia
7. januar 2021
Karen
13. januar 2021
Linda Stuhaug
13. januar 2021
Linda Stuhaug
8. januar 2021
Anne
6. november 2022
Linda Stuhaug
6. november 2022
Helga
2. januar 2022
Linda Stuhaug
2. januar 2022
Tina
17. desember 2021
Linda Stuhaug
19. desember 2021
Brith
12. oktober 2022
Linda Stuhaug
13. oktober 2022
Lill
13. oktober 2022
Linda Stuhaug
13. oktober 2022
Marianne
14. oktober 2022
Linda Stuhaug
14. oktober 2022
Eline
6. januar 2021
Linda Stuhaug
6. januar 2021
Chris
5. januar 2021
Linda Stuhaug
6. januar 2021
Gry bente kjos Enger
5. januar 2021
Linda Stuhaug
6. januar 2021
SKRIV EN KOMMENTAR