Sukkerfri tropisk aroma sjokoladekake

Har du smakt tropisk aroma sjokoladekake før?

Eg hadde aldri hørt om det før før eg sommaren 2017 hadde besøk av ei god venninne som meinte at dette var verdens beste sjokoladekake 🙂 Vi slang oss rundt på kjøkkenet og lagde ein sukkerfri variant som fikk en hedersplass i mi første kokebok «Opptur med sunn mat«♥

Det som kjennetegner denne sjokoladekaka er at den har en litt særegen smak, fordi den inneholder muskatnøtt. Litt spesielt, men veldig godt!

Så, dåkke som har mi første kokebok har nok sett denne kaka før! Men idag har eg lyst til å dele oppskrifta med dåkke her på bloggen også 🙂 Eg har i kjent Linda-stil laga den sukkerfri, men som dåkke veit: du kan bruke akkurat den søtningen du vil!

Kakebunn
80 g smør, smelta
80 g kesam
2 egg
150 g Sukrin Gold*
50 g Sukrin+*
2 dl melk
250 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
1 stor ts kanel
1 liten ts malt muskatnøtt
2 ts bakepulver
3 ss kakao

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader over­ og undervarme. Pisk saman kesam, egg, Sukrin Gold og Sukrin+. Tilsett smelta smør og rør godt før du tilsetter resten av ingrediensane utanom kakao.

2. Sett ca. ein tredel av røra til side. Tilsett kakao i resten av røra og bland godt.

3. Hell halvparten av den mørke kakerøra i ei smurt form med diameter på 24 cm. Hell over den lyse kake­ røra før du avsluttar med resten av den mørke.

4. Steik midt i ovnen, ca. 25–30 minutt, eller til kaka er gjennomsteikt. Avkjøl.

Glasur
100 kremost naturell
50 g smør, romtemperert
200 g Sukrinmelis*
1 ts ekte vaniljepulver
6 ss sterk kaffi (ikkje glovarm)
2–3 ss kakao
ei klype salt

Slik gjer du:
Pisk sammen ingrediensane til glasuren. Smak til med kakao og eventuelt meir Sukrinmelis. Fordel over kaka.

Kaka står seg fint 2-3 dager i kjøleskap. Kan og frysast!

Tips og alternativer*
→ Søtning: i kakebunnen kan du bruke anna søtning tilsvarande 250 g sukker. I glasuren kan du og bruke anna søtning tilsvarande 100 g melis – men her er det viktig at det er ein pulveristert variant som løyse seg opp i den kalde glasuren.

→ Må du ha glutenfri kake, bytt ut speltmjøl/kveitemjøl med glutenfritt mjøl.

Kaka passer gjerne best til helg, fest eller feiring♥

Nyt eit kakestykke eller to!

Og du, har du lyst på første boka mi, så kan du kjøpe den HER♥ (Egenreklame)

Tenk at det er heile tre år sidan eg ga ut mi første kokebok. Tida har flydd, det føles ut som det var igår!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Anne Guri Haukvik

    Er det greit Ă„ kun bruke sukrin gold i kakebunnen, evt bruke honning?

    1. Du kan kun bruke sukrin gold ja. Ville heller brukt det enn honning 🙂 Men hugs Ă„ justere mengden som det stĂ„r i innlegget 🙂