Linda Stuhaug

Annonse

12. januar 2021

Crunchy banangranola med peanøttsmør

Crunchy banangranola med peanøttsmør
Heilt sida eg la ut oppskrift på banangranola for snart 3 år sidan her, så har banangranola vert min favorittgranola. Den er så utrulig crunchy, smakfull og god! Og ikkje minst så er det en perfekt måte å bruke opp brune bananer på. For er det noko eg støtt og stadig har i min fruktkorg, så er det nettopp brune bananer 🙂 Og det er fordi eg sparer på bananene så dei blir skikkelig overmodne, for då synes eg dei er best å bake med.
I helga så hadde eg tre bananer i fruktkorga som hadde låge litt for lenge. Dei hadde faktisk blitt (nesten) heilt svarte! Men det betydde ingenting, for når eg tok av skallet av bananene så var dei fortsatt fine inni. Litt ekstra søte berre 🙂
Så, av desse bananene lagde eg rett og slett banangranola! Eg pleier berre å lage det på slump, men denne gangen fant eg ut at eg skulle måle opp slik at eg kunne dele oppskrift med dåkke 🙂 Det er nemlig en ny vri på denne; banangranola med peanøttsmør. Denne varianten har eg laga noken ganger før, og den er skikkelig god!
Du trenger, en stor krukke: ♦ 3 overmodne bananer ♦ 150 g valgfri, flytande søtning (sukrinsirup, honning, agavesirup, lønnesirup…) ♦ 150 g peanøttsmør (eller anna nøttesmør) ♦ 400 g havregryn ♦ 50-100 g valgfrie nøtter eller kjerner (eg brukte usalta cashewnøtter) ♦ 1/2 ts salt ♦ 2 ts kanel
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 160 grader varmluft. Ha banan, søtning og peanøttsmør i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med stavmikser.
2. Ha havregryn, nøtter/kjerner, salt og kanel i bollen. Rør godt.
3. Fordel banangranolaen på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i 10 minutter. Ta så brettet ut av ovnen og bruk ein steikespade til å «smuldre opp» banangranolaen til små biter. Sett granolaen tilbake i ovnen.
4. Rør i banangranolaen kvart 10-ende minutt til den er ferdig. Er det store klumper igjen, så bruker du steikespaden til å gjere desse mindre.
5. La banangranolaen steike til den er godt gyllen, hos meg tok dette 40 minutt. Avkjøl og ha over i ei glasskrukke.
Granolaen står seg i månedsvis i glasskrukke. Nyt over ei skål med melk, yoghurt eller cottage cheese, gjerne med litt friske bær/frukt♥
Banangranolaen er både glutenfri (bruk glutenfri havregryn) og melkefri. Den er også vegansk så lenge du ikkje bruker honning, og du bestemmer sjølv kva søtning du vil bruke ut fra det du liker 🙂
Eg har alltid ei eller fleire krukker med banangranola i kjøkkenskapet. Det er ein favoritt hos både meg og sambuaren min; for meg over ei skål med yoghurt og frukt/bær, og for sambuaren min over ei skål med melk og syltetøy 🙂
Lag denne neste gang du har overmodne bananer i fruktkorga! Ingen problem å justere ned mengden om du f.eks berre har 1 eller 2 bananer 🙂 Eit nydelig frukosttips til veka!

Heilt sida eg la ut oppskrift på banangranola for snart 3 år sidan her, så har banangranola vert min favorittgranola. Den er så utrulig crunchy, smakfull og god! Og ikkje minst så er det en perfekt måte å bruke opp brune bananer på. For er det noko eg støtt og stadig har i min fruktkorg, så er det nettopp brune bananer 🙂 Og det er fordi eg sparer på bananene så dei blir skikkelig overmodne, for då synes eg dei er best å bake med.

I helga så hadde eg tre bananer i fruktkorga som hadde låge litt for lenge. Dei hadde faktisk blitt (nesten) heilt svarte! Men det betydde ingenting, for når eg tok av skallet av bananene så var dei fortsatt fine inni. Litt ekstra søte berre 🙂

Så, av desse bananene lagde eg rett og slett banangranola! Eg pleier berre å lage det på slump, men denne gangen fant eg ut at eg skulle måle opp slik at eg kunne dele oppskrift med dåkke 🙂 Det er nemlig en ny vri på denne; banangranola med peanøttsmør. Denne varianten har eg laga noken ganger før, og den er skikkelig god!

Du trenger, en stor krukke:
♦ 3 overmodne bananer
♦ 150 g valgfri, flytande søtning (sukrinsirup, honning, agavesirup, lønnesirup…)
♦ 150 g peanøttsmør (eller anna nøttesmør)
♦ 400 g havregryn
♦ 50-100 g valgfrie nøtter eller kjerner (eg brukte usalta cashewnøtter)
♦ 1/2 ts salt
♦ 2 ts kanel

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 160 grader varmluft. Ha banan, søtning og peanøttsmør i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med stavmikser.

2. Ha havregryn, nøtter/kjerner, salt og kanel i bollen. Rør godt.

3. Fordel banangranolaen på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i 10 minutter. Ta så brettet ut av ovnen og bruk ein steikespade til å «smuldre opp» banangranolaen til små biter. Sett granolaen tilbake i ovnen.

4. Rør i banangranolaen kvart 10-ende minutt til den er ferdig. Er det store klumper igjen, så bruker du steikespaden til å gjere desse mindre.

5. La banangranolaen steike til den er godt gyllen, hos meg tok dette 40 minutt. Avkjøl og ha over i ei glasskrukke.

Granolaen står seg i månedsvis i glasskrukke. Nyt over ei skål med melk, yoghurt eller cottage cheese, gjerne med litt friske bær/frukt♥

Banangranolaen er både glutenfri (bruk glutenfri havregryn) og melkefri. Den er også vegansk så lenge du ikkje bruker honning, og du bestemmer sjølv kva søtning du vil bruke ut fra det du liker 🙂

Eg har alltid ei eller fleire krukker med banangranola i kjøkkenskapet. Det er ein favoritt hos både meg og sambuaren min; for meg over ei skål med yoghurt og frukt/bær, og for sambuaren min over ei skål med melk og syltetøy 🙂

Lag denne neste gang du har overmodne bananer i fruktkorga! Ingen problem å justere ned mengden om du f.eks berre har 1 eller 2 bananer 🙂 Eit nydelig frukosttips til veka!

Annonse

20 Kommentarer

S

Stine

18. mars 2021

Hei. Deilig opppskrift! Men vet du hva man kan erstatte nøttesmør med? Går det an å bare utelate det? Liker godt størrelsen på oppskriften.

Linda Stuhaug

19. mars 2021

Hei! Nei, du kan ikkje berre droppe det. Vil heller anbefale deg å følge oppskrifta som er uten peanøttsmør – som er linka i starten av innlegget 🙂

R

Rigmor

16. mars 2021

Disse skålene som du bruker er så fine, kan jeg spørre hvor du får kjøpt slike skåler med tilbehør?

Linda Stuhaug

17. mars 2021

Hei! På Betterbowls 🙂

N

Nina Robertsenn

14. mars 2021

Hei! Er fibersirup det samme som sukrinsirup?

Linda Stuhaug

14. mars 2021

Nei men dei kan stort sett erstatte kvarandre 🙂 https://www.lindastuhaug.no/2019/11/15/kva-er-greia-med-fibersirup-og-den-nye-sukrinsirupen/

N

Nina Robertsenn

14. mars 2021

Tusen takk for svar 🙂

Linda Stuhaug

15. mars 2021

🙂

T

Thor Andre Fjellestad

23. februar 2021

Næringsinnhald per 100 på blandinga?

Linda Stuhaug

23. februar 2021

Må man vite næringinnhold må man rekne på det sjølv 🙂

A

Anita

22. januar 2021

Jeg har masse bananer i fryseren, kan jeg bruke de?

Linda Stuhaug

23. januar 2021

Eg har aldri brukt det sjølv, men fått tilbakemelding fra andre at dei har gjort det. Du må nok tilsette litt meir havregryn og kanskje steike den enda litt lengre. Også tine bananene først 🙂

T

Tone-Mari

20. januar 2021

Kan jeg bruke sukrin gold istede for flytende søtning?

Linda Stuhaug

20. januar 2021

Då vil eg anbefale at du smelter den først 🙂

M

Martine

15. januar 2021

Flytende søtning… Jeg hadde bare lys sirup liggende her i huset (etter pepperkakebakinga i jula). Fungerer det? Og bør jeg såfall endre mengden?

Linda Stuhaug

15. januar 2021

Ja, fungerer det. Samme mengde 🙂

C

Cathrine

13. januar 2021

Denne så veldig god ut! Takk som deler 🙂 Vet du hvordan den påvirker blodsukkeret? Banan drar opp, men de andre ingrediensene balanserer.

Linda Stuhaug

13. januar 2021

Har ingen konkret mål på det. Det vil jo og variere ut fra korleis du serverer granolaen 🙂

I

Ingebjørg

15. februar 2022

Blei kjempegod🙂👍

Linda Stuhaug

15. februar 2022

Fantastisk <3

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg