Linda Stuhaug

Annonse

Middagsomelett (resteomelett) med potet, bacon og baconost

Omelett synes eg faktisk er heilt genialt. Ikkje berre er det raskt og enkelt å lage, det er og noko som passer like godt til frukost som lunsj, middag eller luksus kveldsmat – alt etter kva ingredienser ein bruker, og kva tilbehør ein har. Det er og ein super måte å bruke opp diverse rester på, og ikkje minst nokon slappe grønnsaker…
For ei stund tilbake lagde eg ein omelett som eg synes passa ekstra godt til middag – middagsomelett. Ein skikkelig resteomelett aka matredderomelett og faktisk! I denne bruke eg desse resteingrediensane/matredderingrediensane:
→ Kokte poteter fra middagen dagen før → En skrukken og slapp paprika → Egg som eg redda på 40% datosalg → Bacon som eg redda på 40% datosalg → Baconost som hadde låge evig lenge i kjøleskapet En brokkolistilk som eg liker å «gøyme» inn i slike middager
Men, her bruker du akkurat det DU har i ditt kjøleskap! Alt passer i ein omelett♥ Du kan og tilsette kesam/rømme/kremfløyte o.l i eggeblandinga visst du har nokon smårester igjen av det, eller kanskje noko som har gått ut på dato 🙂
Her er ingrediensane eg brukte til 3 personer: ♦ 8 egg ♦ 1/2 dl melk (kan og bruke vatn) ♦ salt og pepper – ♦ 2 små løk, hakka ♦ 1 brokkolistilk, finhakka (fant eg etter bildet blei tatt) ♦ 250 g bacon, i små biter ♦ 1 papika, hakka ♦ 4-5 mellomstore poterer, ferdig kokte i terninger ♦ 1/2 tube baconost – eller anna tubeost
Slik gjer du: 1. Steik løk, brokkolistilk og bacon til løken er blank og bacon gjennomstekt. Tilsett paprika og poteter.
2. Visp sammen egg, melk, salt og pepper. Hell over i panna og steik under lokk på middels varme til omeletten nesten er fast.
3. Fordel baconost på toppen og steik vidare under lokk til omeletten har satt seg.
4. Ha gjerne over litt urter e.l før servering, og nyt med litt friske grønnsaker som tilbehør!
Eit mettande, smakfullt og næringsrikt middagsmåltid 🙂
Rester passer og perfekt i matpakken dagen etterpå, for omelett smaker virkelig like godt kaldt som varmt!
Vanligvis ville eg laga ein digg salat som tilbehør, men denne gangen blei det enda enklare:
Masse grovhakka spinat og solmodne tomater i skiver!
Kjempegodt, veldig enkelt og ikkje minst ein middag som blei laga på 1-2-3! Det er heilt innafor med litt lettvinte middagsvarianter innimellom, og når man i tillegg får brukt opp diverse rester så er det heilt toppers 🙂
PS! I anledning #matreddingmedlinda utfordringa i februar måned (som du kan lese meir om HER! Kort fortalt handler den om at vi skal vere meir bevisste matreddere no denne måneden, der eg vil ha dåkke med på laget!) så har eg laga ein egen fane i menyen med «MATREDDING«.
Eg har også laga to – eller faktisk tre – nye kategorier i underkategorien «Middag». Restemiddager → Matredder-middager Alt-i-ett middager
Så blir det litt enklare for dåkke å finne fram 🙂 Men, hovedkategorien «Matredding» i menyen vil eg bruke til både oppskrifter, tips, triks, råd, informasjon og fakta!
Håper mange av dåkke er i gang med utfordringa! Eg berre ELSKA at så mange er med :D♥

Omelett synes eg faktisk er heilt genialt. Ikkje berre er det raskt og enkelt å lage, det er og noko som passer like godt til frukost som lunsj, middag eller luksus kveldsmat – alt etter kva ingredienser ein bruker, og kva tilbehør ein har. Det er og ein super måte å bruke opp diverse rester på, og ikkje minst nokon slappe grønnsaker…

For ei stund tilbake lagde eg ein omelett som eg synes passa ekstra godt til middag – middagsomelett. Ein skikkelig resteomelett aka matredderomelett og faktisk! I denne bruke eg desse resteingrediensane/matredderingrediensane:

→ Kokte poteter fra middagen dagen før
→ En skrukken og slapp paprika
→ Egg som eg redda på 40% datosalg
→ Bacon som eg redda på 40% datosalg
→ Baconost som hadde låge evig lenge i kjøleskapet
En brokkolistilk som eg liker å «gøyme» inn i slike middager

Men, her bruker du akkurat det DU har i ditt kjøleskap! Alt passer i ein omelett♥ Du kan og tilsette kesam/rømme/kremfløyte o.l i eggeblandinga visst du har nokon smårester igjen av det, eller kanskje noko som har gått ut på dato 🙂

Her er ingrediensane eg brukte til 3 personer:
♦ 8 egg
♦ 1/2 dl melk (kan og bruke vatn)
♦ salt og pepper

♦ 2 små løk, hakka
♦ 1 brokkolistilk, finhakka (fant eg etter bildet blei tatt)
♦ 250 g bacon, i små biter
♦ 1 papika, hakka
♦ 4-5 mellomstore poterer, ferdig kokte i terninger
♦ 1/2 tube baconost – eller anna tubeost

Slik gjer du:
1. Steik løk, brokkolistilk og bacon til løken er blank og bacon gjennomstekt. Tilsett paprika og poteter.

2. Visp sammen egg, melk, salt og pepper. Hell over i panna og steik under lokk på middels varme til omeletten nesten er fast.

3. Fordel baconost på toppen og steik vidare under lokk til omeletten har satt seg.

4. Ha gjerne over litt urter e.l før servering, og nyt med litt friske grønnsaker som tilbehør!

Eit mettande, smakfullt og næringsrikt middagsmåltid 🙂

Rester passer og perfekt i matpakken dagen etterpå, for omelett smaker virkelig like godt kaldt som varmt!

Vanligvis ville eg laga ein digg salat som tilbehør, men denne gangen blei det enda enklare:

Masse grovhakka spinat og solmodne tomater i skiver!

Kjempegodt, veldig enkelt og ikkje minst ein middag som blei laga på 1-2-3! Det er heilt innafor med litt lettvinte middagsvarianter innimellom, og når man i tillegg får brukt opp diverse rester så er det heilt toppers 🙂

PS! I anledning #matreddingmedlinda utfordringa i februar måned (som du kan lese meir om HER! Kort fortalt handler den om at vi skal vere meir bevisste matreddere no denne måneden, der eg vil ha dåkke med på laget!) så har eg laga ein egen fane i menyen med « MATREDDING«.

Eg har også laga to – eller faktisk tre – nye kategorier i underkategorien «Middag».
Restemiddager
→  Matredder-middager
Alt-i-ett middager

Så blir det litt enklare for dåkke å finne fram 🙂 Men, hovedkategorien «Matredding» i menyen vil eg bruke til både oppskrifter, tips, triks, råd, informasjon og fakta!

Håper mange av dåkke er i gang med utfordringa! Eg berre ELSKA at så mange er med :D♥

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg