Linda Stuhaug

Annonse

Turanbefaling: 6-dagers hytte til hytte tur på Dovrefjell

Hei alle sammen!
Kvar einaste sommar dei 7-8 siste åra så har eg og en liten gjeng hatt ein fast ferietradisjon: vi pakker sekken og går ca ei veke i fjellheimen♥ Dette er etter mi meining den aller beste ferieveka, eg berre elsker å gå lange dager i fjellet og ha eit mål for dagen: å komme seg til neste hytte. For vi pleier nemlig å legge opp ruta slik at vi går hytte til hytte, og vi har vore rundt i mange ulike områder og nasjonalparker desse åra.
I fjor gjekk turen til Dovre- og Sunndalsfjella nasjonalpark, og nettopp denne turen har eg lyst å dele med dåkke idag. Som mange av dåkke allerede veit så har eg en enormt stor turglede, og har også oppretta ein egen turkonto på Instagram: lindatilfjells. Her deler eg mykje meir av turene mine, og eg har også delt ein turbeskrivelse av denne turen. Men, det er ikkje alle som er på Instagram, og bloggen min vil eg skal vere eit forum med meir enn berre oppskrifter, så det blir nok enda meir turinspirasjon her og framover 🙂 Dette er dog ikkje noko nytt her på bloggen, for eg har nemlig nokre turbeskrivelser fra før under kategorien «Turanbefaling»:
Rallarvegen – «Noregs vakraste sykkeltur» Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle Turanbefaling: Norge på tvers! Ein opplevelse du seint vil gløyme: Via Ferrata Loen!
Men, no over til dagens turbeskrivelse og anbefaling! Beklager på forhånd at det blir litt langt, hehe 🙂
Dette er ein 6-dagers variert rundtur som starter og avslutter med Snøheim. For å få seg til Snøheim må ein ta bussen frå Hjerkinn. Dette er fordi vegen er stengt for eget kjøretøy i sommerperioden av hensyn til villreinstammen. Informasjon om busstider finner de på Snøheim sine nettsider her.
Noko nyttig informasjon først: → Ved å følge denne ruta så har du to muligheter til å bestige Snøhetta: både på etappe 2 og etappe 6. Her går det altså to ruter til hyttene, enten rundt eller over Snøhetta. Vi gjekk Snøhetta på etappe 2, og turbeskrivelsen går ut fra det. Snøhetta er eit av Norges mest kjente topper, og har en høgde på 2286 MOH. Absolutt verdt å få ned denne toppen når ein er på turen!
→ Dagsetappane kan og ha fleire ulike ruter til hyttene, så heile beskrivelsen min viser naturligvis rutene vi har gått. Min beskrivelse kan du bruke som inspirasjon, men sjekk alltid kart og ulike ruter på dagsetappene på ut.no – kanskje du har lyst til å gå andre veier enn det vi har gått.
→ For oss var det 6-7 timer å køyre til Hjerkinn, og derfor blei første dagen en kombinasjon av transportetappe + en kort gåtur over til Reinheim. Her kan ein og gå direkte frå Snøheim til Åmotdslshytta, og dermed få ein mindre dag.
→ SB = sjølvbetjent hytte / B = betjent hytte. Som de kan sjå så blei det altså fem sjølvbetjente hytter før vi på siste etappen kom til Snøheim og turens einaste betjente hytte. Det vil sei at ein må bære på mat til dei 5 første dagane, eller bruke matvarelageret på dei sjølvbetjente hyttene.
Over til turbeskrivelsen!
Etappe 1: Transportetappe til Hjerkinn, buss til Snøheim og gå til Reinheim (SB) – 6 km og 95 høgdemeter opp. Ein kort etappe med tydelig sti og lett terreng, deilig å strekke litt på beina etter ein lang dag i bil 🙂 Allerede på denne første, korte etappen fekk vi eit (litt for nært) møte med ein moskusflokk, og eg har inntrykk av at Reinheim er midt i eit populært moskusterreng. I løpet av dei 12 timane vi var på hytta såg vi vell 20-30 moskuser i ulike flokker. Fascinerande dyr, men her skal ein vere obs på å holde god avstand!
Etappe 2: Reinheim – Åmotdalshytta (SB) over Snøhetta – 14 km og 1100 høgdemeter opp. Denne dagen var vi heldige med været, og vi valgte derfor å bestige Snøhetta på veg mot neste hytte. Turen opp til Snøhetta var godt merka, og utsikta på toppen var upåklagelig! Fra toppen gjekk vi ned igjen på baksida og kom til Åmotdalshytta. Mykje STEIN oppsummerer kort denne etappen, men absolutt kjekt å bestige Snøhetta.
Etappe 3: Åmotdalshytta – Grøvudalshytta (SB) – 29 km og 500 høgdemeter opp. Turens lengste (og våtaste!) etappe, men også den finaste. Vi våkna til 1 grad og at det regna/sludda sidelengs, men den fine etappen vog opp mot været. Her starta vi i grått og brunt terreng, sto brått på toppen av Grøvudalen som var eit einaste grønt og frodig kulturlandskap. Vi gjekk ned i denne grønne dalen, kom til eit landskap forma av frøhøsting og hundrevis av år med dyr på beite. Ein helt nydelig tur med mange kontraster♥
Vel framme på Grøvudalshytta var nabosetra Inner Gammelsetra, eit gammalt seter dei driver på gamlemåten med budeier på sommaren. Dette var så sjarmerande plass, og vi fekk til og med kjøpt oss rømmegraut til middag og vafler til dessert – sjølvlaga med sjølvmelka melk fra kyrne på setra♥ Ein fantastisk avslutning på ein bra dag!
Etappe 4: Grøvudalshytta – Gammelsetra (SB) – 18 km og 550 høgdemeter opp. Nok ein grønn og fin etappe i deilig terreng. I enden av etappen kom vi til den mest sjarmerande, flottaste og kosligaste DNT-hytta eg nokon gang har vert på: Gammelsetra♥ Gammelsetra er bokstavligtalt ikkje i hytte, men eit sætertun som består av fire tømmer-bygninger med gammalt interiør og ein heilt unik sjarm. Vi fekk til og med eit lite gjensyn med sola der vi satt ute og kosa oss, og det var rett og slett fantastisk flott. Anbefaler virkelig å ta turen hit!
Etappe 5: Gammelsetra – Åmotdalshytta (SB) – 25 km og 1200 høgdemeter opp. På denne etappen var det gradvis stigning opp fra grønt terreng og tilbake til det brun-gråe terrenget med stein og månelandskap. På denne etappen var vi igjen ganske så uheldige med været – regnet piska oss i kroppen og vinden holdt på å blåse oss overende fleire ganger. Heldigvis fekk vi søke ly og ta lunsjpausen på Loennechenbua, ei bu/ubetjent hytte ca. halvveis på etappen. Her er det eit par sengeplasser, så visst ein ønsker å dele opp denne etappen, så går det an å overnatte her 🙂 Framme kom vi tilbake til Åmotdalshytta, samme hytte som overnatting to.
Etappe 6: Åmotdalshytta – Snøheim (B) – 17 km og 500 høgdemeter opp. Turens siste etappe som generelt gjekk i mykje stein. Ein fin avslutning på turen var å komme fram til Snøheim, der vi endelig fekk ei betjent hytte med DUSJ og matservering etter 6 dager med kattevask og turmat/posemat! Det var virkelig fantastisk deilig! Vi tok natta på Snøheim, og på dag 7 tok vi då bussen tilbake til Hjerkinn og tura oss heimover i bilen – med mange gode turminner i bagasjen.
Kort fortalt var denne rundturen på Dovrefjell svært variert. Det er litt typisk område med ein del brunt-grått terreng og det eg kaller for månelandskap, men det var også grønt, frodig og flott. Vil og sei at det var spennande med alle moskusane vi støtt og stadig såg, for å ikkje snakke om ein vanvittig stor flokk med villrein som plutselig sirkla rundt oss. Dyreliv i naturen altså♥
Med det vil eg avslutte innlegget, og håper virkelig at turen kan inspirere dåkke. Eg er i gang med ein ny turbeskrivelse som kjem til å komme om ikkje så alt for lenge 🙂 Legg gjerne igjen ein kommentar om de synes dette er kjekke innlegg, og følg meg gjerne på @lindatilfjells på Instagram – der deler eg generelt mykje turglede! Der finner du også eit høgdepunkt «Dovrefjell» der du får mange fleire bilder, små filmsnutter og etappevis beskrivelse på en story av denne turen 🙂

Hei alle sammen!

Kvar einaste sommar dei 7-8 siste åra så har eg og en liten gjeng hatt ein fast ferietradisjon: vi pakker sekken og går ca ei veke i fjellheimen♥ Dette er etter mi meining den aller beste ferieveka, eg berre elsker å gå lange dager i fjellet og ha eit mål for dagen: å komme seg til neste hytte. For vi pleier nemlig å legge opp ruta slik at vi går hytte til hytte, og vi har vore rundt i mange ulike områder og nasjonalparker desse åra.

I fjor gjekk turen til Dovre- og Sunndalsfjella nasjonalpark, og nettopp denne turen har eg lyst å dele med dåkke idag. Som mange av dåkke allerede veit så har eg en enormt stor turglede, og har også oppretta ein egen turkonto på Instagram: lindatilfjells. Her deler eg mykje meir av turene mine, og eg har også delt ein turbeskrivelse av denne turen. Men, det er ikkje alle som er på Instagram, og bloggen min vil eg skal vere eit forum med meir enn berre oppskrifter, så det blir nok enda meir turinspirasjon her og framover 🙂 Dette er dog ikkje noko nytt her på bloggen, for eg har nemlig nokre turbeskrivelser fra før under kategorien «Turanbefaling»:

Rallarvegen – «Noregs vakraste sykkeltur»
Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle
Turanbefaling: Norge på tvers!
Ein opplevelse du seint vil gløyme: Via Ferrata Loen!

Men, no over til dagens turbeskrivelse og anbefaling! Beklager på forhånd at det blir litt langt, hehe 🙂

Dette er ein 6-dagers variert rundtur som starter og avslutter med Snøheim. For å få seg til Snøheim må ein ta bussen frå Hjerkinn. Dette er fordi vegen er stengt for eget kjøretøy i sommerperioden av hensyn til villreinstammen. Informasjon om busstider finner de på Snøheim sine nettsider her.

Noko nyttig informasjon først:
→ Ved å følge denne ruta så har du to muligheter til å bestige Snøhetta: både på etappe 2 og etappe 6. Her går det altså to ruter til hyttene, enten rundt eller over Snøhetta. Vi gjekk Snøhetta på etappe 2, og turbeskrivelsen går ut fra det. Snøhetta er eit av Norges mest kjente topper, og har en høgde på 2286 MOH. Absolutt verdt å få ned denne toppen når ein er på turen!

→ Dagsetappane kan og ha fleire ulike ruter til hyttene, så heile beskrivelsen min viser naturligvis rutene vi har gått. Min beskrivelse kan du bruke som inspirasjon, men sjekk alltid kart og ulike ruter på dagsetappene på ut.no – kanskje du har lyst til å gå andre veier enn det vi har gått.

→ For oss var det 6-7 timer å køyre til Hjerkinn, og derfor blei første dagen en kombinasjon av transportetappe + en kort gåtur over til Reinheim. Her kan ein og gå direkte frå Snøheim til Åmotdslshytta, og dermed få ein mindre dag.

→ SB = sjølvbetjent hytte / B = betjent hytte. Som de kan sjå så blei det altså fem sjølvbetjente hytter før vi på siste etappen kom til Snøheim og turens einaste betjente hytte. Det vil sei at ein må bære på mat til dei 5 første dagane, eller bruke matvarelageret på dei sjølvbetjente hyttene.

Over til turbeskrivelsen!

Etappe 1: Transportetappe til Hjerkinn, buss til Snøheim og gå til Reinheim (SB) – 6 km og 95 høgdemeter opp. Ein kort etappe med tydelig sti og lett terreng, deilig å strekke litt på beina etter ein lang dag i bil 🙂 Allerede på denne første, korte etappen fekk vi eit (litt for nært) møte med ein moskusflokk, og eg har inntrykk av at Reinheim er midt i eit populært moskusterreng. I løpet av dei 12 timane vi var på hytta såg vi vell 20-30 moskuser i ulike flokker. Fascinerande dyr, men her skal ein vere obs på å holde god avstand!

Etappe 2: Reinheim – Åmotdalshytta (SB) over Snøhetta – 14 km og 1100 høgdemeter opp. Denne dagen var vi heldige med været, og vi valgte derfor å bestige Snøhetta på veg mot neste hytte. Turen opp til Snøhetta var godt merka, og utsikta på toppen var upåklagelig! Fra toppen gjekk vi ned igjen på baksida og kom til Åmotdalshytta. Mykje STEIN oppsummerer kort denne etappen, men absolutt kjekt å bestige Snøhetta.

Etappe 3: Åmotdalshytta – Grøvudalshytta (SB) – 29 km og 500 høgdemeter opp. Turens lengste (og våtaste!) etappe, men også den finaste. Vi våkna til 1 grad og at det regna/sludda sidelengs, men den fine etappen vog opp mot været. Her starta vi i grått og brunt terreng, sto brått på toppen av Grøvudalen som var eit einaste grønt og frodig kulturlandskap. Vi gjekk ned i denne grønne dalen, kom til eit landskap forma av frøhøsting og hundrevis av år med dyr på beite. Ein helt nydelig tur med mange kontraster♥

Vel framme på Grøvudalshytta var nabosetra Inner Gammelsetra, eit gammalt seter dei driver på gamlemåten med budeier på sommaren. Dette var så sjarmerande plass, og vi fekk til og med kjøpt oss rømmegraut til middag og vafler til dessert – sjølvlaga med sjølvmelka melk fra kyrne på setra♥ Ein fantastisk avslutning på ein bra dag!

Etappe 4: Grøvudalshytta – Gammelsetra (SB) – 18 km og 550 høgdemeter opp. Nok ein grønn og fin etappe i deilig terreng. I enden av etappen kom vi til den mest sjarmerande, flottaste og kosligaste DNT-hytta eg nokon gang har vert på: Gammelsetra♥ Gammelsetra er bokstavligtalt ikkje i hytte, men eit sætertun som består av fire tømmer-bygninger med gammalt interiør og ein heilt unik sjarm. Vi fekk til og med eit lite gjensyn med sola der vi satt ute og kosa oss, og det var rett og slett fantastisk flott. Anbefaler virkelig å ta turen hit!

Etappe 5: Gammelsetra – Åmotdalshytta (SB) – 25 km og 1200 høgdemeter opp. På denne etappen var det gradvis stigning opp fra grønt terreng og tilbake til det brun-gråe terrenget med stein og månelandskap. På denne etappen var vi igjen ganske så uheldige med været – regnet piska oss i kroppen og vinden holdt på å blåse oss overende fleire ganger. Heldigvis fekk vi søke ly og ta lunsjpausen på Loennechenbua, ei bu/ubetjent hytte ca. halvveis på etappen. Her er det eit par sengeplasser, så visst ein ønsker å dele opp denne etappen, så går det an å overnatte her 🙂 Framme kom vi tilbake til Åmotdalshytta, samme hytte som overnatting to.

Etappe 6: Åmotdalshytta – Snøheim (B) – 17 km og 500 høgdemeter opp. Turens siste etappe som generelt gjekk i mykje stein. Ein fin avslutning på turen var å komme fram til Snøheim, der vi endelig fekk ei betjent hytte med DUSJ og matservering etter 6 dager med kattevask og turmat/posemat! Det var virkelig fantastisk deilig! Vi tok natta på Snøheim, og på dag 7 tok vi då bussen tilbake til Hjerkinn og tura oss heimover i bilen – med mange gode turminner i bagasjen.

Kort fortalt var denne rundturen på Dovrefjell svært variert. Det er litt typisk område med ein del brunt-grått terreng og det eg kaller for månelandskap, men det var også grønt, frodig og flott. Vil og sei at det var spennande med alle moskusane vi støtt og stadig såg, for å ikkje snakke om ein vanvittig stor flokk med villrein som plutselig sirkla rundt oss. Dyreliv i naturen altså♥

Med det vil eg avslutte innlegget, og håper virkelig at turen kan inspirere dåkke. Eg er i gang med ein ny turbeskrivelse som kjem til å komme om ikkje så alt for lenge 🙂 Legg gjerne igjen ein kommentar om de synes dette er kjekke innlegg, og følg meg gjerne på @lindatilfjells på Instagram – der deler eg generelt mykje turglede! Der finner du også eit høgdepunkt «Dovrefjell» der du får mange fleire bilder, små filmsnutter og etappevis beskrivelse på en story av denne turen 🙂

Annonse

10 Kommentarer

L

Lena Kristensen

21. april 2021

Hvordan vet man om hyttene er ledige på slike turer? Kan man risikere at det er fullt?

Linda Stuhaug

21. april 2021

Vanligvis er det alltid plass på DNT hytter, men i fjor måtte vi bestille på forhånd pga. korona. Veit ikkje korleis det blir i år, så det må ein berre følge med på 🙂

M

Malene

14. april 2021

Spennende innlegg! Jeg har ikke vært i dette området siden jeg var på leirskole for mange år siden. I pakkeinnlegget, vil du ha et godt avsnitt med tips til dine favorittoppskrifter for turmat? Det er så gøy å finne noe som fortsatt smaker greit etter noen få dager uten kjøleskap!

Linda Stuhaug

15. april 2021

Det tenker eg egentlig eg må ha eit eget innlegg på igjen 😀 Men denne oppskrifta her er fast i sekken min kvart år: https://www.lindastuhaug.no/2020/11/04/proteinrike-havrerundstykker-med-innbakt-ost-skinke/

L

Linda

12. april 2021

Tusen takk for flott beskrivelse. No blei lysten til og gå her stor

Linda Stuhaug

13. april 2021

Så kjekt å lese 😀

K

Karoline

12. april 2021

Hei, Hvor stor sekk har du på slike turer som dette? Er 70L nok tror du?

Linda Stuhaug

13. april 2021

Eg har brukt 65-70 liter og det holde fint for meg iallfall 😀

K

Kine

12. april 2021

Kan du si litt om hva du har i sekken og hvilket tøy du bruker på en slik uke i fjellet?

Linda Stuhaug

13. april 2021

Det kjem pakketips i eit seinare innlegg 🙂 Men det er mange gode tips på nett også!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg