Linda Stuhaug

Annonse

Sukkerfri yoghurt panna cotta med jordbær

God lørdag!
Det er mai og den store dessert- og kakemåneden. Eg er i sving med eit par sukkerfri kaker som kjem i neste veke, men idag har eg lyst å dele ein av mine absolutt favoritt sunne desserter: yoghurt panna cotta♥
Dette er ein variant med jordbær, altså jordbær panna cotta. Frisk, søt og kjempegod panna cotta som du kun trenger 4 ingredienser til, og som du lager kjapt og enkelt 😀
Du trenger, 4 porsjoner 400 g fryste jordbær (gjerne norske) 400 g naturell yoghurt (eller anna type yoghurt/kesam etc) ♦ 50 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 100 g sukker) 5 plater gelatin 1/2 dl vatn
Slik gjer du: 1. Ha jordbær, sukrin+ og vatn i ein kjele. Kok opp under omrøring og la det småkoke til jordbær er godt møre. Mos blandinga klumpfri med stavmikser.
2. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3-4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og ha oppi den varme jordbærblandinga. Rør godt og la jordbærblandinga avkjøle seg litt til den er lunken.
3. Tilsett yoghurt og bland godt. Hell over i 4 porsjonsformer. Sett i kjøleskap i 3-4 timer til panna cottaen er stivna.
4. Server gjerne med en klatt vaniljekesam eller vaniljesaus + litt friske bær♥
TIPS! Du kan sjølvsagt bytte jordbær med andre typer bær om du ønsker det 🙂 Dåkke som har fulgt meg lenge veit at eg har laga denne panna cottaen i mange ulike varianter opp gjennom åra. Jordbær kan byttast med både bringebær, skogsbær, blåbær og andre typer bær etter smak og behag♥
Ein dessert som passer perfekt no framover, enten til kvardag, helg, 17.mai eller kva som helst anna anledning! Håper du vil prøve 😀

God lørdag!

Det er mai og den store dessert- og kakemåneden. Eg er i sving med eit par sukkerfri kaker som kjem i neste veke, men idag har eg lyst å dele ein av mine absolutt favoritt sunne desserter: yoghurt panna cotta♥

Dette er ein variant med jordbær, altså jordbær panna cotta. Frisk, søt og kjempegod panna cotta som du kun trenger 4 ingredienser til, og som du lager kjapt og enkelt 😀

Du trenger, 4 porsjoner
400 g fryste jordbær (gjerne norske)
400 g naturell yoghurt (eller anna type yoghurt/kesam etc)
♦ 50 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 100 g sukker)
5 plater gelatin
1/2 dl vatn

Slik gjer du:
1. Ha jordbær, sukrin+ og vatn i ein kjele. Kok opp under omrøring og la det småkoke til jordbær er godt møre. Mos blandinga klumpfri med stavmikser.

2. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3-4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og ha oppi den varme jordbærblandinga. Rør godt og la jordbærblandinga avkjøle seg litt til den er lunken.

3. Tilsett yoghurt og bland godt. Hell over i 4 porsjonsformer. Sett i kjøleskap i 3-4 timer til panna cottaen er stivna.

4. Server gjerne med en klatt vaniljekesam eller vaniljesaus + litt friske bær♥

TIPS! Du kan sjølvsagt bytte jordbær med andre typer bær om du ønsker det 🙂 Dåkke som har fulgt meg lenge veit at eg har laga denne panna cottaen i mange ulike varianter opp gjennom åra. Jordbær kan byttast med både bringebær, skogsbær, blåbær og andre typer bær etter smak og behag♥

Ein dessert som passer perfekt no framover, enten til kvardag, helg, 17.mai eller kva som helst anna anledning! Håper du vil prøve 😀

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg