Kvitløksbrød med parmesan

Er du glad i kvitløksbrød?

Her har eg ein heimelaga kvitløksbrød-variant som er perfekt tilbehør til grillmat, salater, supper, gryter, på tapasbordet eller koldtbordet!

Du trenger, 1 stk:
♦ 150 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
♦ 100 g sammalt speltmjøl eller kveitemjøl
♦ 1⁄2 ts salt
♦ 2 ts tørrgjær
♦ 2 ss olje
♦ 1 1⁄2 dl lunka vatn

Fyll:
♦ 
25 g smør, romtemperert
♦ 2–3 fedd kvitløk, finhakka
♦ 3 ss finraspa parmesan
♦ fersk rosmarin

Slik gjer du:
1. Ha alle ingrediensane til deigen i ei eltemaskin. Elt deigen i ca. 5 minutt, eller for hand i minst 10 minutt. Dekk til deigen og la den heve på en lun plass til dobbel størrelse, ca. 45 minutt.

2. Sett ovnen på 200 grader over–og undervarme. Ha deigen over på eit steikebrett med bakepapir og klapp den til ein flat sirkel med ca. 1 cm tjukkelse.

3. Bland smør med kvitløk og fordel over deigen.Topp med rosmarin og parmesan.

4. Steik midt i ovnen i ca. 10–12 minutt, eller til kvitløksbrødet har fått ei lett gyllen overflate. La det avkjøle seg litt, og skjer deretter opp i 8 porsjons- stykker. Server som tilbehør til suppe, gryte, salat eller på tapasbordet.

Tips!
Bruk gjerne andre typar ost og urter for variasjon. Kva med å bytte ut parmesan med cheddarost? Rosmarin med oregano? Her er det mange muligheter!

Og du, har du sett oppskrifta før? Då er det kanskje i boka mi «Opptur med sunne middagar» 🙂 

Ei bok med massevis av deilig, enkel middagsinspirasjon♥

Boka kan du kjøpe HER om du har lyst! Fri frakt og litt redusert pris 😀 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *