Linda Stuhaug

Annonse

Fyldig, sunn og digg sjokoladekrem på 2 minutt!

Fyldig, sunn og digg sjokoladekrem på 2 minutt!
God mandag alle sammen!
Denne sjokoladekremen her har eg delt fleire ganger før, men den er virkelig verdt å dele igjen… Den er berre SÅ god♥ Fyldig, sunn og digg sjokoladekrem som du lager på 2 minutter. Passer perfekt å servere med sommarens norske bær (heilt NYDELIG med norske jordbær!)♥
Dette er altså ein sjokoladekrem med cottage cheese, og det er cottage cheesen som gir den fyldige, gode konsistensen. Fortvil ikkje om du ikkje liker det, for her kjenner du verken smaken eller konsistensen av cottage cheesen når den mosast heilt klumpfri 🙂
Du trenger, 2 porsjoner: ♦ 400 g cottage cheese (1 stort beger) ♦ 2-3 ss kakao ♦ 3-4 ss valgfri søtning* ♦ litt salt
* Som valgfri søtning kan du bruke det meste. Eg har brukt sukrin+, men sukrin gold, sukrinmelis, sukker, stevia, honning etc. kan sjølvsagt brukast og.
Slik gjer du: Ha alle ingrediensane i ein bolle og kjør blandinga heilt glatt og klumfri med stavmikser. Smak til (viktig!) om du vil ha meir kakao eller søtning. Ha så over i to porsjonsskåler og topp med frukt og sesongens bær!
TIPS! Sjokoladekremen blir fyldigare og nesten bedre om den får stå litt. Lag gjerne nokon timer i forveien og oppbevar i kjøleskap. Den står seg fint noken dager i kjøleskapet om du vil lage ein stor porsjon og ha ståande også 🙂
Dette passer like godt som dessert, mellommåltid eller kveldskos♥ Det kan også etat til frukost eller lunsj, men personlig ville eg då laga ein litt større porsjon og/eller toppa med litt ekstra nøtter 🙂
Du kan bruke både vanlig og mager cottage cheese. Eg bruker stort sett vanlig, men kjøpte mager for ei stund tilbake på tilbud 😉
Prøv dette du og! Fantastisk godt!!♥

God mandag alle sammen!

Denne sjokoladekremen her har eg delt fleire ganger før, men den er virkelig verdt å dele igjen… Den er berre SÅ god♥ Fyldig, sunn og digg sjokoladekrem som du lager på 2 minutter. Passer perfekt å servere med sommarens norske bær (heilt NYDELIG med norske jordbær!)♥

Dette er altså ein sjokoladekrem med cottage cheese, og det er cottage cheesen som gir den fyldige, gode konsistensen. Fortvil ikkje om du ikkje liker det, for her kjenner du verken smaken eller konsistensen av cottage cheesen når den mosast heilt klumpfri 🙂

Du trenger, 2 porsjoner:
♦ 400 g cottage cheese (1 stort beger)
♦ 2-3 ss kakao
♦ 3-4 ss valgfri søtning*
♦ litt salt

* Som valgfri søtning kan du bruke det meste. Eg har brukt sukrin+, men sukrin gold, sukrinmelis, sukker, stevia, honning etc. kan sjølvsagt brukast og.

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein bolle og kjør blandinga heilt glatt og klumfri med stavmikser. Smak til (viktig!) om du vil ha meir kakao eller søtning. Ha så over i to porsjonsskåler og topp med frukt og sesongens bær!

TIPS!
Sjokoladekremen blir fyldigare og nesten bedre om den får stå litt. Lag gjerne nokon timer i forveien og oppbevar i kjøleskap. Den står seg fint noken dager i kjøleskapet om du vil lage ein stor porsjon og ha ståande også 🙂

Dette passer like godt som dessert, mellommåltid eller kveldskos♥ Det kan også etat til frukost eller lunsj, men personlig ville eg då laga ein litt større porsjon og/eller toppa med litt ekstra nøtter 🙂

Du kan bruke både vanlig og mager cottage cheese. Eg bruker stort sett vanlig, men kjøpte mager for ei stund tilbake på tilbud 😉

Prøv dette du og! Fantastisk godt!!♥

Annonse

2 Kommentarer

E

Eli

16. juli 2021

Hei:-) Hva slags kakao bruker du?

Linda Stuhaug

26. juli 2021

Vanlig originalkakao 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg