Eltefrie surdeigsrundstykke av spelt

Heisann!

Har du surdeigsstarter i hus? Då kan eg i tilfelle anbefale deg denne oppskrifta på surdeigsrundstykker! Dei er skikkelig saftige, luftige og gode, ikkje minst er dei superenkle å lage. Du rører berre sammen ingrediensane, lar deiga stå i +/- 12 timer, former til rundstykker og deretter steiker 🙂

Du trenger, 9 store stk (kan med fordel lagast mindre):
♦ 300 g sikta speltmjøl
♦ 300 g sammalt speltmjøl
♦ 40 g sesamfrø + 40 g gresskarkjerner
→ eller bruk 80 g andre frø/kjerner
♦ 2 ss happy, boblende og bakeklar surdeigsstarter (les HER korleis du gjer det om du er nybegynner)
♦ 1 ts salt
♦ 4,5 dl lunka vatn

Slik gjer du:
1. I forveien må du naturligvis mate surdeigsstarteren din så den blir happy, boblande og bakeklar.

2. Rør surdeigsstarteren ut i vatnet. Tilsett mjøl og salt, rør godt til en deig med en slikkepott eller hendene. Deiga skal vere litt fuktig. Dekk til bakebollen med plastfolie, og la den heve i 10-15 timer på kjøkkenbenken.

3. Sett steikeovnen på 225 grader. Form rundstykker ved hjelp av ei stor skei og ein slikkepott. Strø gjerne over litt frø/kjerner på toppen.

4. Steik rundstykka i 15-20 minutter, eller til dei er gylne (også på undersida). Avkjøl på rist.

Rundstykka passer like godt med søtt som salt pålegg, og dei egner seg godt til frysing 🙂

Så, når eg skal lage desse rundstykka, så ser kabalen slik ut:
→ Kveld, dag 1: tar surdeigsstarteren ut av kjøleskapet og mater den.
→ Morgen, dag 2: surdeigsstarteren er happy, boblende og bakeklar. Setter deiga.
→ Kveld, dag 2: steiker rundstykkene.

Lite jobb, men det krever naturligvis litt planlegging. Men på morgon og kveld er eg alltid heime uansett, så då er det ikkje noke stress å gjere desse stega som berre tar noken minutter tilsammen!

Godt og enkelt! Vil du heller bruke kveitemjøl framfor speltmjøl, så kan du sjølvsagt gjere det.

Er du nybegynner med surdeig og surdeigsstarter så kan du lese blogginnlegget mitt «Slik mater du surdeigsstarteren din for å gjere den happy, boblende og bakeklar». Der får du informasjonen du trenger om dette 🙂 Når du har skjønt prinsippet og baka nokon ganger, så går det av seg sjølv!

God bakst♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Ada Maria Ådna

    Hei! Skal rundstykkene stekes midt i ovnen? â˜ș