Sprø lompetoast i vaffeljern

Heisann!

Lompetoast er noke eg har laga i sikkert snart 10 år, og då både i steikepanne, på primus og i vaffeljern. Dei siste månedene har eg hatt skikkelig dilla på lompetoast i vaffeljern, det er så enkelt og digg! Lompetoasten blir og litt ekstra sprø i vaffeljern, noke eg synes er veldig godt 🙂

Lompetoasten kan du fylle med akkurat det du ønsker av pålegg og krydder, eg varierer fra gang til gang ut fra kva eg har tilgjengelig heime. Men eg har lyst å dele tre favoritter med dåkke som eg ofte lager igjen og igjen 🙂

Favoritt 1:
Grønn pesto, spekeskinke og ost. Gjerne litt ekstra grønnsaker (paprika, rødløk spinat…)

Favoritt 2:
Kremost, ost og fetaost + litt godt krydder, og gjerne litt ekstra grønnsaker som nevnt over.

Favoritt 3:
Siliana salami, ost og fetaost, her også gjerne med litt grønnsaker som nevnt over.

Framgangsmetoden er enkel og seier seg kanskje sjølv: smør heile lomper med pålegget, ha over ei ny lompe (eller smør halve lompa og klapp over andre halvdelen), deretter er det berre å legge det i vaffeljernet og steike til lompetoasten er gyllen og sprø. Du skal ikkje smøre vaffeljernet og det er viktig at du ikkje prøver å ta opp jernet for tidlig, då henger berre lompa fast 😉 Det er og viktig at du steiker den lenge nok visst du vil ha den sprø.

Lompetoast ete eg til frukost, lunsj eller som turmat med litt ekstra grønnsaker. Det hender også at eg lager det som ein lettvint middag ein dag, og serverer med ein god, frisk salat 🙂

Og når det gjelder valg av lomper så kan du bruke akkurat dei lompene du ønsker. Potetlomper, speltlomper, havrelomper, heimelaga lomper…

Ønsker du å lage heimelaga lomper så har eg oppskrift på det HER 🙂 Når du lager heimelaga lomper bestemmer du sjølv kva mjøl du vil bruke, så du kan lage dei lompene du vil – inkludert glutenfrie lomper om du må ha det!

Prøv lompetoast i vaffeljern du også! Eg har delt dette mange ganger før, men gode tips kan ikkje delast ofte nok 🙂 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Er dette taco lomper eller pølselomper?

    1. Det er lomper, ikkje tortillalefse.