Rips- og bringebærsyltetøy

Åh! Dette var godt!!

Når eg spurte om tips/ønsker til kva eg skulle lage med hagens rips, så var rips-og bringebærsyltetøy veldig gjentakande. Og sida så mange tipsa om det, så måtte eg nesten prøve!  Resultatet blei veldig godt, og det beste: ferdig på berre 10-15 minutt 🙂

Eg har laga mitt sukkerfritt med sukrin+, men her bestemme du sjølv om du vil bruke sukker eller anna søtning 🙂 Det viktigaste er å smake til så du får det så søtt som du ønsker!



Til dette glasset brukte eg:
• 300 g rips
• 300 g norske bringebær (du kan bruke både ferske og frosne)
• 50 g sukrin+ (tilsvarer 100 g sukker)
• Valgfritt: 2 ss chiafrø

TIPS! Lag gjerne større porsjon, syltetøyet kan fint frysast!



Ha alt i en kjele, kok opp og la det småkoke i 10-15 minutter. Eg tilsatte også 2 ss chiafrø for å få eit enda fyldigare syltetøy, men det er ikkje nødvendig visst du liker det meir flytande. Hugs å smake til om du vil ha meir søtning!



Deretter avkjølte eg syltetøyet og hadde det over på eit glass. Står seg sannsynligvis fint ei veke eller to i kjøleskapet (eg lagde det igår), men som sagt: frys gjerne ned i porsjoner 🙂



Sylta brukte eg som topping på dagens kjøleskapsgraut til frukost, men det vil og bli brukt som eg ellers bruker syltetøy! Kjempegodt, prøv 😀

Håpe det smake!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *