Fetapasta-salat med kylling

Altså! Det her er såå godt: FETAPASTA-SALAT♥

Enkelt og greit fetaost i blokk som er «knadd» inn i ferdigkokt pasta. Det får en så utrulig digg smak, og løfter einkvar pastasalat fleire hakk! Dette prinsippet kan du sjølvsagt bruke uansett oppskrift, men med meg idag får du ein deilig, fargerik fetapasta-salat med kylling! Godt til både lunsj og middag 🙂

PS! Eg brukte berre dei ingrediensane eg hadde heime, du gjer det samme! Bruk grønnsakene du liker/har tilgjengelig, bytt ut kylling med anna proteinkilde eller dropp det – salaten er like god vegetarisk 🙂

Fargerik fetaopasta-salat med kylling, til 3-4 personer:
• 200-250 g pastaskruer
• 200 g fetaost blokk (1 stk)
• 300-400 g ferdigstekt kylling
• Noken gode never bladsalat
• 1 agurk, 2 paprika og 1 boks mais
• 1 avokado
• Sylta rødløk



Slik gjer du:
Kok pasta etter anvisning på pakken, avkjøl under rennande kaldt vatn og tørk godt av. Kna fetaosten inn i pastaen. Kutt så resten av ingrediensane i passelige biter og bland alt sammen. Så er det berre å servere!

Så godt, så enkelt! Er du glad i fetaost vil du elske det her, mååå prøvast 😀

TIPS! Passer perfekt på koldtbord også♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *