Knallgode squashkaker

Hallooo, dette MÅ du berre lage med sesongens squash – SQUASHKAKER! Koffor i alle dager har eg ikkje laga dette før? Det blir ikkje første eller siste gang for å sei det sånn, det her var knallgodt. Anbefalast virkelig!

Til 12 stk:
• 2 store squash (700g)
• 2 egg
• 60 g havremjøl (eller anna type mjøl)
• 100 g raspa ost
• Litt bladpersille, finhakka (kan sløyfast)
• 2 sjalottløk, finhakka
• Eit godt dryss salt og pepper
• Eit lite dryss chiliflak (eller bruk andre krydder for litt ekstra smak)
• Smør til steiking

PS! Du må på ingen måte følge oppskrifta slavisk – på samme måte som alle mine andre oppskrifter. Bytt gjerne sjalottløk med anna type løk, persille med andre urter eller havremjøl med anna type mjøl 🙂

Framgangsmåte:
Rasp squashen på eit rivjern. Ha squashen over i ein kjøkkenhanduk og knip ut væska. Det er meir enn du trur, så knip godt og lengre!


Vend så inn resten av ingrediensane. Form til squashkaker mellom hendene og steik i smør på litt over middels varme på begge sider, til kakene er godt gylne. Squashkakene er gode både varme, lune og kalde!

PS! Får du ikkje squashkakene til å henge sammen, prøv å tilsette litt meir mjøl.

Så korleis servere dette her? Med ein god dip/dressing trenger du nesten ikkje noke meir! Ellers kan du sjølvsagt servere med ein frisk salat og gjerne noken potetbåter. Eller kva med pitabrød? I wraps? Her er der berre fantasien som setter grenser!

Eg har planer om å teste ut fleire varianter av squashkaker framover, ideane er allerede mange 🙂 i mellomtida: prøv desse!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 kommentarer

  1. Hei.Kan man bruke gulløk/rødløk istedenfor sjalottløk ?

    1. Jada, så absolutt 🙂

  2. Kvifor har eg aldri tenkt på dette før? Lagde squashkaker i dag med 2 raude chili.
    Lagde dipp av mager kesam, sriracha saus, kvitløk, paprikakrydder, kajennepeppar og grillkrydder.
    Var heilt supert, blir garantert gjentatt!
    Tusen takk for oppskrift og inspirasjon!

    1. Det høyres veldig godt ut 😀 Kjekt oppskrifta falt i smak hos deg!

  3. Ann Kristin

    Herlighet så gode, tusen takk for oppskrift 😀

    1. Så kjekt det smakte, Ann Kristin 😀

  4. Hei! Er disse gode etter å ha vært fryst?

    1. Hei! Veit ikkje, har ikkje testa 🙂

  5. Kjempegode! Eg brukte halloumi og soltørka tomat, kjempedigg! Takk for oppskrift 🙂

  6. Gro Nørving

    Mine ble ikke gjennomstekt… Stekte de over 30 min., men de fikk bare stekeskorpe. Noen ide om hva jeg gjorde feil?