Saftig, enkelt surdeigsbrød med havre og spelt

Dette her er definitivt mitt favoritt surdeigsbrød!

No har eg holdt på med surdeigsbaking i snart eit år, og dette er den oppskrifta eg lager oftast. Her trenger du verken å elte eller kna, du rører berre sammen ingrediensane, har deiga i to brødformer og steiker etter en del timer på kjøkkenbenken. Superenkel oppskrift som gir vellykka brød gang på gang 😀 Så, er du ein av dei som har surdeigsstarter i hus – prøv deg på dette brødet!

… For ja, dette er en oppskrift for deg med surdeigsstarter. Har du ikkje surdeigsstarter, men har lyst på det, så kan du enten lage sjølv eller få surdeigsstarter med nokon andre. Eg anbefaler å få med nokon andre. Det er heilt sikker ein eller anna i din krets som har surdeigsstarter i kjøleskapet – legg for eksempel ut en status på Facebook og spørre, så får du kanskje napp! Eg har dessverre ikkje oppskrift på suredeigsstarter, eg fekk med ein kompis for snart eit år sidan 🙂

No, over til oppskrifta! Du kan sjølvsagt bytte ut speltmjøl med kveitemjøl. Samme mengde med sikta og sammalt 🙂

Til 2 brød:

  • 400 g sikta speltmjøl 
  • 300 g sammalt speltmjøl 
  • 100 g havregryn 
  • 100 g havremjøl 
  • 100 g frø/kjerner – eg bruker sesamfrø, solsikkekjerner og linfrø 
  • 1,5 ts salt 
  • 3 ss boblande, bakeklar surdeigsstarter 
  • 1 liter lunka vatn

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein stor bakebolle og rør sammen med ein slikkepott. Fordel i to brødformer. La stå på kjøkkenbenken med plast over i 12-20 timer.

Sett steikeovnen på 250 grader, over-undervarme. Steik brøda i 10 minutter, slå ned varmen til 210 grader og steik vidare i 35-45 minutt til. Brøda skal bli godt gylne og lage en «hul» lyd når du banker lett på dei på undersida. Steik litt til uten brødformer om det trengst.

Avkjøl uten formene på rist. Brøda holder seg ferske i fleire dager (eg oppbevarer i kjøkkenhandle) og kan fint frysast 🙂

PS!  Er du nybegynner med surdeig og surdeigsstarter så kan du lese blogginnlegget mitt «Slik mater du surdeigsstarteren din for å gjere den happy, boblende og bakeklar». Der får du detaljert og god informasjonen du trenger om dette 🙂 Når du har gjort det eit par ganger så går denne prosessen av seg sjølv! Surdeigsstarteren må møtast 8-12 timer før du skal sette deiga slik at den nettopp rekker å bli bakeklar 🙂

Håper du har lyst til å prøve deg på dette brødet!
Har du ein favorittoppskrift med surdeig, del den gjerne i kommentarfeltet 🙂

God helg alle sammen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *