Alt-i-ett kyllinggryte i krema karrisaus

Alt-i-ett gryter altså! Eg har sagt det før og seier det igjen: det er så genialt 😀

Alt i samme kjelen, ingen ekstra tilbehør nødvendig, middag på maks 30 minutter. I tillegg er det lite oppvask og muligheten for variasjon er enorm – ein kan jo lage ALLE slags varianter her 🙂

I forrige veke spurte eg på instagram @lindastuhaug og Facebook-sida mi om kva type alt-i-ett gryte dåkke ville eg skulle lage, og eg fekk hundrevis av gode tips! Det setter eg kjempestor pris på, og eg skal defintivt lage mange av desse framover 🙂 Idag får du den første varianten av meg, det er ein alt-i-ett kyllinggryte i krema karrisaus. Skikkelig smakfull, massevis av grønnsaker, grov pasta og knallgod på smak. Er du glad i kylling i karri, så er denne midt i blinken for deg!

Alt-i-ett kyllinggryte i krema karrisaus, middag til ca 4 personer:

  • 650 g kyllingfilet, i biter
  • 200 g valgfri pasta, eg bruker fullkornspasta 
  • 4-5 gulrøtter, i skiver 
  • 1 brokkoli, i buketter
  • 1-2 paprika, grovhakka
  • 7 dl kyllingkraft, evt buljong/utblanda fond
  • 1 beger creme fraiche
  • Krydder: 2 ss karri, 1 ss paprika, 1 ts kvitløkskrydder, salt og pepper 
  • Smør til steiking  

PS! Ingen grunn til å følge oppskrifta slavisk. Bruk dei grønnsakene du har, og varier gryta med ingredienser du ønske!


Steik kyllingen lett og sett til side. Den trenger ikkje å vere heilt gjennomstekt…

Steik 1 ss smør med karri, paprika og kvitløkskrydder…

Ha deretter oppi kyllingkraft, creme fraiche, pasta, gulrot og paprika i panna. Kok opp med lokk og la det småkoke i 10 minutter…

Tilsett brokkoli og kylling, la småkoke i ca 5 minutter til…

Smak til med salt, pepper og eventuelt meir av dei andre kryddera. Juster med meir væske om nødvendig.

Finito! Sett gryta rett på bordet og nyt 🙂 Noke ekstra tilbehør er ikkje nødvendig, og restane smaker like godt til lunsj eller restemiddag dagen etterpå. Håpe den smake♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *